Kvardagsfilosofisk feelgood

TEATERKONSERT

STENG ATTE, STENG ATTE: Når fluene invaderer, er det godt å ha ein solid songtekst som fortel korleis du skal te deg. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

«Tønes»
Rogaland Teater, Hovudscena
Tekst og musikk av Frank «Tønes» Tønnesen
Regi: Anders Dale
Scenografi: Arne Nøst
Kostyme: Monica Öhman
Lysdesign: Trygve Andersen
Koreograf: Therese Markhus
Videodesign: Thomas Lønning
Musikarar: Renate Engevold og Alexander Flotve under leiing av kapellmeister: Anders Brunvær Hauge
Med: Kristian Arntsen, Ragnhild Tysse, Kasper Skovli Botnen og Mareike Wang

Eit sjarmerande møte med lågmælt musikalsk kvardagsfilosofi presentert av aktørar på øvste klasse.

Eg har sett mange teaterkonsertar og teaterframsyningar bygd på musikken til ein eller annan kjend og kjær artist og/eller låtskrivar. Sams for dei fleste er at regissøren ofte freistar å lage ei historie til å sy saman låtane. Men det er nok ikkje alle som kan måle seg med den amerikanske regissøren Robert Altman som greidde det umogelege då han i 1993 laga den heilaftans spelefilmen «Short cuts» basert på ni noveller av Raymond Carver, noveller utan nokon form for samanheng. Det var eit genialt unnatak. Det meste eg har sett av slike forsøk på å lage ei historie av ulike songtekstar, har stort sett vore ganske anstrengt, om ikkje totalt havari, og av pietetsomsyn overfor eit anna regionteater som annakvar jul set opp det mest mislukka og pinlege av alle desse forsøka, skal eg ikkje nemne namn.

Når Rogaland Teater nå har laga ein teaterkonsert av Frank «Tønes» Tønnesens store og openbert folkekjære songskatt, har dei gått ein annan og langt meir vellukka veg. Dei har forstått at songane, og ikkje minst dei smålåtne og kvardagsfilosofiske tekstane står på eigne bein, og i staden laga ei framsyning i tjue tablå, eitt for kvar song. Til gjengjeld har dei gjort maksimalt regimessig og dramaturgisk av kvart tablå, og slik er det også blitt ei særs vellukka oppsetjing.

Frank Tønnesen, betre kjent under artistnamnet Tønes, er frå Sokndal og fødd i 1972. Han er verdsberømt i heile Rogaland, men trass i at han har seks spelemannsnominasjonar, og vunne tre av dei, er han ikkje i same grad del av den nasjonale songskatten. Eg må vedgå at for meg var han eit ganske kvitt ark før eg las og høyrde meg opp for å vere litt meir budd på teaterkonserten på Rogaland Teater. Men møtet med han i teaterets tapping var ei openberring. Det skuldast også at teateret ikkje har tatt lett på presentasjonen. Anders Dale har regissert det heile og gjort kvar song til ei lita teateroppleving i seg sjølv, samstundes som dei er sett saman slik at det blir ei fin veksling mellom det mollstemde og det meir taktfaste. I staden for å lage ei anstrengt forteljing, har han gitt oss heile tjue ulike historier som står på eigne bein. Og med gamalsjefen, Arne Nøst, som scenograf, og med utsøkt hjelp av videodesignar Thomas Lønning, er framsyninga også blitt ei uvanleg vakker og visuell oppleving.

Dei tre musikarane, Anders Brunvær Hauge, Renate Engevold og Alexander Flotve trakterer eit utal instrument og er sjølve deltakarar på scena, kommenterer det heile musikalsk og med forsiktig spel, og tar også del i koringa. Til å framføre songane har teateret sett saman ein fin miks av folk med talent både som skodespelarar og gjøglarar, og ikkje minst som songarar. Det er komikaren Kristian Arntsen, og det er dei tre skodespelarane Kasper Skovli Botnen som er relativt fersk i på Rogaland teater, Ragnhild Tysse som har store og hardtslåande komiske talent, og Mareike Wang som har eit spesielt talent for det kjensleladde og mollstemde. I tillegg har alle solide songstemmer. Dei fire er eit energisk ensemble som ser ut til å kose seg på scena, sceneskifta er synkrone, og typane dei gir liv til gjennom songane, er til å kjenne att, og både til å le og gråte av.

Songane til Tønes er lågmælte og handlar om særs nære og kvardagslege ting. Med enkle metaforar fortel han om forhold alle vil kjenne seg att i, om det er Yatzy-spel, korleis det er å få uventa besøk rett etter arbeid, om bondens kvardag, eller ei forrykande innføring i kokekunsten. Berre for å nemne nokre. Tønes er kanskje lokal, men det han tek opp er ålment og formidla så finstemt og dyktig at eg som austlending busett i Trøndelag ikkje hadde noko problem med å kjenne meg att og kose meg med ein uvanleg god og godt framført teaterkonsert.

Leave a Reply