Å sjå eller ikkje sjå

TEATER

VATN: Når alle er blinde, og du har vandra i søppel og ekskrement i vekevis, kan regnet vere som manna frå himmelen. FOTO: GRETHE NYGAARD

«En beretning om blindhet»
Haugesund Teater, Festiviteten
Basert på en roman av José Saramago
Dramatisert av: Kristofer Grønskag
Regi: Morten Joachim
Scenografi: Signe Gerda Landfald
Kostyme: Solveig Holthe Bygdnes
Lysdesign: Eirik Brenne Torsethaugen
Med: Ane Skumsvoll, Henrik Bjelland, Rikke Westerlund Lie, Marina Popovic og Lars August Jørgensen

Ein leiken metafreistnad på å kommentere ei beretning som er langt frå humoristisk.

Den portugisiske forfattaren og nobelprisvinnaren José Saramago (1922-2010) har i fleire romanar leika seg med hypotetiske situasjonar for å vise oss korleis vi menneske eigentleg er og ter oss. I boka «En beretning om blindhet» frå 1998 let han ein smittsam epidemi heimsøke verda. Alle blir etter kvart blinde. Styresmaktene blir desperate, og vi følgjer sju av dei første offera gjennom internering, umenneskeleggjering og fornedring der humanisme, demokrati og menneskeverd blir sett på alvorlege prøver, og der menneska blir stilt overfor store eksistensielle val. Bokas konklusjon er at vi er ikkje sjåande, men blinde som ser – utan å sjå.

Morten Joachim, den nye teatersjefen på Haugesund Teater, er svolten og ambisiøs, og har på kort tid greidd å markere teateret med eit par strålande produksjonar. Nå har han gitt Kristofer Grønskag, nytilsett dramaturg, den ganske vanskelege oppgåva å dramatisere «En beretning om blindhet», og onsdag var det urpremiere med Joachim sjølv som regissør.

Saramago skriv detaljrikt om ei langsam og gradvis utvikling, men Grønskag har vald ei anna tilnærming. I staden for ei dramatisering av romanen har han laga ein slags humoristisk kommentar til innhaldet og tematikken i den, og der dei fem på scena både er kommentatorar, forteljarar og skodespelarar. Det er mange lag og mykje meta, men i hovudsak eit forsiktig regissert forteljarteater. Det er eit greitt grep, og gjer det mogeleg å presentere dette eigentleg ganske store eposet på berre halvannan time.

Men samstundes er det også ein del som går tapt. Vi får ikkje gå i djupna på dei eksistensielle vala folk må ta. Og trass i Signe Gerda Landfalds stiliserte og ganske vellukka scenografi, blir det likevel uråd å få fram driten, stanken og søppelet, og vi kjem difor aldri heilt innpå det ekstreme forfallet. For samfunnet er skjørt, og når frykt og desperasjon vinn over rasjonalitet, blir vi sjølvdestruktive. Med den litt meir leikne sceneversjonen, blir det vanskeleg å syne kor inhuman og dyrisk verda kan bli etter berre nokre veker når ikkje noko lenger fungerer.

Trass i denne innvendinga er det også mykje fascinerande ved den leikne forma. Dei fem på scena er kanskje vel høgrøysta, men hoppar saumlaust og greitt inn og ut av dei ulike rollene samstundes som dei kommenterer både seg sjølve og situasjonen, og ofte med humoristiske og treffande skråblikk. Særleg imponerer Marina Popovic med fin nyansering og mykje detaljrikdom i dei mange rollene ho akslar.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 8. februar 2020.)

One Response to “Å sjå eller ikkje sjå”

  1. […] Teaters oppsetjing i februar var ikkje heilt vellukka, mellom anna fordi ho ikkje fekk til balansen mellom forfallet og det […]

Leave a Reply