Scener frå eit fangenskap

TEATER

OMSORG?: Sjølv om det meste har gått skeis, er det likevel stundom små glimt av omsorg og empati mellom Edgar og Alice. FOTO: OLE EKKER

«Dødsdansen»
Trøndelag Teater, Studioscena
Av August Strindberg
Omsett av Kjell Askildsen
Regi: Fredrik Longva
Scenografi og kostyme: Katrin Bombe
Med: Øyvind Brandtzæg, Madeleine Brandtzæg Nilsen og Ole Christian Gullvåg

Svart, innsiktsfullt og humoristisk om eit ekteskap som har enda i gjensidig fangenskap.

Det er godt over hundre år sia August Strindberg skreiv «Dødsdansen», eit tett og intenst drama om det ekstremt dysfunksjonelle ekteparet Alice og Edgar. Sjølv om det har skjedd enormt mykje med kjønnsrollene sia den gongen, slår det meg kor forbløffande moderne Strindbergs tekst framleis er. Og i Fredrik Longvas særs vellukka regidebut på Studioscena på Trøndelag Teater, er det vanskeleg å ikkje bli gripen.

Edgar (Øyvind Brandtzæg) og Alice (Madeleine Brandtzæg Nilsen) har vore gifte i nærare 25 år. Han er ein mislukka kaptein som aldri greidde å bli major, og ho sa farvel til ei skodespelarkarriere då ho gifta seg. Dei bur på ei øy utanfor Stockholm, ungane er for lengst ute, paret er forgjelda og tenarane har forsvunne. Edgar og Alice er gått i sosial isolasjon og indre eksil, dei er blitt uforlikte med dei fleste, også seg sjølve. At dei ikkje for lengst er gått frå kvarandre, skuldast mellom anna at dei båe er blitt den andre sin fangevaktar.

Vi kjem inn i livet deira i tre dramatiske haustdøgn. I Katrin Bombes scenografi, som er eit slags ovalt podium som også kan fungere som eit langbord, kjem vi som publikum ubehageleg tett på det konfliktfylte samlivet. Samstundes fungerer scena på mange fleire plan slik at ho alt frå starten tydeleg syner avstanden mellom dei to der dei kastar vondskapsfulle replikkar til kvarandre over eit langt bord. Og scenografien understrekar også at dette heilt openbert er ei scene der det aldri er tvil om at det vi ser, er spela teater. Etter ei stund dukkar Kurt (Ole Christian Gullvåg) opp. Han er ungdomsvenn av Edgar og fetteren til Alice, og blir skulda for i si tid å ha ført dei to saman. Kurt har budd i Amerika det meste av tida, og jamvel om han ganske naiv og inkjeanande ramlar rett inn i ekteskapsdramaet, syner det seg etter kvart at også han har mykje løynd bagasje.

Fredrik Longva har vald eit etter kvart ganske fysisk spel som understrekar konfliktane og gjer det både meir ubehageleg og vondare for oss i salen, særleg fordi vi kjem så tett på. Frå ein start med ekteskapleg utveksling av vondsinna invektiv og særs spydige kommentarar, byggjer han opp dramaturgien lag for lag, samstundes som han like lagvis avdekkjer historia til dei tre. I eit nesten to timar langt kammerdrama der teksten er det viktigaste, kan det fort bli vanskeleg å halde oppe intensitet og dramaturgisk stigning. Men her fører Longva inn eit knippe særs effektive brot som dreg oss ut av ein eventuell illusjon og minner oss på at dette er teater. Og brota blir også elegante og litt humoristiske metagrep som når Alice grip mikrofonen og ber tenaren om meir ljos, og det like gjerne kunne ha vore ei melding til inspisienten.

Sjølv om «Dødsdansen» er eit djupdykk i menneskesinnet, og ein slags konkurranse i kven som kan vere mest spydig og sårande, er dramaet likevel fullt av underliggjande humor som både regissør og aktørar har tatt godt vare på. Her er galgenhumor så det held, og trass i at dette er ganske avstumpa menneske, er sjølvinnsikta tidvis forbausande god. Som når Edgar fortel at han eigentleg ikkje har hatt anna enn uvenner heile sitt liv.

Dei tre på scena leverer eit intenst og ganske fysisk kammerspel av høg klasse. Det er ei ordrik framsyning der Strindbergs gode og innsiktsfulle tekst får kome til full rett. Aktørane tek seg tidvis lange pausar som fungerer understrekande på det som blir sagt, og som gjer det endå meir ubehageleg for oss i salen. Øyvind Brandtzæg er overtydande i det som etter kvart syner seg som den svært mangefasetterte Edgar der han vekslar mellom arrogant dritsekk, ynkeleg dødssjuk og nesten elegant humorist. Ole Christian Gullvåg er gjesten Kurt som utløyser det meste og som er fullstendig ubudd på kva han ramlar opp i. Avdempa og truverdig får han fram dei to sidene som katalysator for dei verste konfliktane og samstundes å bli ein ufriviljug deltakar i dramaet. Madeleine B. Nilsen har spela i mykje fri- og bakgardsteater, og gjort solide rolletolkingar i fleire år. Men dette er første gongen ho får ei hovudrolle på eit institusjonsteater. Og det gjer ho med glans. Med små fakter, imponerande nyanserikdom og eit rikt register får ho fram eit vell av ulike sider ved Alice. «Dødsdansen» er i Fredrik Longvas gode regi blitt ei innsiktsfull og velspela oppsetjing, eit intenst og fengslande drama.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 4. november 2019.)

Leave a Reply