For mange forteljingar

TEATER

NÆRT: I sorga finn Tara etter kvart ein fortruleg venn i Ferdinand. FOTO: ARILD MOEN/TINGH

«Habitat»
Teatret Vårt, Ålesund
Av: Fredrik Longva
Regi: Fredrik Longva
Scenografi og kostyme: Erika Sjödin
Lysdesign: Jonas P A Fuglseth
Musikk: Vera Krohn Svaleng
Med: Catharina Vu, Preben Lillebø Rongve, Amalie Sofie Ibsen Jensen, Benedikte Sandberg og Lars Halvor Andreassen

Ei framsyning med mange gode idear, men som freistar å femne for vidt.

Det er tidleg haust, skulen har starta opp att, men i løpet av sommaren har tenåringsjenta Angeline forsvunne. Nå blir ho funne. Ho har drukna i ei elv. I sorga etter bestevenninna si flyttar Tara (Catharina Vu) ut i skogen, i det ho kallar Habitatet. Der bur ho for å finne ut av seg sjølv og kome vekk. Den roa får ho ikkje, for her kjem etter kvart heile skulen, personifisert ved fire av elevane. Det er den sjølvopptekne og poserande elevrådsleiaren Nadia B (Benedikte Sandberg) og den litt naive følgjaren hennar, Nadia H (Amalie Sofie Ibsen Jensen). Og så er det Ferdinand som etter kvart blir Taras einaste fortrulege (Preben Lillebø Rongve), og Michelangelo (Lars Halvor Andreassen) som er Angelines tvillingbror.

Den unge regissøren og dramatikaren Fredrik Longva regidebuterte med «Dødsdansen» på Trøndelag Teater i 2019. Framsyninga fekk ei rekkje Heddanominasjonar, mellom anna for beste regi. I haust var han attende på same teater med regien på «Fruen fra havet», ei leiken framsyning som ville litt for mykje. Nå debuterer han som dramatikar, og har også sjølv regien. «Habitat» er ein tekst som burde appellere til ungdomen for her er referansar til mykje problemstoff for denne aldersgruppa. Det er venskap, utanforskap, homsekjærleik, omsorgssvikt eller mogelege overgrep, sjølvopptekne leiartypar og influensarar, forbrukssamfunn og miljøvern, og meir til for den som leitar. Det er ein tekst med haugevis av tilløp, mykje symbolikk og eit utal gode idear, men som vil alt for mykje. Slik missar innhaldet tydeleg retning, og mange av tema Longva tek opp, blir berre vage indikasjonar han aldri får følgd opp og gjort meir ut av.

På den relativt vesle scena i Arbeideren i Ålesund sit publikum på tre sider av det som i Erika Sjödins ganske talande scenografi illuderer ein skog. Mørke plastremser og fin bruk av lys skapar rette scener og situasjonar. Her har Tara busett seg. Og hit kjem velmeinande elevar for å gi Tara den hjelpa ho ikkje vil ha. Det er ikkje så vanskeleg å identifisere seg med og kjenne att sorga i den litt stillfarne tolkinga Catharina Vu gir av Tara. Og i samspelet med den fortrulege Ferdinand (Preben Lillebø Rongve) er det fleire finstemte scener. Men i hovudsak blir det for mykje skjemmande overspel for å få fram tydelege roller i det som er ei alt for utydeleg forteljing. Når aktørane ofte spelar med ryggen til publikum, blir også manglande diksjon eit stort problem.

Fredrik Longvas tekst grip rett inn i kvardagen til ungdomen, og det skal han ha honnør for. Men på vegen frå manus til teater blir mykje uklårt. I staden for å gi oss meir innsikt i kva som gjorde at Angeline drukna, blir det berre mange lause hint.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 2. februar 2021.)

Leave a Reply