Den alvorsame leiken

TEATER

LEIK: Gjøgling, magi og akrobatikk er viktige ingrediensar for å få traumatiserte ungar til å bli med i leiken. FOTO: ESPEN STORHAUG

«Lek for livet»
Turnéteatret i Trøndelag i samarbeid med Teater Ibsen og The Flying Seagull Project
Av Aslak Moe og The Flying Seagull Project
Regi: Aslak Moe
Scenografi: Mari Hesjedal
Lysdesign: Simen Høy Aasheim
Film: Megaphone Films Ltd
Med: Ash Perrin, Bendik S. Nordgaard, Bobby Beaumont, Antigoni Papathanasiou og Emma Puddy

Om retten til ein barndom fylt av leik, latter og kjærleik.

Over heile verda er folk på desperat flukt frå krig, naud, og ulike former for undertrykking. I institusjonar og overfylte leirar, og under dei mest forferdelege tilhøve bur for tida hundretusenvis av menneske. Dei aller største taparane er ungane. I deira kvardag er det ikkje mykje rom for leik eller optimisme. I 2007 fann Ash Perrin at han ville gjere noko med det, og med inspirasjon frå Richard Bachs roman «Jonathan Livingston Seagull» («Måken Jonathan»), og med visjonen om at alle eigentleg kan fly, skipa han «The Flying Seagull Project». Saman med skodespelarar, klovnar, tryllekunstnarar, musikarar og akrobatar, og i fargerike kostyme og store hattar, har han greidd å få innpass i flyktningeleirar og barneheimar over heile verda. Oppgåva er å få ungar til å leike, snakke, danse, synge og le. Finansiert i hovudsak av friviljuge donasjonar, har prosjektet på få år blitt verdsomfemnande, og resultata har vore formidable.

Saman med regissør Aslak Moe har Ash Perrin, norske Bendik S. Nordgaard og tre andre frå The Flying Seagulls laga ei teaterframsyning som hadde urpremiere i Verdal denne veka. Det er blitt ei både rørande og tankevekkjande oppsetjing. Aslak Moe har gjennom ei rekkje produksjonar dei siste åra vist seg som ein svært dyktig regissør for dokumentar- og forteljarteater. Eit særmerke er at han har stor lojalitet til og forståing for historiene som blir fortalde, og til dei som fortel. Slik også her. For dette er ei ganske mangesidig framsyning. Ho rullar ut historia om The Flying Seagulls og syner døme på kva dei held på med, samstundes som det er eit metateater som er nådelaust ærleg på kva for utfordringar og problem eit slikt prosjekt medfører. For dei er også mange og ikkje alltid etisk like enkle.

Dei opnar i beste klovne- og gjøglestil med å varme opp publikum, og vi blir villig med på scena. Det kunne fort ha blitt kleint, men energien og spelegleda deira er så smittande at hemningane våre fort forsvinn. Vi dansar, ropar, syng, men ikkje minst opnar vi opp, og det er skapt eit fortruleg lite fellesskap.

Så roar det seg, vi set oss og får historia om korleis prosjektet blei til og fortellingar om metodane gruppa nyttar. Når du skal få ein fullstendig taus sjuåring med eit sekstiårig ytre til å opne seg, trengst det kløkt. Mantraet er gjøgling, leik, magi og akrobatikk, og berre få og enkle ord. I staden for å fortelje kva dei gjer, syner dei oss det. Og før vi veit ordet av det, blir vi nok ein gong dregne ut på scena, mellom anna for å lære symbolikken i ein sirkel. Når gruppa kjem til ein flyktningeleir, kastar dei ut eit reip som dannar ein sirkel, ei form utan start og slutt og der du symbolsk nok er anten inni eller utanfor.

Etter berre to visningar denne veka er aktørane nå attende i felten der dei trengst mest. Så blir det turnering i Trøndelag i februar og ved Teater Ibsen i Skien i mars. «Lek for livet» var ei ganske annleis teateroppleving, og etter dette må eg vedgå at mykje av den øvrige dramatikken eg ser nok kan verke ganske uvesentleg.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 5. oktober 2019.)

Leave a Reply