Dissekering av språket

TEATER

STEINANDLET: Med gravalvorleg humor tek James Long oss med på ein heilt uvanleg tekstanalyse. FOTO: MATT REZNEK

«Footnote number 12»
Rosendal Teater, sal 3
Av Spreafico Eckly & Theatre Replacement
Konsept og originaltekst: James Long og Andrea Spreafico
Regi: Andrea Spreafico
Lyddesign og live modulering: Nancy Tam
Scenografi: Philippe von Hase
Lysdesign: Itai Erdal
Med: James Long

Ei gåvepakke til alle som er glad i litteratur og opptekne av rikdomen i språket.

Det er BASTARD internasjonal scenekunstfestival på Rosendal Teater i Trondheim, og opningsframsyninga var ikkje mindre enn ein verdspremiere på ei oppsetjing som gjekk utanpå svært mykje av det eg har sett av teater. Ei relativt upretensiøs lita framsyning laga som eit slags forteljarteater der den som er opptatt av litteratur, krafta i orda og rikdomen i språket fekk ei oppsetjing der ein på lågmælt vis greidde å seie mykje vesentleg både om ørsmå detaljar og slik også om forståinga av vår eiga samtid.

På kvar stol ligg det ei lita essaysamling av den amerikanske forfattaren David Foster Wallace (1962 – 2008). På førehand er vi bedne om å ta med lesebriller for å lese frå ei lita bok, og medan vi ventar på at framsyninga skal ta til, blar vi litt og les omtalane av Wallace, og forstår raskt at opningsessayet «Federer as Religious Experience» er ikonisk. Så entrar forteljaren (James Long) scena, kledd som ein gardbrukar frå midt-vesten med ein cap om lag tilsvarande våre Felleskjøps-caps. På eit litt naivistisk vis tek han til å fortelje om kva som skal skje. Sjølv fekk eg ganske raskt assosiasjonar til Dag Solstads litt omstendelege forteljarstil, noko som skulle syne seg å bli forsterka gjennom framsyninga. Med mygg der røysta hans blei modulert, vrengt og vridd på slik at han framstod med stadig ulik stemme, fortalde han med mollstemd og relativt monotont toneleie at dette kunne bli morosamt, men ikkje le, – at det kunne kome til å bli både sofistikert og teatralsk og meir til, og alltid med eit høve til å bli det motsette. Innleiinga baud på ei lang rekkje med motseiingar der han fortalde at historia kunne bli slik og slik, men også sånn og sånn, som om han ville ta alle atterhald det var mogeleg å ta. Og som hjå Solstad var teksten grunnleggjande humoristisk utan å freiste å vere det.

Så kjem han etter kvart til poenget, at dette skal handle om Federer. For dei som ikkje veit det, er den sveitsisk fødde Roger Federer ein av verdas største tennisstjerner. I 2006 spela han ein ikonisk Wimbledonfinale mot den like høgt meritterte spanske Rafael Nadal. Om dette meistermøtet som i idretten berre blir toppa av «The Rumble in the Jungle» då Mohammad Ali i 1974 møtte George Foreman i Kinshasa, har altså forfattaren David Foster Wallace skrive eit essay for The New York Times, og det er dette essayet, – både formuleringsmåten og innhaldet i det, denne framsyninga etter kvart skal handle om. Essayet «Federer as Religious Experience» ligg ope tilgjengeleg på nett, og nok ein gong må eg innom Dag Solstad. Sportsjournalistikk er tradisjonelt lågpanna, panegyrisk og språkleg temmeleg flate greier. Då Dag Solstad (saman med kollega Jon Michelet) tok til å følgje VM i fotball og skreiv bøker om meisterskapen, synte dei at sportsjournalistikken kan vere litterær, og at omtale av idrett, kan være på line med dei beste kunstkritikkane og følgje tilsvarande kriterium. Slik var det også med essayet Wallace skreiv om Federer. Det er ei lesaroppleving og kan også lesast som eit stykke litteratur uakta kor lite du måtte interessere deg for tennis. I opninga skriv han at menns kjærleik til sport må bli sett i lys av krigens symbolikk der han så legg fram dei motseiingane frå krigens arena som samstundes gjer idretten fascinerande. I den vidare teksten byggjer han mykje på slike motseiingar, og korleis ulike fenomen forheld seg til kvarandre. Essayet har i tillegg heile 17 fotnotar, ganske uvanleg for eit sportsreferat, og for den som ennå ikkje meiner at denne meldaren er litt for oppteken av Solstad, så er her nok ein parallell. Fotnotane skal vi kome attende til.

Men det er oppsetjinga «Footnote number 12» og ikkje essayet dette skal handle om, sjølv om framsyninga handlar om nettopp essayet, og er ein leiken parafrase over det. Tilbake på ei relativt nake scene med eit bord og nokre stolar, fortel James Long, framleis på eit omstendeleg og naivistisk vis om det som skjedde denne julidagen i 2006, og om essayet. Stadig vrir og vrenger han på det han seier, stoppar, tek atterhald, syner ulike tolkingar av same ord, og er spesielt oppteken av nokre ord som «spouse», «lot» og «first man». Små og ganske trivielle ord med tolkingshøve så det gjeld når ein berre tar til å analysere. Så får Long oss til å bla opp i essayet, lese små avsnitt, og freiste å reflektere over ordval og innhald. Og gjennom desse stundom litt overdrivne analysane syner han oss at språk både kan vere artig, vanskeleg, og ikkje minst heilt ope for ulike tolkingar. Som ein Elias Rukla som med eitt får ei openberring når det gjeld tolkinga av «Vildanden», tek Long oss med til fotnote nummer 12 hjå Wallace. Fotnoten dreier seg om den ekstreme topp-spinnen som er kjennemerket for dei beste tennisspelarane i dag. Wallace har ein språkleg kommentar til korleis ein kan tolke Wimbledon-skilta om dette, og der han konkluderer med at britisk grammatikk er ikkje heilt til å stole på. Denne fotnoten dissekerer Long på fleire ulike vis, syner oss at meininga blir heilt forskjellig avhengig av kommasetjing og kva for ord ein legg vekt på. Grundig, seriøst og nettopp difor særs humoristisk, utan på noko tidspunkt å freiste å vere artig, viser han kor mange tolkingar og løyndomar det kan liggje i ein tilsynelatande enkel fotnote.

Undervegs les han frå små manusark, og som eit effektivt brot med det litt kvasiseriøse, men framleis med same steinandlet, rullar han arka til ballar som han så kastar på stikka med. Og så får han oss til å syngje heilt umogeleg allsong, før lyddesignaren etter litt verbal trakassering svara med støysending for så å entre scena og syngje slik det skal syngjast.

I vaskesetelen til framsyninga står det at ho handlar om korleis ein kan forsone ein tretten år gamal tekst med samtidas konfliktfylte tilstand. Kanskje har eg mistolka heilt. Eller kanskje er det her som med teksten til Wallace og kommentaren i oppsetjinga at tolking kan vere så mangt, men det var ikkje ei slik forsoning eg opplevde som det openberre bodskapet. I staden opplevde eg ein intelligent, lågmælt og intellektuell leik med språket og mangfaldet i orda, faktisk i kvart einaste eitt av dei. For den som er glad i språk, og som likar å leike med ord, var denne produksjonen ei gåve.

Framsyninga er co-produsert av BIT Teatergarasjen, Rosendal Teater og Carte Blanche, og seinare i haust vil det bli høve til å sjå den i Bergen.

One Response to “Dissekering av språket”

  1. […] Velkomen til teaterbloggen min. Har du synspunkt eller kommentarar, er e-postadressa mi amund@amund.info « Dissekering av språket […]

Leave a Reply