Den ufullkomne kjærleiken

TEATER

FJERN OG NÆR: Den fysiske avstanden til glashuset kombinert med dei nærgåande videoprojeksjonane gir oss både ein distanse og ein utleverande nærleik til handlinga. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

«Scener fra et ekteskap»
Rogaland Teater, Hovudscena
Av Ingmar Bergman
Omsett og tilarbeidd av Arne Lygre
Regi: Kjersti Horn
Scenografi og kostyme: Sven Haraldsson
Komponist og lyddesign: Erik Hedin
Lysdesign: Trygve Andersen
Med: Nina Ellen Ødegård og Anders Dale

Eit lågmælt og særs velspela kammerdrama om den vanskeleg kjærleiken.

Då Ingmar Bergman i 1973 lagde TV-serien «Scener fra et ekteskap» i seks timelange episodar med Erland Josephson og Liv Ullmann i hovudrollene, trefte han ein nerve og ei attkjenning hjå publikum over heile verda. Mykje har skjedd sia 1973, så Rogaland Teater har fått Arne Lygre til både å omsetje og å tilarbeide teksten til dagens forhold. Det har vore eit godt val, og i Kjersti Horns detaljrike regi, og ikkje minst med formidabelt spel av dei to på scena, er dette blitt ei sjeldan intens, varm og innsiktsfull framsyning om den vanskelege kjærleiken.

I denne versjonen får vi berre møte ekteparet Johan (Anders Dale) og Marianne (Nina Ellen Ødegård). Dei to døtrene deira, vennene som i TV-serien utløyser mykje av det som skjer, og kjærester og seinare ektemakar blir berre omtala. All konsentrasjon er om dei to, og ein kombinasjon av dette regivalet og viktige scenografiske grep, gjer at vi i denne oppsetjinga kjem så tett på dette ekteparet som det vel er mogeleg.

Scenografien til Sven Haraldsson er eit glashus, eller bur om du vil, på berre rundt 20 m², plassert litt tilbaketrekt på scena. Her finn vi heile husveret til Johan og Marianne: kjøkken, seng, spisebord og salong. To kameramenn følgjer alt som skjer, og dette blir projisert på bakveggen. Den fysiske avstanden til glashuset kombinert med dei nærgåande videoprojeksjonane gir oss både ein distanse og ein utleverande nærleik til handlinga. Det vesle og tette, men likevel transparente glashuset gir på eine sida inntrykk av intimitet og varme, samstundes som det også understrekar tosemda, det innestengde og klaustrofobiske i forholdet.

Johan og Marianne har vore gift i ti år, har to døtrer, og eit tilsynelatande lykkeleg og velfungerande ekteskap. Det er alle dei andre som har problem, dei to er unnataket som stadfestar regelen, meiner dei. Men medan publikum finn plassane sine, ser vi Johan liggje på senga og fikle med mobilen, medan Marianne ryddar og støvsugar, og vi anar at bak den rolege og fortrulege samtalen i eit ekteskap som for lengst er blitt ein vane, ulmar eitt eller anna. Og sakte, utan å forhaste seg, rullar Kjersti Horn ut den relativt trivielle historia om dei to der vi gjennom eit titals tablå følgjer dei i sju år med utruskap, skilsmål og ei slags forsoning.

Dette er sakte-teater, formidla særs lågmælt og med gode pausar. Og nettopp derfor, og fordi Dale og Ødegård leverer så solide rolletolkingar, får Horn fram eit vell av små detaljar til å kjenne seg att i og stundom til å le av. I eit opprivande skilsmål kunne det vere freistande å nytte både geberdar og store ord, men ved å gjere alt så lågmælt greier Horn på eine sida å halde merksemda om dei inste kjenslene til dei to, og samstundes gi rom for at dei særs få utblåsingane som faktisk kjem, blir desto sterkare.

Arne Lygre har skore teksten ned frå seks til dryge to og ein halv time, men vel så viktig er tilarbeidinga hans og det lette og munnlege språket han har skapt. Alt verkar så ekte, tilforlateleg og truverdig. Ei så lang oppsetjing utan pause, og med berre dialogen mellom to personar som berande element, set store krav både til publikum og aktørane. Men det detalj- og nyanserike spelet til Nina Ellen Ødegård og Anders Dale gjer at dette aldri blir keisamt. Vi følgjer dei små, nærast umerkelege endringane deira, der ho i starten framstår både som oppofrande og delvis sjølvutslettande, medan han er meir laissez faire og situasjonens herre. Og medan forholdet litt etter litt går i oppløysing ser vi ein like gradvis metamorfose der ho kjempar seg fram til å ta ansvar for eige liv medan han står fram som meir umoden og vankelmodig. På same tid som det er oppbrot, sjalusi, aggresjon og raseri, er det heile tida også umogeleg å kome unna dei kjenslene for kvarandre som eit langt samliv har skapt. Å få fram alle nyansane i denne kjenslerikdommen krev gode skodespelarar. Dale og Ødegård meistrar det til fulle, og vel så det, og det gjer at denne framsyninga snakkar til dei fleste av oss. Kjærleiken er vanskeleg, og her er inga trøyst, og heller inga løysing, berre særs godt teater.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 6. mai 2019.)

One Response to “Den ufullkomne kjærleiken”

  1. […] «SCENER FRA ET EKTESKAP» Rogaland Teater Regi: Kjersti Horn […]

Leave a Reply