Eit audiovisuelt kunstverk

TEATER

INTERGALAKTISK: Ei reise blant planetar og maneter, ei vakker reise både i rom og fantasi. FOTO: HANNA FAUSKE

«Maneter og planeter»
Lokstallen, Stjørdal
Av Fabularium Produksjoner
Idé, konsept og regi: Lene Helland Rønningen
Scenografi og lysdesign: Eirik Brenne Torsethaugen
Videoscenografi: Andreas Schille
Kostyme: Berit Haltvik With
Komponistar og musikkproduksjon: Maria Kannegaard og Siri Gjære
Song: Bjørn Tore Grøntvedt
Med: Sindre Karlsholm og Siri Schnell Juvik

Ei reise meir i fantasien enn i rommet, og gjort magisk av eit uvanleg vakkert samspel mellom scenografi, video, lys og musikk.

Jon og Rosetta er som barn flest, undrande og fulle av spørsmål. Jon (Sindre Karlsholm) er fantasten medan Rosetta (Siri Schnell Juvik) er meir nøktern og har openbert lese si hakkespettbok. Framsyninga «Maneter og planeter» tar til med at Jon undrar seg over dei store spørsmåla, slik vi alle har gjort, og framleis i større grad bør gjere. Han vender seg til det unge publikummet, får dei i tale og etablerer raskt eit tillitsforhold der han på ledig vis greier å spinne vidare på responsen og svara frå dei unge som i stor grad difor kjenner seg som deltakarar like mykje som publikum.

Så kjem Rosetta inn med eit brev ho har funne, og som tippoldefaren skreiv i 1854 om at jorda, eller nærare bestemt Stjørdal, etter hans utrekningar ville bli råka av ein komet om 165 år. Og ja, du rekna rett. Det er nå, og før vi rekk så mykje anna, kjem kometen susande, og dei snarrådige ungane hoppar på og blir med på ei reise ut i rommet. Første stopp er månen, der mannen i månen fortel at jorda vil gå under ettersom det er ein sprekk i verdshava som gjer at vatnet vil forsvinne. Han kan og fortelje om «den evige manet» som bur i manetgalaksen bortom det svarte hòlet, og der finst det remediar for å berge verdshava. På reisa gjennom rommet strør dei to, og kanskje særleg den snusfornuftige Rosetta, om seg med vitskapleg og astronomisk terminologi i eit omfang og ein samanheng som ikkje står heilt til truande for å seie det forsiktig, og som eg vil håpe dei unge i salen har gløymt lenge før dei om nokre år skal lære om fysikkens lover. Men gløym det, for dette er ikkje populærvitskap, men ei blanding av ei klassisk detektivhistorie der dei unge reddar kloden, og ei fabuleringsreise der det er fantasien og ikkje fakta som får rå.

Sjølve historia er eigentleg ganske tunn, og plottet gamalt og velbrukt. Det som gjer at denne framsyninga hevar seg over dei fleste av tilsvarande historier, er at ho er så kompleks og komplett. Sjeldan ser ein eit tettare og meir vellukka samarbeid mellom regi, scenografi, lysdesign, videoprojeksjonar, kostyme og rekvisittar, og for ikkje å gløyme lyd, musikk og song. På dette, eller snarare desse områda, er denne produksjonen eit lite multimedialt kunstverk som syner at det på små, unnselege scener, og med relativt enkle (?) middel går an å skape audiovisuelle uttrykk av verkeleg høg kvalitet. Scenograf og lysdesignar Eirik Brenne Torsethaugen har saman med videodesignar Andres Schille skapt eit rom for fantasien der ein saumlaust skiftar frå makro- til mikrokosmos, frå Stjørdal til månen, det ytre rom og havets botn, alt med eit nesten pulserande firmament som bakteppe. Så har Maria Kannegaard og Siri Gjære skrive musikk som er langt meir enn vanlege lydkulisser, og som er så melodiøs, at Bjørn Tore Grøntvedts song blir balsam i øyra. Fantasifulle, men enkle rekvisittar, og eit truverdig spel frå Sindre Karlsholm og Siri Schnell Juvik der dei er flinke til å spele på og med dei unge i salen, gjorde dette til ei uvanleg vakker og fabulerande reise i fantasien.

Framsyninga blir vist på Lokstallen i Stjørdal 25. og 26. mai, og på Ringve i Trondheim 1. og 2. juni.

One Response to “Eit audiovisuelt kunstverk”

  1. […] alt i 2014, men sjølv har eg berre sett ei av framsyningane deira til nå. Til gjengjeld var den («Maneter og planeter») overraskande bra, eit lite audiovisuelt kunstverk, og ei reise i fantasien. Så forventningane var […]

Leave a Reply