Fordomsfull feiring

TEATER

SANSELEG: Finale i ein vakker haustkveld med song, musikk og dans i ei magisk eining på ein merd der berre nordlyset mangla. FOTO: GISLE BJØRNBY

«Sykle i snøstorm»
Hålogaland Teater
Idé og konsept: Inger Buresund og Yngvar Julin
Dramatikar: Liv Heløe
Regi: Petter Næss
Regi/koreografi: Un-Magritt Nordseth
Scenografi: Yngvar Julin og Ane Elene Johansen
Kostyme: Ann-Jorunn Pedersen
Komponist og musikalsk leiar: Johan Sara Jr.
Med: Kristian Fr. Figenschow, Jørn Fuller-Gee, Guri Johnson, Ketil Høegh, Kristine Cornelie Margrete Hartgen, Marita Isobel Solberg m.fl.

Ei sprikande framsyning som ikkje yter Universitetet i Tromsø særleg rettferd.

Det er femti år sia Universitetet i Tromsø blei skipa, og det er sjølvsagt vel verd ei feiring. I 1968 var det berre universitet i Oslo og Bergen, så då statsråd Kjell Bondevik i 1967 gjorde framlegg om å opprette eit medisinsk fakultet i Tromsø, var motstanden ganske massiv og i stor grad prega av storby- og elitetenking. Hålogaland Teater, som blei oppretta nokre få år seinare, og som slik sett har utvikla seg parallelt med universitetet i byen, har nå sett seg føre å lage ei teateroppsetjing som kan markere jubileet og kva universitetet har hatt å seie for landsdelen. Det er ein god tanke, men resultatet er diverre ei sprikande og ganske fordomsfull framsyning som aldri greier å bestemme seg for kva ho vil.

Opningsscena er lovande. Vi blir vitne til historia om skipinga, politisk disputt og tautrekking, men alt her syner framsyninga det som blir hennar største problem. Alt skal vere så morosamt. Presentasjonen blir parodisk i staden for å vere opplysande. Og verre blir det når vi blir delte i grupper og tatt med til ulike bakscener og prøvesalar. Ein stad fekk vi ei innføring i kampen mot oppdemminga av Alta/Kautokeino-vassdraget og mot gruvedeponiet i Repparfjorden. Men både politikarane, utbyggjarane og ekspertisen blei, i eit forsøk på å vere morosam, framstilte så outrerte at bodskapet drukna.

Betre blei det ikkje i ein bar der det blei gjort uhøgtidelege undersøkingar på kor mange i salen som var frå akademia, hadde doktorgrad, var skilte, og hadde opplevd ønska seksuell merksemd på arbeidsplassen. Dette kunne kanskje ha vore artig om det hadde vore ein del av eit heile, men i staden leverte teateret stereotypiar og fordummande fordommar mot universitetet og dei tilsette der. Eg vil tru at gjennom femti år må det ha kome framståande forsking eller anna som er verd å nemne frå fakulteta i Breivika, men slikt høyrde vi lite til.

Oppsetjinga er ei svær satsing der teateret tek i bruk heile huset, og i tillegg nyttar folk frå «Lille HT», samt ei rekkje særs dyktige musikarar, songarar og dansarar. Avslutningsscena var ei mektig oppleving i skarp kontrast med alt det vi tidlegare hadde fått servert. På ein merd i sjøen rett utom teateret stod vi i ein mørk haustkveld i ring rundt ei flytebryggje der vi fekk oppleve musikk, song og særs flott dans som gjekk opp i ei magisk eining. Det var sanseleg og vakkert, men greidde ikkje berge inntrykket av ei temmeleg mislukka storsatsing.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 22. september 2018.)

Leave a Reply