Viktige og vågale verdival

TEATER

SKEPTISK: Når det er krig skal ein vere skeptisk til det meste. Slik det første møtet var mellom Ludvik og Irene og Anne-Ruth. FOTO: KNUT RØNNING

«Operasjon Oleander – Flukten»
Foreningen Operasjon Oleander, Ner-Killingberg, Leksvik
Av Marte Hallem
Regi: Espen Løvås
Musikk: Knut Ola Vang
Kostyme: Bjørg Grønflaten
Lysdesign: Trond Walleraunet
Med: Pål Hasselvold, Mathias Melsæter Rydjord, Line Heie Hallem, Helga Haga, Barbro Hølaas Vang, Terje Aunan, Petter Harald Kimo og mange fleire.

Ei gripande historie om vår særs nære fortid og om heilt vanlege menneske som tok viktige og avgjerande verdival med fare for eige liv.

Dei fleste historiske spela dreier seg om ganske fjern fortid slik som saga- og vikingtid, eller i alle fall historier frå eit par hundre år attende. I Leksvik på Fosen har dei tatt tak i så nære hendingar som siste verdskrigen, og det er ganske dristig, for her er det framleis tidsvitne i live, folk med eigne eigarskap til historia. Då skal du trø litt meir varsamt som forfattar. Og i staden for å produsere eit spel som kan rullast ut kvart år som eit historisk ritual, har dei vald å lage ein trilogi som skal presenterast over tre år. Dette er vågale val som fort kunne ha enda med havari, men å vere dristig er i høgste grad i tråd med tematikken i historia, om dei langt meir modige vala store delar av lokalbefolkninga i Leksvik og på Fosen tok for berre 75 år sia. Urpremieren på «Flukten» del 1 av trilogien «Operasjon Oleander» laurdag blei ei uvanleg sterk oppleving med rundt hundre pårørande og etterkomarar av dei involverte til stades, toppa av to av dei personane det heile dreia seg om, personar som kan takke ein handfull leksværingar for at dei framleis er i live.

På forsommaren 1944 sette den tyske okkupasjonsmakta med god hjelp av Rinnanbanden og andre kollaboratørar inn ein av dei største aksjonane mot norsk sivilbefolkning under krigen i det dei kalla «Operasjon Oleander». Målet var å rulle opp og arrestere motstandsfolk på Fosen i Trøndelag. Truleg blei meir enn hundre arresterte, og to døydde etter grov tortur. Årsaka til denne uvanleg omfattande aksjonen, var at Fosen i lang tid hadde vore eit viktig område for motstandsarbeid, og ikkje minst for å lose norske jødar og rømte krigsfangar trygt over til Sverige. Denne historia er det som det ferske produksjonsselskapet Foreningen Operasjon Oleander gjennom leiaren og eldsjela Barbro Hølaas Vang har sett seg føre å dokumentere og dramatisere, og nå som tidsvitna er i ferd med å døy ut, er det avgjerande å skape nye arenaer for å ta vare på den viktige historia. Ikkje minst med det bakteppet av migrasjon og folk på flukt som vi opplever i dag. Forfattar og dramatikar Marte Hallem blei kontakta for to år sia, og har skrive ein trilogi om «Operasjon Oleander» og bakgrunnen for han. Første bolken heiter «Flukten» og tar oss attende til tida rundt unntakstilstanden i Trøndelag i oktober 1942 og jødedeportasjonane i månaden etterpå.

Vi blir tatt med til garden Ner-Killingberg i Leksvik som i dag er eit freda gardsmuseum, som har eit naturleg og idyllisk amfi for å spele teater, og som heller ikkje ligg så veldig langt frå garden Moan der det meste av den verkelege handlinga fann stad. Her møter vi sjølvfolket Gunnar og Marta, syskena Jon, Johan og Kristoffer Moan samt svogeren Ludvik Kruksve og syster hans Borghild. På Moan har Sara Bodd (Barbro Hølaas Vang) og ungane hennar, Sonja, Arne og Judith alt vore i skjul ei tid ettersom forholda i Trondheim var utrygge. Hit kjem også Irene Klein (Line Heie Hallem) og den vesle dottera hennar, Anne-Ruth. Med Jon Moan (Pål Hasselvold) som ein slags forteljar, får vi innblikk i situasjonen hausten 1942, og det heile opnar relativt fredeleg med dagleglivet på ein gard. Sjølv i krig er det kvardagar, og ungar vil alltid synge og leike. Det er fine, varme og truverdige miljøskildringar, men heile tida med eit bakteppe av alvor, og ikkje minst dei eksistensielle vala dei vaksne er nøydde å ta. Ludvik Kruksve (Mathias Melsæter Rydjord) var med i kampane i Narvik i 1940, og er skeptisk til meir deltaking. Og syster hans, Borghild (Helga Haga) er tenestejente på Moan, forelska i Jon, og vil ikkje at kjærasten skal utsetjast for den faren det er å setje seg opp mot okkupasjonsmakta. «Med fare for eige liv hjelpte dei flyktningar i skjul», seier vi ofte, nesten som eit munnhell. Men det er viktig å hugse det verkelege innhaldet i omgrepet «med fare for eige liv». Under krigen var det dødsstraff, og han blei også handheva, for å hjelpe jødar. Det var difor ikkje spesielt enkle val desse heilt vanlege menneska bala med, og regissør Espen Løvås har lagt stor vekt på dei kvalane desse folka gjekk gjennom slik at dei er blitt truverdig og godt skildra.

Dagleglivet på Moan går sin vante gang, trass i krigen rett utom stovedøra, men etter kvart som rykta om massearrestasjonar av jødar, transportskipet Donau og deportasjonar til det som framleis var uvisst, forstod dei at heller ikkje Moan og Leksvik var nokon trygg plass. Ein måtte få dei to jødefamiliane anten til England eller Sverige, og helst så raskt som råd. Sjøvegen blei forkasta, og då gjenstod Sverige. I nærast grenselaus naivitet hadde Boddfamilien reist attende til Trondheim, men blei med hjelp av leksværingane i det som nærast var ein lynaksjon raskt losa vidare i ein dramatisk flukt med bil til Haltdalen og på ski vidare over til Sverige. Dette skjedde i slutten av november 1942.

FLAT LÆRINGSKURVE: Når ein aldri har hatt ski på beina, er det ikkje gjort å lære kunsten på eit par veker. FOTO: KNUT RØNNING

Verre var det med Irene Klein og den berre fire år gamle dottera. Irene var opphaveleg tysk, men hadde flykta frå naziregimet. I Paris møtte ho Trondheimsmannen Josef Klein, gifta seg og blei med han til Norge. Ho hadde aldri hatt ski på beina, og då ho skulle hjelpast til Sverige, blei ho fyrst lagt i kombinert skjul og treningsleir på ein seter for å lære å gå på ski medan ho venta på los. Læringskurva var langt frå bratt for å seie det forsiktig, og først 18. desember starta dei flukta over Fosen, Trondheimsfjorden, Verdalsfjella og til Sverige. Ved hjelp av særs gode lyseffektar (Trond Walleraunet) og ein røykkanon får vi på det elles så fredelege inntunet på Ner-Killingberg ein forbausande god dramatisering av den vanskelege og fysisk særs krevjande flukta. Irene og Anne-Ruth kjem seg til Sverige og der blir dei – under over alle under – gjenforeina med Josef som på mirakuløst vis har unngått å bli sendt med Donau og i tillegg greidd å rømme frå fengsel i Oslo. Medan Kleinfamilien blir i Sverige, tek redningsmennene seg attende, og julaftan 1942 er dei heime att på Moan, klåre for nye redningsaksjonar. Men det får vi vite meir om i del to til neste år.

Marte Hallem har gjort god research og laga ei forteljing som på same tid som ho er tru mot historia, også blir godt teater. Det er fine miljøskildringar, det er særs dramatiske høgdepunkt, og ikkje minst er det brukt mye tid på dei vanskelege eksistensielle vala desse menneska blei stilt overfor. Espen Løvås har tatt godt vare på alt dette i regien. Men Hallem og Løvås kunne nok ha tatt seg litt betre tid med nokre av sceneskifta. Når det trekkjer seg til mot flukt, kjem ein del vendingar noko brått på, og nokre av desse tablåa blir også spela i litt større bokstavar enn dei langt meir dvelande og godt førebudde scenene. Men dette er bagatellar som truleg også kan justerast undervegs.

Personinstruksjonen til Løvås er imponerande. Dei fire leiande rollene blei spela av profesjonelle, men spelet til dei øvrige var heilt på høgde, og særs truverdig. Ganske eksepsjonell var den vesle jenta Mali Johanne Odden som spela fireåringen Anne-Ruth. Ho hadde eit nærvær og eit register som var forbløffande, og som, trass det dystopiske bakteppet, ga framsyninga ein dimensjon av barnleg glede og framtidsoptimisme. Scenografien er eit dugnadsprosjekt, er enkel og fell relativt naturleg, men fungerer særs godt både historisk og stemningsskapande, og ved at det blir spela i nattemørke seint på kvelden, blir den fine lyssettinga eit vel så viktig scenografisk element.

Komponist og musikalsk leiar er Knut Ola Vang som har laga ei blanding av klezmermusikk og norsk tradisjon, og samstundes nytta meir kjend stoff. Heilt magisk var finalen då unge Judith Bodd (Lina Aunan) song «Til ungdommen» nesten a capella, og med ei sår og skjør røyst som var til å få frysningar av.

TO BLAD JUDITH: Den unge Judith møter den verkelege Judith Bodd Bernstein etter framsyninga. FOTO: AMUND GRIMSTAD

«Flukten» som del 1 av trilogien «Operasjon Oleander» er blitt ei politisk sterk og minneverdig framsyning, ei oppsetjing som både tek vare på vår nære historie, og som samstundes har heilt tydelege og openberre parallellar og lærdomar til dagens røyndom. Uvanleg sterk var premieren med både Anne-Ruth Klein og Judith Bodd og så mange andre pårørande og etterkomarar til stades.

Judith Bodd Bernsteins gripande takketale etter framsyninga var ei viktig påminning om at vi aldri må gløyme. Og om at også heilt vanlege menneske kan og må ta eksistensielle og vågale val som kan tyde liv og død for både dei sjølve og medmenneska rundt dei. Etter denne framsyninga sit eg att med spørsmålet: Kva ville ha skjedd i dag? Ville vi ha våga å ta dei sama vala? Eg er diverre redd svaret ikkje er like eintydig som det var for Jon, Borghild og Ludvik.

2 Responses to “Viktige og vågale verdival”

  1. […] forskjellige produksjonar som kan gi innsikt i ulike sider ved krigshistoria. Del 1 i fjor heitte «Flukten» og omhandla jødedeportasjonane hausten 1942 og losinga som blei organisert på Fosen. Det blei ein […]

  2. […] der ho også har intervjua mange av tidsvitna. Trilogi blei det, og i 2018 var det premiere på «Flukten» som omhandla losinga av jødiske flyktningar over til Sverige. Året etter sette dei opp […]

Leave a Reply