Eit verdig punktum

TEATER

FEIRING: Med krigsslutt og bryllaup blei det dobbel feiring på Moan. FOTO: KNUT RØNNING

«Operasjon Oleander – Vargtimen»
Foreningen Operasjon Oleander, Ner-Killingberg, Leksvik
Av Marte Heie Hallem
Regi: Espen Løvås
Musikk: Knut Ola Vang
Kostyme: Bjørg Grønflaten og Helen Monsen
Lysdesign: Trond Walleraunet
Orkester: Knut Ola Vang, Geir Egil Ulvin, Inga Rennemo, Bendik Lund Haanshuus og Gaute Skrove
Med: Evy Kasseth Røsten, Ragnhild Vannebo, Andrea Hallem Langåssve, Pål André Hasselvold og mange fleire.

Med «Vargtimen» er det sett eit verdig og flott punktum for eit imponerande teaterprosjekt om vår ganske nære fortid.

Det vesle, og ganske urøynde produksjonsselskapet, «Foreningen Operasjon Oleander» sette seg for nokre år sia eit nesten umenneskeleg mål. Saman med Scene Midt og dramatikaren Marte Heie Hallem skulle dei lage eit utandørsteater om krigen og motstandskampen slik han arta seg for lokalbefolkninga på Fosen, og spesielt i Leksvika rett over fjorden frå Trondheim. Ikkje nok med det, men det skulle bli ein trilogi. Motstandskampen på Fosen var betydeleg, og i pinsa 1944 sette tyskarane, saman med Rinnanbanden i verk «Operasjon Oleander» som var den største opprullingsaksjonen i Norge under krigen. Tre skip, 170 tyske soldatar og politi og åtte frå Rinnanbanden slo til om natta, og over hundre personar blei arresterte, fleire blei grovt torturert og nokre måtte bøte med livet. Bakgrunnen for aksjonen var at fosningane i lang tid hadde vore aktive med både rapportering til London, losing av jødar til Sverige, og hjelp til jugoslaviske partisanar som greidde å flykte frå fangeleiren på Austrått.

I desse historiene var det meir enn nok å ta tak i, og Marte Heie Hallem har gjort eit formidabelt og imponerande research-arbeid der ho også har intervjua mange av tidsvitna. Trilogi blei det, og i 2018 var det premiere på «Flukten» som omhandla losinga av jødiske flyktningar over til Sverige. Året etter sette dei opp «Muldvarpen» som dreidde seg om dei norske kollaboratørane. Alle kjenner Rinnanbanden, men ein mindre kjend, men rivaliserande angivar var Karl Ludvig Adding. Han heitte opphaveleg Karl Ludvig Isaiewitch, men skifta namn for å skjule sitt halvt jødiske opphav. Frå ungdomen hadde han fått gode kontaktar både blant kommunistane og hjå lokalbefolkninga på Fosen, og han gjorde stor skade før han døydde i 1943, truleg i ein likvidasjon.

I 2020 skulle siste del av trilogien bli sett opp, men pandemi førte til to års utsetjing. Men med premieren på «Vargtimen» laurdag, er nå det meir enn halsbrekkande teaterprosjektet brakt til ende, og det kan eg slå fast med ein gong at det vil bli ståande som eit verdig og solid monument over dei som med fare for eige liv redda mange andre liv og kjempa for nasjonal fridom i desse skilsetjande åra. I «Vargtimen» er vi komne til 1944, opptakta til og gjennomføringa av Operasjon Oleander, og vi følgjer fosningane heilt fram til fredsdagane våren 1945.

MYNDIG: Martha Moan (Ragnhild Vannebo)

Som i dei tidlegare oppsetjingane er scena gardstunet på Ner-Killingberg i Leksvika, ikkje langt frå garden Moan der mykje av handlinga fann stad. Tunet er eit fint lukka rom og egnar seg godt til føremålet, og ettersom det blir spela etter at sola har gått ned, gjer den flotte lysdesignen til Trond Walleraunet at det blir skapt fine og ulike rom og situasjonar. Vi møter att fleire av dei sentrale aktørane frå dei to tidlegare oppsetjingane. I tillegg til familiane Moan og Kruksve frå Leksvika, følgjer vi også Trygve og Margrete Venæs frå Stoksund. Men denne gongen har Marte Heie Hallem i større grad trekt fram kvinnene og deira kamp og liding, ei historie som ofte blir gløymt i dei meir heroiske kampskildringane frå krigen. Det er eit godt grep, og det gir andre innfallsvinklar til å forstå det som skjedde. Tre generasjonar kvinner får representere denne sida av krigshistoria. Det er gardkjerringa på Moan, Martha Moan (Ragnhild Vannebo), 69 år og mor til mange. Alle døtrene er flytta ut, men dei tre sønene er ugifte og bur framleis heime, litt til irritasjon for foreldra. Men sønene er så aktive i motstandskampen at dei ikkje har rom for eige liv. Det vil seie, yngstesonen Jon, (Pål André Hasselvold) har lagt sin elsk på tausa på garden, den nitten år gamle Borghild Kruksve (Andrea Hallem Langåssve). Borghild får slik representere den yngre generasjonen. Og så er det Margrete Venæs frå Stoksund (Evy Kasseth Røsten), midt i livet og gift med Trygve som har radiosendar. Både Borghild og dei to små sønene veit om og er involverte i dette arbeidet med alle dei farar det fører med seg.

FANGENSKAP: Margrete Venæs (Evy Kasseth Røsten) nyttar brodering som terapi medan ho er fange på Falstad

Gjennom ei rekkje ulike scener og tablå følgjer vi desse tre kvinnene og folka rundt dei det siste krigsåret. Angivaren Adding er død, men gjennom opningsscenene der vi får presentert leik og kvardagsliv, slik det også var under krigen, forstår vi at det likevel er stor uvisse, og at noko openbert er på gang. Det dramatiske tar til då storebror på Moan, Johan, (Petter Harald Kimo) blir overraska og arrestert av ein tysk patrulje då han som flyktninglos freista å hjelpe ein Trondheimsgut over til Sverige i februar 1944. Han hamnar i Rinnans bandekloster i Jonsvannsveien i Trondheim der han blir grovt torturert, men som den einaste i historia greier han å rømme, og kjem seg heimatt til Leksvika og Moan. Då Operasjon Oleander blei sett i verk pinsehelga i 1944, rakk Jon Moan og Borghild Kruksve å kome seg unna. Trygve Venæs blei arrestert, men greidde å flykte og låg i dekning i tretten månadar, heile resten av krigen. Attende var kvinnene. På Moan rådde den sterke og myndige Martha, og ho fekk vere i fred, men Margrete Venæs blei tatt til erstatning for mannen, og blei send til Falstad ved Levanger før ho til slutt kom til Grini.

Med små hopp i tid og rom følgjer vi dei tre kvinnene, den eine heime, den andre på flukt til Sverige og den tredje i fangenskap. Gjennom dei får vi eit innblikk i kvardagen, kvinne- og morsblikket, uvissa, redsla, men også håpet. Særleg sterkt er Evy Kasseth Røstens lågmælte, men så inderlege og hjarteskjerande tolking av Margretes lengt etter mannen, og spesielt dei to gutane hennar. Redsla for å miste minnet om dei, og strevet for å smugle ut brev. Og ikkje minst rådet ho fekk om å brodere namna deira på nattkjolen hennar, ei nattkjole som faktisk blei vist fram på ei lita, men særs informativ utstilling på låven på Ner-Killingberg. Og då Margrete etter kvart blei overført frå Falstad til Grini, opplevde ho eit langt mildare regime. Eit flott brot frå alt det traudige er det når eit Grini-kor framfører Otto Nielsens sjølvironiske «Det har vi».

FRIERI: Jon Moan (Pål André Hasselvold) frir til Borghild Kruksve (Andrea Hallem Langåssve)

Det er mange sceneskift, men gjennom den fine lyssettinga går dei synkront og saumlaust. Spelet er overtydande og truverdig. Evy Kasseth Røsten gjer maksimalt ut av ei nesten underspela rolle som Margrete Venæs. Pål André Hasselvold har vore med i alle tre oppsetjingane, og er blitt berre betre og betre i rolla som Jon Moan. Og den unge debutanten Andrea Hallem Langåssve gir truverdig liv til kjærasten hans, Borghild. Oppsetjinga har mange statistar, og nokre av dei er særs unge. Det er difor eit imponerande stykke arbeid regissøren Espen Løvås har gjort med personinstruksjon, for her var det ikkje mykje å setje fingeren på.

Operasjon Oleander var den største opprullingsaksjonen under krigen, og i den historia skulle vere masse dramatikk. Men sjølve aksjonen blir skildra om lag midt i framsyninga og er ikkje gitt alt for mykje plass. Det er for så vidt greitt nok ettersom dette skal handle vel så mykje om kvinnene. Men når det som på mange vis er historias omdreiingspunkt og det dramatiske høgdepunktet kjem så tidleg, får framsyninga eit dramaturgisk problem ettersom det som kjem etterpå ikkje på same måte er spissa, korkje av forfattar eller regissør. Med unnatak av dei sterke tablåa frå Falstad og Grini, blir det litt for mange relativt anonyme scener på vegen gjennom det siste krigsåret. Men så tar framsyninga seg opp at med ein samlande og flott finale. Vi er med på bryllaupet til Jon og Borghild rett etter heimkomsten frå Sverige sommaren 1945, og der flagget foldar seg ut og heile ensemblet syng Nordahl Griegs dikt «17. mai 1940» til nydeleg nyskriven musikk av Knut Ola Vang. Det er mektig, og set eit verdig punktum for eit enormt prosjekt som både produksjonsselskap, dramatikar, komponist, regissør og alle medverkande og involverte skal ha all ære av. Framsyninga blir vist nesten kvar dag heile uka fram til laurdag 10. september.

One Response to “Eit verdig punktum”

  1. Bjørn Krogstad sier:

    Dette skulle jeg gjerne ha sett!

Leave a Reply