Ei framsyning som har alt

KOMMENTAR

ÅRETS BESTE: "Orlando" på Rogaland Teater fekk tre av dei gjævaste Hedda-prisane, og var nominert i sju av elleve kategoriar. Alt høgst fortent. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

ÅRETS BESTE: «Orlando» på Rogaland Teater fekk tre av dei gjævaste Hedda-prisane, og var nominert i sju av elleve kategoriar. Alt høgst fortent. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

Tre hedda-prisar og sju nominasjonar til «Orlando» var høgst fortent.

Hedda-prisane er norsk teaters mest prestisjefylte utmerking, og blei delte ut ved ei høgtideleg markering på Oslo Nye Teater i går. I år var ikkje spenninga så mye knytt til kven som ville bli vinnarar, men i større grad til kor mange prisar produksjonen «Orlando» på Rogaland Teater ville ta heim. Framsyninga aspirerte til å gjere nærast reint bord ved å vere nominert i heile sju av dei elleve priskategoriane. Uakta kor mange prisar ho ville få, er det openbert at dette har vore årets framsyning. Og for meg som i si tid både såg og melde henne, var korkje dei mange nominasjonane, eller det faktum at ho til slutt fekk tre av dei gjævaste prisane noka stor overrasking. Tvert om.

«Orlando» byggjer på Virginia Woolfs roman frå 1928 om den unge adelsmannen og forfattarspira Orlando som var dronning Elisabeth den fyrstes yndling Han hadde to litt annleis eigenskapar enn folk flest ved at han for det første aldri blei gamal, og dessutan at han ein dag vakna opp som kvinne. Ved desse to grepa greidde Woolf både å seie mye om kjønnsidentitet og seksualitet, samstundes som ho ved å følgje Orlando gjennom nærare 500 år, fekk presentert historia mot eit bakteppe av eit utal ulike politiske retningar, moralnormer og kulturhistorie. Boka er blitt ein kultroman, og ho blei filmatisert av Sally Potter i 1992, ein film som fekk to oscar-nominasjonar. Men medan filmen først og fremst er vakker, tar Rogaland Teaters dramatisering oss i langt større grad attende til Virginia Woolfs opphavlege tematikk, det politisk-moralske, feminismen, det seksuelle. Teatret dyrkar og vidareutviklar dette, samstundes som dei også har greidd å gjere det særs underhaldande.

I Sigrid Strøm Reibos og Njål Helge Mjøs’ nyskriving, og i Reibos regi er «Orlando» ein kronologisk biografi der livet hans/hennar blir sett i relieff mot fleire hundreårs ulike kulturar. Sceneløysinga gir rom for og understrekar det omskiftelege, og den multimediale presentasjonsforma er ei saumlaus blanding av spel, musikk, koreografi og videoprojeksjonar. I kombinasjon med ei leiken og fullstendig uhøgtideleg haldning til seg sjølv har Reibo og Rogaland Teater skapt ei fengslande oppsetjing som likevel aldri går på akkord med det politiske og samfunnskritiske som heile tida får liggje i botn. Og med eit strålande ensemblespel leia av ei umåteleg overtydande og imponerande Nina Ellen Ødegård i tittelrolla, var det høgst fortent at «Orlando» fekk så mange prisar og nominasjonar.

(Kommentaren stod i Klassekampen måndag den 19. juni 2017)

 

Leave a Reply