Avkledd all staffasje

TEATER

AVKLEDDE: Ikkje mye akademisk eleganse att når den verbale kampen blir på det vondaste. FOTO: BENGT WANSELIUS

AVKLEDDE: Ikkje mye akademisk eleganse att når den verbale kampen blir på det vondaste. FOTO: BENGT WANSELIUS

«Hvem er redd for Virginia Woolf?»
Trøndelag Teater, Hovudscena
Av: Edward Albee
Omsett av: Svein Sturla Hungnes
Regi: Marit Moum Aune
Scenografi og kostyme: Bård Lie Thorbjørnsen
Musikk: Nils Petter Molvær
Lysdesign: Eivind Myren
Med: Janne Kokkin, Trond-Ove Skrødal, Mira Dyrnes Askelund og Andreas Stoltenberg Granerud

Nyskapande tolking i stram regi og med særs godt spel på alle nivå.

 

«Hvem er redd for Virginia Woolf?» av den amerikanske dramatikaren Edward Albee (1928-2016), er eitt av dei mest spela drama frå 1900-talet. Det særs direkte språket var revolusjonerande då stykket blei skrive i 1962, og oppsetjinga på Trøndelag Teater syner at det framleis har ein enorm sprengkraft både tematisk og språkleg.

I eit tidsriktig stoveinteriør kjem vi ein svært sein laurdagskveld heim til George (Trond-Ove Skrødal) og Martha (Janne Kokkin) som nett er komne heim frå fest på universitetet. Han er ein historieprofessor karrieren ikkje akkurat har tatt av for, og ho er hans desillusjonerte kone, og samstundes den ambisiøse dottera til rektor på det same universitetet. Martha har invitert den langt yngre biologen Nick (Andreas Stoltenberg Granerud) og kona Honey (Mira Dyrnes Askelund) på nachspiel. Og frå første stund er vi i ein verbal krigssone.

I vantru blir Nick og Honey vitne til ein munnleg duell mellom Martha og George der dei opnar med akademiske eleganteriar før dei går over til grøvre fornærmingar for å ende opp i direkte vondskap. Og ettersom alkoholinntaket aukar, blir også dei yngre dregne med i den verbale kampen som i starten har mye preg både av intellektuell leik og ikkje så reint lite humor, men som etter kvart blir meir og meir destruktiv. Albee kler nådelaust av dei fire all akademisk ferniss og eleganse, og attende står avkledde og ynkelege menneske med uhandterlege løyndomar. Her er livsløgner og uklåre skilje mellom løgn og sanning, eit tema med ny aktualitet med det postfaktuelle vi nå står midt oppe i.

Marit Moum Aune har laga eit intenst og velspela kammerdrama absolutt utan daudpunkt og der replikkane sit som hogde i stein. Dei fire på scena leverer presist ensemblespel av særs høg klasse og handterer kontrastane i dei store kjenslemessige spranga med stort truverd. Samspelet mellom Trond-Ove Skrødal og Janne Kokkin er nærast elektrisk, og er av det beste eg har sett frå dei to. Det seier ikkje lite.

Albees stykke er mye spela, og særs strenge rammer frå dei som sit på rettane, gjer at det er lite rom for nytolking. Men saman med scenograf Bård Lie Thorbjørnsen gjer Aune overraskande nye og gode grep. Sceneskifta blir sydde saman med nyskriven musikk av Nils Petter Molvær, noko som også gir rom for distanserande brot. Mange tidlegare oppsetjingar har, som dei fleste nachspiel, mista mye intensitet mot slutten. Men i andre akt let Aune og Thorbjørnsen det motsette skje når dei skapar ein total dekonstruksjon der siste rest av ytre ferniss og trygge fundament forsvinn. Marit Moum Aune har, trass strenge rammer, greidd å skape ei ny og vitaliserande tolking av «Hvem er redd for Virginia Woolf?», ei framsyning som held publikum i ei skrustikke og der dramaturgien blir halden oppe til siste replikk.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 14. januar 2017.)

 

 

Leave a Reply