Vart og vanskeleg

TEATER

EKSPONERT: Linnéa er nådelaust til stades, ikkje berre i sitt eige liv. FOTO: OLE EKKER

EKSPONERT: Linnéa er nådelaust til stades, ikkje berre i sitt eige liv. FOTO: OLE EKKER

«Evig søndag»
Trøndelag Teater, Studioscena
Av: Linnéa Myhre
Regi og bearbeiding: Trine Wiggen
Scenografi og kostyme: Ingrid Tønder
Videodesign: Ingrid Tønder, Trine Wiggen og Stein Jørgen Øien
Lysdesign: Steffen Telstad
Lyddesign/komponist: Siril Gaare
Med: Lina Hindrum og Øyvind Brandtzæg

Eit usminka innblikk i ein person som spelar den ho trur ho er på internett.

Allereie som 21-åring i 2011 blei Linnéa Myhre kåra til årets beste bloggar. Ho hadde tusenvis av følgjarar og var eit namn i vekeblada og på TV. Året etter debuterte ho med den sterkt sjølvbiografiske romanen «Evig søndag» der ho fortalde om eit liv med spiseforstyrringar og depresjonar. Boka blei ein bestseljar, og i ettertid har Myhre gitt ut to romanar til. Nå har skodespelaren og regissøren Trine Wiggen bearbeidd og dramatisert «Evig søndag», og laurdag var det urpremiere på Trøndelag Teater.

Ingrid Tønders scenografi er like enkel som han er symboltung. På eit opphøgd podium nærast som ein manesje, har Linnéa (Lina Hindrum) ikkje noko å gøyme seg bak. Publikum, som sit på alle fire sider, er nådelaust til stades, og i bakgrunnen er det videoprojeksjonar av det som skjer. Her er ei sårbar og særs eksponert ungjente utan tryggingsnett. Linnéa fortel at ho sender ei melding til alle vennene sine om eit nervøst samanbrot, slik det ofte skjer på sundagar. Ein venn tilbyr henne å overta psykiateren hans, og gjennom fragmentariske dagboknotat følgjer vi deretter både kvardagen hennar og samtalane med psykiateren Finn (Øyvind Brandtzæg).

Dette kunne sjølvsagt ha blitt ganske privat, men gjennom det personlege og nære får vi i staden ei ærleg og autentisk forteljing om ein heil generasjonsproblematikk. Det er fortald lågmælt, usminka, og trass i tunge tema, ikkje utan humor, sjølv om den tidvis er ganske svart. Framsyninga kan nok verke litt monoton, for handlinga går på det jamne utan den store dramaturgien, men Myhres tekst og Wiggens regi tar så godt vare på den kontrastfylte dualiteten i Linnéa at det likevel blir ei oppsetjing som held publikum fast. Linnéa søker det offentlege samstundes som ho skyr det. Ho vil slette livet sitt på nett, men legg det på same tid ut. Ho vil bli sett, men ikkje eksponert. Gjennom blogginga byggjer ho opp eit image som ikkje er rett, og som ho stadig møter i døra, glitrande eksemplifisert gjennom spørsmålet om ho skulle gi Anne Lindmo ein klem eller ikkje.

Lina Hindrum har ei tekstrik og krevjande rolle som ho fyller godt. Den lågmælte framføringa, nærast som forteljarteater, står bra til innhaldet. Øyvind Brandtzæg er berre forsiktig til stades, nærast som ein kulisse eller sparring partnar, og spelar i tillegg til psykiateren også ei rekkje andre personar som diverre ikkje alltid er like enkelt å skilje frå kvarandre.

«Evig søndag» er ei mollstemd framsyning, ein situasjonsrapport utan svar, framført vart og lågmælt.

(Meldings stod i Klassekampen måndag den 23. januar 2017.)

 

One Response to “Vart og vanskeleg”

  1. […] og depresjonar, selde i rekordopplag. I 2017 dramatiserte og regisserte Trine Wiggen romanen for Trøndelag Teater i det som blei ein relativt vellukka […]

Leave a Reply