Monotont og episodisk

TEATER

TYNN: Snart er det berre omrisset att. FOTO: TINGH

«Evig søndag»
Teatret Vårt, Molde i samarbeid med Den Nationale Scene i Bergen
Av Linnéa Myhre
Dramatisert av Mari Moen
Regi: Kristina Kjeldsberg
Scenografi og kostyme: Mari Watn
Komponist og lyddesign: Andreas Catjar
Med: Stine Robin Eskildsen

Ein bestseljarroman blir ikkje nødvendigvis godt teater.

Då Linnéa Myhre romandebuterte som 22-åring med den sterkt sjølvbiografiske boka «Evig søndag» i 2012, var ho for lengst eit kjend namn. Året før var ho kåra til årets beste bloggar med tusenvis av følgjarar. Boka hennar, forma som ei dagbok gjennom eitt år der ho ope fortalde om slankesjuke og depresjonar, selde i rekordopplag. I 2017 dramatiserte og regisserte Trine Wiggen romanen for Trøndelag Teater i det som blei ein relativt vellukka framsyning.

Nå har Teatret Vårt i Molde, i samarbeid med Den Nationale Scene i Bergen, fått Mari Moen til å lage ei ny dramatisering. Kristina Kjeldsberg har regien, og med Stine Robin Eskildsen i rolla som Linnéa, var det premiere torsdag. Framsyninga er eit tydeleg eksempel på at dramatisering av bestseljarromanar ikkje nødvendigvis blir godt teater.

I Mari Watns relativt enkle scenografi, er settinga ei blanding av Linnéas innestengde husvære og ein plass for fotoshoots. Kledd i kvitt og i kvite omgjevnadar kan vi få assosiasjonar til både institusjon og eksponering. Til Andreas Catjars særs vakre lydbilde tar det til med at Linnéa teiknar omrisset av seg sjølv slik politiet lagar åstadsteikningar. Denne teikninga snakkar ho med og til som eit alter ego, og freistar stadig å gjere omrisset tynnare. Teikninga gjev sjølvsagt også frampeik om eit mogeleg sjølvmord. Linnéa er vankelmodig så det held, og som i boka er det eit stadig spel på skal/skal ikkje og ulike kontrastar. Ho vil av nett samstundes som ho legg alt ut, ho vil bli sett, men skyr det offentlege, og her er ei ganske god blanding av humor og dystopi. Samt forbausande mye sjølvironisk innsikt som ho ikkje gjer så mykje med.

Stine Robin Eskildsen har ei tekstrik og krevjande rolle og spelar med stor energi, men grunnlaget frå dramatisering og regi er ikkje godt nok. Mari Moen og Kristina Kjeldsberg har i mindre grad enn Trine Wiggen greidd å rive seg laus frå boka, og det gjer framsyninga episodisk, og dramaturgisk ganske monoton. Det går frå det eine utbrotet til det neste utan særleg differensiering før det heile endar brått og fullstendig umotivert med at Linnéa går med på samtale med ein psykiater og alt ordnar seg.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 31. august 2019.)

Leave a Reply