Skogens konge

TEATER

FAR OG SON: Doppler og sonen Gregus i ei samtale om dei store spørsmåla i livet. FOTO: GT NERGAARD

FAR OG SON: Doppler og sonen Gregus i ei samtale om dei store spørsmåla i livet. FOTO: GT NERGAARD

«Doppler»

Trøndelag Teater, Hovudscena
Av Erlend Loe
Regi: Tomi Janežič
Scenografi: Branko Hojnik
Koreografi: Katja Legin
Kostyme: Marina Sremac
Lysdesign: Eivind Myren
Musikk: Isidora Žebeljan
Med: Andreas Stoltenberg Granerud, Stine Fevik, Christian Ruud Kallum, Kathrine Thorborg Johansen, Karl-Vidar Lende, Erik Johansen m.fl

Absurd, humoristisk, velspela og ettertenksamt om dei verkeleg store spørsmåla.

Alt før opningsscena forstår vi at «Doppler» er annleis teater. Scena er heilt open, lyset i salen er på, og når inspisienten skal be oss slå av telefonane, seier han i staden at det er lov å fotografere. For Andreas Doppler er vanlege reglar oppheva, og slik er det også for teaterframsyninga og publikum.

For å setje i scene Erlend Loes roman om mannen som etter eit sykkelvelt får auge på stjernehimmelen, gir faen, flyttar frå kone, barn og karriere og saman med elgkalven Bongo buset seg i eit telt i skogen, har Trøndelag Teater henta inn eit stjernespekka lag frå Slovenia og Serbia med den slovenske regissøren Tomi Janežič i spissen. Berre lysdesignaren er teatrets eigen. Laget har gått kompromisslaust til verks og laga ei framsyning som eit slags forteljarteater, men så mangefasettert og full av ulike lag, ikkje minst metalag, som du knapt har sett før. Det startar på scenekanten der dei fem aktørane fortel, snakkar saman, går ut og inn av eit utal roller og vender seg direkte til forfattaren når dei meiner han har gjort kleine val. Gradvis fell den mektige og spektakulære scenografien på plass i det enorme scenerommet og det blir meir spela teater, berre for raskt og uventa å gå attende til forteljarsituasjonen. Her skjer alt i eit enormt tempo, med stor energi, stadige brot og overraskingar.

Erlend Loes roman er full av underfundig humor, men er i botn særs eksistensiell, sivilisasjonskritisk og alvorleg. Alle desse fasettane og meir til er vel tekne vare på i framsyninga som vekslar mellom det absurde, det hysterisk komiske og det djupt eksistensielle. Andreas Stoltenberg Granerud gjer ei formidabel tolking av hovudpersonen. I ei ekstremt tekstrik rolle, gjennom tre timar med høgt tempo og voldsam energi gir han oss ein levande og særs truverdig Doppler. Dei fire andre aktørane, for ikkje å seie den uvanleg nærverande inspisienten, fyller ei rekkje roller med lynraske skift og leverer strålande ensemblespel.

Trøndelag Teater har laga ei leiken, absurd, humoristisk, men likevel kontemplativ og politisk framsyning som har det meste og vel så det, som midt i det forrykande tempoet vågar å roe ned til så saktegåande teater at det gjer vondt, som vekslar saumlaust mellom alle dei fasettar og lag det er mogeleg å presentere, og som i tillegg er tre timar særs god underhaldning. Kan ein ønske meir?

 (Meldinga stod i Klassekampen måndag den 1. februar 2016.)

Leave a Reply