I regi av Døden

UNGE DØDE: Amy Winehouse, Janis Joplin og Jim Morrison. FOTO: KJETIL MOSLÅTTEN

TEATERKONSERT

27 The Club
Brageteatret, Trelasthallen, Drammen
Konsept og regi: Moqi Simon Trolin
Norsk gjendikting: Tom Roger Aadland
Scenografi og lysdesign: Edward Lloyd Pierce
Koreografi: Esa Alanne
Kostymedesign: Lea Højmark Burrows og Sir Grand Lear
Musikkarrangement: Anders Ortman
Orkester: Anders Ortman, Joseph Angyal, Katrine Schiøtt, Mikael Gökinen og Nils Törnqvist
Med: Jenny Langlo, Kirsti Sørlie Hansen, Mari Haugen Smistad, Espen Grjotheim, Knut Marius Djupvik, Kash King og Erik Wenberg Jacobsen

I denne teaterkonserten er det Døden som har full regi.

I den moderne populærmusikkens historie er det fleire unge døde, og spesielt mange som har døydd 27 år gamle. Dette har ført til omgrepet «27 The Club», noko den svenske regissøren Moqi Simon Trolin tok fatt i, og i 2013 sette han opp ein teaterkonsert med same namn på Malmø Stadsteater. Onsdag sytte Brageteatret for norgespremiere i ein lagerhall i Drammen, framleis i regi av Trolin, med mye svensk hjelp, men i norsk språkdrakt og med norske songarar.

I dei siste 45 åra er det spesielt seks ikoniske musikarar som har gjort «27 The Club» til eit omgrep, Brian Jones (1969), Jimi Hendrix (1970), Janis Joplin (1970), Jim Morrison (1971), Kurt Cobain (1994) og sist Amy Winehouse (2011). Trolin har tatt utgangspunkt i eit førtital av songane deira, og laga ei forteljing om lagnadstunge liv der lyset er brent i båe endar og der fyll og dop var ein vesentleg ingrediens. For å få til ei historie, har han introdusert rollefiguren Døden (Erik Wenberg Jacobsen) som følgjer dei seks alt frå fødselen til han omsider får gjort det av med dei ein etter ein. Dette grepet, samt Jacobsens store autoritet både som songar og skodespelar, gjer at dette blir meir enn berre ein konsert, sjølv om det narrative haltar litt, og til tider kan bli like kaotisk som liva til dei seks.

Lagerhallen er rigga som ei rockescene der sjølve scena er ein enorm platespelar, og dermed også dreiescene. Det er symboltungt, flott og effektivt, og finalen byr på ei fiks scenografisk overrasking. Aktørane er alle framifrå songarar, medan dei er litt meir ujamne som skodespelarar. Og castinga byr på overraskingar då det både er kvinner som spelar menn, og omvendt. Dette gav faktisk uventa og gode effektar, og særleg tilførte Espen Grjotheim nye aspektar i ei framifrå tolking av Amy Winehouse. Dei musikalske arrangementa baud også på fine overraskingar, særleg i Kirsti Sørlie Hansens (Brian Jones) vakre tolkingar av fleire Stonessongar, og kanskje spesielt «Paint it black». For dette var ingen presentasjon av coverlåtar, men mange gode og sjølvstendige låttolkingar. Det starta kanskje litt famlande, men med Mari Haugen Smistads trønderske tolking av «Mercedes Benz», var nivået sett.

Alle tekstane er gitt norsk språkdrakt, og her har Tom Roger Aadland verkeleg gjort ein kjempejobb som gjendiktar meir enn omsetjar. Språket er blitt naturleg og har god rytme, og det er imponerande med tanke på at dette er eit utal songar som er ikoniske og som vi alle har eit eigedomsforhold til. Særleg blei «Rehab» (Amy Winehouse) ein spesielt sterk tekst.

Brageteatret er eit lite teater som er særs ambisiøst, som satsar stort og tungt, og tidvis går nye vegar. «27 The Club» er ei slik satsing, og sjølv om det narrative ikkje er heilt på plass, og spel og personinstruksjon ikkje alltid er like bra, var dette ei framsyning teatret har all ære av. Mye god musikk i framifrå nytolking, desperasjon og håplaust stutte liv.

(Ein litt forkorta versjon av denne meldinga stod i Klassekampen fredag den 11. september 2015.)

 

 

Leave a Reply