Når trua blir trua

PARTYKONGE: Det blir ein helvetes fest når Kong Sverre kjem til gards på veg "te Stiklestad". FOTO: AMUND GRIMSTAD

TEATER

Slaget på Testiklestad
Trøndelag Folkemuseum, Sverresborg
Av
Mads Bones, Ole Christian Gullvåg, Kyrre Havdal og Olve Løseth.
Regi: Mads Bones og Olve Løseth
Komponist/musikalsk ansvarleg: Kyrre Havdal
Koreografi: Martha Standal
Med: Olve Løseth, Mads Bones, Kristine Welde Tranås, Kjersti Tveterås, Mira Dyrnes Askelund, Ole Christian Gullvåg, Jon Lockert Rohde, Per-Theodor Paulsen, Martha Standal, Ida Göransson m. fl.

Ein intelligent, ellevill og heilt respektlaus parodi på spelfenomenet, framført fullstendig utan tryggingsnett.

Sommar er speltid, og ein kvar liten plass med respekt for seg sjølv skal ha sitt eige spel, gjerne med lokalhistorisk tilsnitt. Mye er faktisk ganske bra, men nokre blir også vel pompøse og noko prega av amatørisme. Tida har lenge vore overmogen for å setje skråblikk på spelfenomenet, og nå er det gjort. Det måtte bli i Trøndelag, midt i hjartet av spel-Norge der publikum kjenner kodane og forstår internhumoren, for her skal ein verkeleg halde tunga rett i munnen for å følje med i denne elleville harselasen og potpurrien over minst eit titals ulike spel. Torsdag var det urpremiere på «Slaget på Testiklestad» , ein musikalkomedie i uhistorisk speldrakt på Trøndelag Folkemuseum i Trondheim.

Dei fire som står bak ideen, kjenner sjangeren godt. Med fullstendig respektløyse, god innsikt og masse humor har dei stole vilt og uhemma frå Stiklestad, Elden, Karolinarspelet, Korsvikaspelet og Lady Arbuthnott berre for å nemne nokre, men sjølvsagt med alle spels mor, Stiklestad, som hovudreferanse. Vi er på garden Ful, nabogarden til Innful, i Trøndelag. Dette er på kong Sverres tid, han er i ferd med å avkristne landet, og på veg «te Stiklestad» (derav namnet) for å setje eit endeleg punktum på historisk grunn. På vegen skal han overnatte på Ful der gardsfolket, biskopen og Lady Upherbut (!?) planlegg å få stoppa kongen. Det går ikkje akkurat etter planen, men med litt flaks, og med uventa hjelp frå den verkelege kong Sverre (han Brandhaug i Rosenborg, du veit), går det likevel bra til slutt.

Gjennom å presentere denne historia, som trass i at ho sjølvsagt er syltynn og ikkje heilt til å tru på, likevel ikkje står så mye attende for ein god del av det som blir framført med atskillig meir alvor på ulike lokale scener, leikar aktørane seg med sjangeren. Dei gjer uhøgtidelege gags, lagar skikkeleg metateater og gjer fortent narr av mye av det pompøse og retthaverske i det som blir parodiert. For dei som har sett ein del spel, er referansane tallause, og det er nok absolutt ein fordel at denne parodien blir sett opp i Trøndelag der det nærast er spel heile året. Det får vi tydeleg prov for når suffløren syner seg å vere frå Rogaland, heilt ukjend med sjangeren og slik sett komplett ubrukeleg. Då blir det ei blanding av pinlege og komiske avbrot i dyktig laga metateater.

Manusforfattarane Bones, Gullvåg og Løseth har skrive intelligente og gode replikkar der ordspela sit laust. Og sjølv om dette er ein spelparodi, får heile underhaldningsindustrien også sitt. Sponsing og utidige reklameinnslag ved cliffhangers, som i OL i vinter, får ein herleg parodi  når ei av dei mest dramatiske scenene blir avbroten av eit langt og velregissert reklameinnslag for produksjonens hovudsponsor. «- Vi har seld sjela, – det blir det spel av!» Mads Bones har skrive særs gode songtekstar, og Kyrre Havdal har laga vakre, fengande og lett songbare melodiar, men også dei med tydeleg parodisk tilsnitt. Fleire av songnumra blir framført i store og velkoreografert masseopptrinn. Når dansen blir upretensiøs og alle gir litt faen, blir resultatet utruleg bra. Men dét krev òg nøye innstudering. Martha Standal har hatt ei imponerande god hand med koreografien.

«Slaget på Testiklestad» er ei oppsetting som leitar etter sin eigen moral og der dei vantru finn trua att – i manus. Det er blitt uhøgtideleg, ellevilt, intelligent, tidvis bitande ironisk og framført med særs låge skuldrer. Dramaturgisk går det nok litt over stokk og stein, men framsyninga sluttar aldri å overraske. Og så er ho i tillegg sjarmerande sjølvironisk.

 (Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 9. august 2014)

3 Responses to “Når trua blir trua”

  1. […] å prøve å verke flink ved å seie det med andre ord, lenker eg rett og slett til bloggteksten http://amund.info/2014/08/slaget-pa-testiklestad/   slik at dei som vil, kan lese han, og så kan eg i staden konsentrere meg om […]

  2. […] lesarane med omfattande resymé, men i staden linke til meldinga av den første oppsetjinga i 2014 http://amund.info/2014/08/slaget-pa-testiklestad/ og den andre i 2015 http://amund.info/2015/08/slaget-pa-testiklestad2/. Det eg har skrive i dei to […]

  3. […] med meir omfattande resymé, men i staden linke til meldinga av den første oppsetjinga i 2014 http://amund.info/2014/08/slaget-pa-testiklestad/, den andre i 2015 http://amund.info/2015/08/slaget-pa-testiklestad2/, og den tredje i 2016 […]

Leave a Reply