Berre kødda!

TEATER

CUMBACK: Karl-Vidar Lende greier ikkje å halde seg unna Trøndelag i år heller, og gir oss eit levande bilde på ein androgyn fødsel. FOTO: AMUND GRIMSTAD

«Slaget på Testiklestad – The Cumback»
Trøndelag Folkemuseum, Sverresborg
Av Mads Bones, Ole Christian Gullvåg, Kyrre Havdal og Olve Løseth.
Regi: Mads Bones og Olve Løseth
Komponist/musikalsk ansvarleg: Kyrre Havdal
Koreografi: Martha Standal
Med: Olve Løseth, Mads Bones, Henriette Marø, Karl Vidar Lende, Ole Christian Gullvåg, Christian Ruud Kallum, Per-Theodor Paulsen, Martha Standal, Ida Göransson, Andres Tønnesland, Maria Ómarsdóttir Austgulen, m. fl.

Etter fire sesongar med ei parodiering av speltradisjonen som langt overgår originalane, lova kvartetten Bones, Løseth, Gullvåg og Havdal i fjor å gi seg på topp. Men det meste i desse oppsetjingane er jo berre kødding, og slik var det også med denne lovnaden. Og som i tidlegare år er det mye kødd, og i verkeleg dobbel tyding.

Eg skal ikkje trøytte lesaren med noko resymé denne gongen. I staden lenker eg til dei fire
meldingane eg har skrive tidlegare, for eg mistenker at dei eventuelle lesarar eg måtte ha, er godt kjende med historia, og såleis mest opptekne av kva som er nytt og annleis i årets produksjon. Så her er dei historiske lenkene for dei uinnvigde (om dei finst): Den første oppsetjinga i 2014, den andre i  2015, den tredje i 2016 og den fjerde i 2017 .

Det beste ved desse produksjonane er sjølvsagt at dei representerer ein intelligent, respektlaus, bitande, men likevel ganske vennleg harselas og kritikk av speltradisjonen. Og det som samstundes gjer det mogeleg å halde på i år etter år, er viljen og ikkje minst evna til å fornye seg og gjere kvart års produksjon tidsaktuell. Og det siste er ganske avgjerande, for eg må vedgå at uakta kor bra og humoristisk parodien på dei ulike spela er, så er ikkje vitsane og ordspela like artige når du høyrer dei den femte gongen. Slik sett var sjølvsagt første sesongen best fordi alt var nytt og fullstendig overraskande, og andre sesongen greidde å gjere nok vriar til at vitaliteten heldt seg. Men både i tredje og fjerde sesong var det element som ikkje var like gode, og jamvel om dei som så «Slaget» første gang i fjor eller i 2016 , fekk om lag same hakeslepp som eg fekk i 2014, var det likevel ein del som kunne tyde på at det var på tide å gi seg.

Når dei fire, og alle entusiastane dei har med seg på og bak scena, likevel har vald å halde fram, trur eg det ikkje skuldast ønsket om å mjølke ein suksess til siste drope, men like mye å få lov å seie noko vesentleg om teater og tida vi lever i med eit humoristisk skråblikk som kan sjarmere ein stein. Og difor er det godt å kunne konkludere at årets produksjon i så måte er attende ved starten, og på høgde med dei to første kva gjeld innhald, humor, kvalitet og ikkje minst framføring.

Opplegget er sjølvsagt det same, og alt i opninga knyter det seg stor spenning til kva for ein stakkars aust- eller vestlending (og såleis med null innsikt i den trønderske speltradisjonen) som skal spele den kleinaste rolla av alle, nemleg suffløren. Dei fire tidlegare har overgått kvarandre i metateater og komplett hjelpeløyse, para med eit alt for stort ego. Årets sufflør, Maria Ómarsdóttir Austgulen, stod ikkje noko attende, hadde langt mindre sjølvtillit, men var til gjengjeld endå meir hjelpelaus. Og det er godt gjort.

Det er ikkje berre «Slaget» som har lova å gi seg utan å halde ord. Karl-Vidar Lende forlét Trondheim tidlegare i år for å spele i Oslo og heimbyen Bergen. Om comebacket er eit døme på forbrytaren som alltid vender attende til åstaden, eller skuldast botnlaus sakn etter bartebyen, skal vere usagt, men Lende, som tidlegare har vore både sufflør og Døden, dukka opp att som understudy (for den som måtte tru det) for Mari Hauge Einbu i rolla som den gravide Tyra Trillrunddotter, og her fekk vi sjå det androgyne i fritt fall, framført overtydande, og både med humor og tristesse. At finalen i år var omskriven slik at Lende, trass litt usikker kjønnsidentitet, likevel blei ofra på feminismens alter, gjorde det triste og urettvise ved rolla hans endå meir markant.

Å kommentere samtida er ikkje vanleg for historiske spel, men ettersom dette spelet går utanpå dei alle, er innslag om det dagsaktuelle blitt eitt av varemerka. Jamvel om sparkinga av Brutter’n skjedde midt i den mest hektiske innspurten i prøvetida til «Slaget», hadde dei likevel greidd å få inn eit velretta spark attende til Koteng og styret i RBK, og videodømminga i fotball-VM fekk også sitt. Innslaga med Per og Veronica Morderud var ikkje spesielt vellukka, men den litt for triggerhappy Veronica ga likevel grunnlag for god harselas både med «Skotet i Buvika» og VAR-dømminga. Reklameavbrota som snik seg inn overalt, fekk også unngjelde, litt meir subtilt enn i første sesongen, men særs dyktig gjort. «Show them, don’t tell them» er ein kjend regel som det blir synda mye mot i scenekunsten. Publikum er ikkje dumme, og treng ikkje få poenga ferdig togge, definert og forklart. At indikasjonens kunst kan vere særs effektiv fekk vi eit nydeleg døme på, presentert med verkeleg minimalistisk fingertippkjensle, då ei som kunne vere snarlik eit regjeringsmedlem dukka opp og gjorde akkurat så lite av seg at vi alle skjøna poenget. Slike små konfektar er det berre verkeleg store humoristar som greier å lage.

Og når eg snakkar om store humoristar. Olve Løseth er ein av dei fire bakmennene i «Slaget», og spelar mellom anna rolla som herolden eller forteljaren som slit med at det meste går galt rundt han, og vel så det. Han har levert solide tolkingar i alle dei fire føregåande produksjonane, men denne gongen er han rett og slett virtuos, og fleire av monologane hans, om ein kan kalle dei det, er små, elegante framsyningar i framsyninga.

Den største endringa i årets oppsetjing er finalen. Metoo har vore eit vasskilje for mange det siste året, ein skikkeleg augeopnar som har ført til at fleire og fleire seier, eller i alle fall burde ha sagt: Ikkje kødd med venninna mi! I staden for at det er kong Sverre som blir avkødda, det vil seie kastrert, gjer kvinnene i stykket denne gongen skikkeleg opprør og ingen kødd går fri. Dei fire mannlege forfattarane må også til pers, og som i eit skikkeleg metateater bedyrar dei at dette ikkje stod i manus, men som med så mye anna trur eg dei der også berre kødda.

Leave a Reply