Den isnande redsla

TEATER

REDSLA: Når frykta tek Amor, blir det uråd å tenke klårt. FOTO: HT/LARS ÅKE ANDERSEN

Æ ringe mine brødre
Hålogaland Teater, scene øst
Av Jonas Hassen Khemiri
Omsett av Morten Wintervold
Regi, scenografi og bearbeiding: Nina Wester og Trond Peter Stamsø Munch
Med: Marius Lien, Bernt Bjørn, Rebekka Nystabakk og Trude Øines

Ein særs sterk tekst som grip rett inn i si eiga samtid.

I det eg skal sette meg til for å skrive denne meldinga, les eg i avisene at norsk-somaliarar kjenner seg stigmatiserte av PST etter terroråtaket i Nairobi. Og vi veit at mange innvandrarar opplevde stygg mistenkeleggjering berre i løpet av dei få timane som gjekk frå bomba eksploderte i regjeringskvartalet 22. juli til det blei kjend at terroristen var ein etnisk norsk frå beste vestkant. Til og med NRK greidde på den stutte tida å spreie ugrunna mistankar mot ulike innvandrarmiljø. Denne fordomsfulle stigmatiseringa av heile folkegrupper, og ikkje minst korleis ho kjennest for mottakarane, er det den svenske dramatikaren Jonas Hassen Khemiri tar opp i oppsettinga «Æ ringe mine brødre» som hadde norgespremiere på Hålogaland teater torsdag.

For snaue tre år sia sprengde ein ung svensk-irakar seg i lufta midt i den travle julehandelen i Stockholm. Veka etter skreiv Khemiri kronikken «Jag ringer mine bröder» der han fortel om mistenkeleggjering på grunn av hudfarge og etnisk bakgrunn. Kronikken blei etter kvart bok, og dramatiseringa hadde urpremiere i vår. Samstundes skreiv Khemiri ein ny kronikk der han oppmoda den svenske justisministaren til å bytte kropp, hudfarge og røynsler med han i eit døgn. Teatersjefen på Hålogaland Teater, Nina Wester, er utdanna i Sverige, har arbeidd der nokre år, og i 2007 delte ho kontor med Khemiri. Etter det har ho sett opp to av stykka hans, og ho har såleis betre kjennskap til forfattarskapen enn dei fleste. Saman med Trond Peter Stamsø Munch har ho nå ansvaret for både regi og scenografi i norgespremieren på «Æ ringe mine brødre», der dei også, med løyve frå forfattaren, har nytta seg av delar av Khemiris opne brev til justisministaren.

I ein heilt open scenografi, nærast som i ein manesje møter vi Amor (Marius Lien) i tida rett etter sjølvmordsbomba. Saman med mange ulike personar spela av dei tre øvrige på scena får vi del i den relativt trivielle kvardagen til Amor, oppvekst, vennskap og kjærleiksliv, eit tilvere dei aller fleste vil kjenne seg att i uakta hudfarge, religion eller etnisitet. Men så kjem den totalt øydeleggjande redsla som brer seg etter bomba, ei kjensle vi andre aldri har erfart, men som Lien formidlar så sterkt at vi både kjenner og forstår Amors frykt. Uhygga brer seg med isnande kulde. Venner ringer kvarandre. Det er nok lurast å halde ein låg profil, kanskje halde seg inne, og i alle fall opptre så naturleg som mogeleg. Og alle som har freista å opptre tilforlateleg, veit at det er ikkje noko så mistenkeleg som ein som forsøker å vere naturleg. Gjennom delvis absurde tablå, og med stor grad av humor går Amor ut og inn av fiksjon og røyndom, tid og rom, og dei tre andre supplerer og kommenterer.

Eg har ikkje tidlegare sett eller lese noko av Khemiri, men det er ikkje vanskeleg å bli slått av det særeigne språket han nyttar, her glitrande omsett til eit særs munnleg nordnorsk av Morten Wintervold. Autentisiteten i oppsettinga er openberr, dette er stoff han kjenner, og vekslinga mellom all den kvardagslege humoren og sjølvironien på eine sida og den forjævlege røyndomen på hi side, gjer det uhyggelege indre universet til Amor og vennene hans endå sterkare og meir intenst. Den lammande redsla og den absurde uvissa som gjer at Amor etter kvart ikkje veit skilnad på draum og røyndom, og om det kanskje var han sjølv som stod bak det heile, er til å ta og føle på. Det er godt skrive, og det er framifrå formidla.

Wester og Munch har vald ei ganske open presentasjonsform. Dei fire på scena fortel i opninga kva vi skal sjå, og scenografien er berre eit avgrensa felt, ein manesje, omkransa av klesrack og hyller med rekvisittar. Sceneskifta skjer ved at aktørane kler seg om eller hentar ein ny rekvisitt. Men der regien og personinstruksjon får fram fordummande fordommar og frykta dei skapar, dreg den manglande scenografien tidvis i ei litt anna retning. Den dels kommenterande presentasjonen i eit slikt ope scenerom der alt blir særs tydeleg og lite blir att til fantasien, gjer at dette stundom får meir preg av pedagogikk enn dramatikk. Det burde vere unødvendig for Khemiris tekstrike og kontrastfylte univers treng ikkje detaljforklåring.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 14. oktober 2013.)

Leave a Reply