Shakespeare på sjeikspirsk

TEATER

LUFTIG: Oberon vil gjerne ha styring, men Pukk får det ikkje alltid til. Akrobatisk spel og luftige sprang derimot... FOTO: MARTHA STANDAL

En medtsåmmårnattsdrøm
Av William Shakespeare
Omsett og gjendikta av Hans-Magnus Ystgaard
Regi: Øyvind Brandtzæg
Komponist: Erlend Jentoft
Scenografi: Marie Steen Löwendahl
Koreografi: Martha Standal
Kostyme: Jenny Hilmo Teig
Med: Ståle Tørring, Stian Hovland Pedersen. Cengiz Magnus Nereid, Petter Winther Gåre Søraunet, Madeleine Nilsen, Kathrine Strugstad, Rickard Skjong, Martha Standal, Gunnar Eiriksson m. fl.
Produsert av Rabarbrateatret og framført i ein bakgard på Bakklandet i Trondheim

Absurd, litt inntrøndersk, og akkurat slik ekte folkekomedie skal vere.

Den som trur Shakespeare er vanskeleg tilgjengeleg og uforståeleg teater bør snarast ta seg ein tur til Brubakken 12 på Bakklandet i Trondheim. I den ikkje heilt velstelte bakgarden får du sjå ei oppsetting av Ein midtsommarnattsdraum slik du aldri har sett han, – velspela, særs underhaldande, og i tillegg klårt og forståeleg så det held.

Denne tidlege Shakespeareteksten er noko av det mest fornøyelege han har skrive, og har eigentleg korkje mye moral eller særleg djupare botn. Vi får tre-fire parallelle fortellingar som på eit vis dreg seg saman til ei sams historie mot slutten, mye humor, ein god porsjon meta, og nokre plot som den gamle meister har stole ideen til både her og der. Stykket blei truleg skrive som underhaldning til eit bryllaup, og tema og innhald er godt samanraska tjuvgods frå antikkens Hellas til 1500-talets London. Midtsommarnattsdraumen er mye spela, men jamvel om dette er folkekomedie av beste slag, ber dei fleste omsettingane preg av litt for stor respekt for gamal, oppstylta engelsk. All ære til både André Bjerke og Halldis Moren Vesaas for gode omsettingar, men det er den inntrønderske varianten til Hans-Magnus Ystgaard som verkeleg set skapet på plass.

Under Catrine Telle si leiing på Trøndelag Teater laga Ystgaard ei gjendikting på Sparbudialekt. Ho fekk tittelen En Medtsåmmårnattsdrøm, og blei framført på hovudscena på teatret i 2002. Det var ei frodig og framifrå oppsetting. Men sjølvsagt innafor dei rammene som blir sette av ei hovudscene på eit større institusjonsteater. Nå har skodespelaren Øyvind Brandtzæg, sjølv tilsett ved Trøndelag Teater, tatt han heilt ut, – det vil seie, tatt oppsettinga rett ut i naturen og folkedjupet der ho høyrer heime, og med ei respektløyse som det verkeleg står, – ja nettopp, – respekt av.

I eit for meg hittil ukjend strok bortafor Snåsa og vekkenfor Sparbu ligg dalen Athen der folk lever som dei gjorde for fleire hundre år sia sjølv om eitt og anna meir moderne remedium av og til på uforklårleg vis finn vegen dit. Ein draum for antropologar med andre ord, men staden er beskytta av diverse over- (eller var det under-)jordiske vesen som held han fri frå alskens modernitet, og i pakt med naturen. Her har Brandtzæg plassert heile menasjeriet frå Shakespeare, og i samfulle to og ein halv time får vi rulla ut dei parallelle historiene på folkeleg mål, og ikkje minst med burlesk, surrealistisk, men likevel særs forståeleg spel.

Ystgaard har verkeleg boltra seg i gjendiktinga, leika seg med ord og vendingar, og fått fram ei mengd med humoristisk undertekst. Han har kvitta seg med fleire hundreårs distanse, og gjort teksten levande, nær, og kanskje meir opp til det opphavlege enn ein skulle tru. Skikkeleg og ekte folkekomedie må jo vere på eit folkeleg og forståeleg språk.

Øyvind Brandtzæg har etter kvart solid røynsle som skodespelar, og for snaue to år sia fekk han sitt definitive gjennombrot som Mattis i Fuglane av Vesaas. Eg har følgt han i mange år, men kan ikkje hugse å ha sett han som instruktør før. Det er i så fall ein formidabel debut! Fullstendig respektlaust set han opp Shakespeare som ei heilaftans oppsetting i to akter i eit villnis av ein uflidd bakgard, og med eit ensemble han har raska saman frå høgt og lågt. Her er somme frå Trøndelag Teater, ein del musikalartistar, nokre frå skodespelarutdanninga på HiNT, litt BUL, og kanskje også SIT for alt eg veit. Og kor han har funne resten, må gudane vete. Men med stram regi og framifrå personinstruksjon har han fått dei til å dra det heile i lag, og til ei oppsetting publikum vil tenke attende på i glede i lang tid framover. Heile 22 roller fordelt på 17 aktørar, mange sceneskift, mye vanskeleg logistikk på ei uhandterleg scene, og der tekniske nyvinningar som mygg og lyssetting er komplett fråverande. Og likevel så vellukka! Det blir i snauaste laget å seie at dette var imponerande.

Det er som sagt mange ulike historier som blir fortalt i Medtsåmmårnattsdrømmen, og det er eigentleg ingen hovudperson eller helt. Men Pukk er likevel ein gjennomgangsfigur som på ulike, og ikkje alltid like vellukka vis, freistar å sy det heile saman. Ståle Tørring er høgt og lågt i denne småjævelrolla, og framfører ho tidvis nesten akrobatisk. I samspelet med Stian Hovland Pedersen som Oberon får vi stadige prov for at det kan gå like ille når gudane (og jævlane) tuklar med naturen, som når vi andre freistar å fikse på skaparverket. Det øvrige ensemblet leverer imponerande truverdige og frodige rolletolkingar. Madeleine Nilsen og Kathrine Strugstad er direkte, tydelege, infame og ganske aggressive som dei gamle venninnene Helena og Hermia, Rickard Skjong er myndig som Thesevs, og ikkje minst sjarmerar Gunnar Eiriksson dei fleste med si langt frå smålåtne tolking av amatørskodespelaren Rennbom som har eit sjølvbilde så stort som heile scena.

Erlend Jentoft har skrive ny musikk til oppsettinga, og det er blitt ei herleg sjangerblanding som står godt til det surrealistiske som skjer på scena. Songprestasjonane er òg forbausande bra, og lyden ber godt jamvel om dette er verkeleg «unplugged». Scenografien til Marie Steen Löwendahl består stort sett av fornuftig og naturleg bruk av det som finst av topografi, bygningar og vegetasjon i denne bakgarden, og syner at det er godt mogeleg å lage bra teater utan alt for mange rekvisittar og tekniske hjelpemiddel.

Når vi får teater fullstendig utan daudpunkt, går to og ein halv time som ein draum, sjølv om vi sit i ein kald bakgard og på ikkje alt for gode sete. En Medtsåmmårnattsdrøm er i Øyvind Brandtzægs regi blitt ein særs underhaldande, burlesk, frodig, absurd, humoristisk og velspela folkekomedie i ordets rette tyding.

Leave a Reply