Valets kval

TEATER

Foto: Stiklestadspelet

 

Spelet om Heilag Olav
Av Olav Gullvåg
Musikk: Paul Okkenhaug
Regi: Marit Moum Aune
Dirigent: Ole Kristian Ruud
Koreografi: Arne Fagerholt
Med: Henrik Mestad, Trond-Ove Skrødal, Ingunn Beate Øyen, Heidi Gjermundsen Broch, Sverre Bentzen, Hildegunn Eggen, Hanne Skille Reitan, Tom Erik Lie m. fl.
Stiklestad Nasjonale Kultursenter

Når teksten ikkje held mål, hjelper det diverre ikkje med allverdas gode musikk, regissørar, skodespelarar og spektakulære opptrinn.

I snart 60 år har «Spelet om Heilag Olav» vore vist på historisk grunn på Stiklestad. Trekvart million menneske har sett spelet opp gjennom åra og landets fremste regissørar, koreografar, dirigentar og skodespelarar har nesten stått i kø for å delta i det som utan særleg atterhald blir kalla «Alle spels mor». Sjølv har eg meld spelet her i avisa for nitten år sia, og undra meg den gongen over kva det er ved denne historia som fengsla så mange. Nå har eg sett det att, og sjølv om oppsettinga i Marit Moum Aunes regi er så tydeleg og forståeleg som det vel er mogeleg å få til, må eg vedgå at det framleis er vanskeleg å bli gripe av historie, handling eller framføring.

Utgangspunktet er rett nok heilt unikt, og «Spelet om Heilag Olav» har nesten alt som skal til, men berre nesten. Vi er på historisk grunn og handlinga er sett til ei skjebnestund for nasjonen, den endelege stadfestinga av kristninga av landet, og dermed grunnlaget for ein tusenår lang kulturtradisjon. Det var her på Stiklestad at kong Olav Digre fall i slaget mot bondehæren i 1030. I særs vakre omgivnadar, i det som framstår som eit nesten perfekt naturleg amfi, og til den monumentale musikken til Paul Okkenhaug skal vi få presentert det dei fleste vil tru er historia om Heilag Olav og slaget på Stiklestad. Men så er det ikkje det vi får. I staden er det ei fortelling om kva som skjer på nabogarden Sul hjå bonden Torgeir Flekk (Trond-Ove Skrødal) dagen og kvelden før slaget. Det er eit ganske vanleg litterært grep å presentere store hendingar gjennom parallelle og meir private historier, og det er truleg det forfattaren Olav Gullvåg i si tid freista, men det er diverre ei oppgåve han ikkje meistra.

Det ligg ei forbanning over garden Sul. Fem år tidlegare fødde Gudrid (Ingunn Beate Øyen) ein vanskapt son som blei sett ut, såkalla utburd. Denne skikken er ikkje i tråd med dei nye kristne nestekjærleiksprinsippa, og hendinga rir gardsfolket som ei mare. Særleg er det dottera Gudrun (Heidi Gjermundsen Broch) som slit med vonde tankar rundt utburden. Ho søker trøyst hjå bestefaren, den blinde Gamal-Jostein (Sverre Bentzen), og i den gamle og milde guden Balder. Gamal og ny tru lev side om side på Sul utan at det ser ut til å skape særleg store konfliktar. Inn i denne settinga kjem Olav Digre (Henrik Mestad) og kongshæren for å overnatte kvelden før dei skal møte den over dobbelt så store bondehæren. I staden for eit spel om kongen og slaget på Stiklestad, blir det i første rekke ei fortelling om tvil og tru, og ikkje minst om å velje side. Samt om ein utburd som blir tværa ut i det keisame. Gullvåg målar ut eit stort og mangefasettert bilde med ei rekke ulike historier, men greier aldri å samle trådane, og det blir ei fortelling som først og fremst saknar dramaturgi og ein bærande idé. Når teksten ikkje held mål, hjelper det diverre ikkje med allverdas gode musikk, regissørar, skodespelarar og spektakulære opptrinn.

For det er verkeleg ei spektakulær oppsetting. Fleire hundre statistar, imponerande koreografi, nydeleg scenografi, eit stort og dyktig orkester og eit like stort og godt mannskor, velregissert spel, storslagne ryttarscener, og ikkje minst vissa om å vere på historisk grunn. Men så lenge tekstgrunnlaget er så sviktande, blir alt det andre berre utvendig staffasje. Gullvåg har alt for mange historier å fortelle, og Marit Moum Aune skal ha ros for å ha greidd å få fortellinga forståeleg, men meir er neppe heller mogeleg.

«Spelet om Heilag Olav» formeleg skrik etter ein meir dugande forfattar. Men ein tuklar vel ikkje med gamle tradisjonar, for etter nærare seksti år er produksjonen blitt eit ikon og langt større enn seg sjølv, snarare eit kulturelt ritual meir enn ei teateroppsetting.
(Meldinga er skriven på grunnlag av generalprøva 24. juli.)

(Ei forkorta utgåve av denne meldinga stod i Klassekampen fredag den 26. juli 2012.)

Leave a Reply