Skodd for interaksjon

TEATER

De Røde Skoene
Av Teater Fot
Regi: Lise Hovik
Koreografi: Tone Pernille Østern
Komposisjon/musikk: Tor Haugerud
Med: Line Strøm, Hilde Bjerkeskaug og Terese Vangstad
Trøndelag Teater, Teaterkafeen (og Kasematten på Kristiansten festning)

Bildet:
SKO MED SKO PÅ: Sko i alle utenkelege fasongar. FOTO: AMUND GRIMSTAD

Ei leiken, vakker, poetisk og ikkje minst uvanleg interaktiv framsyning.

”De Røde Skoene” er ein etter kvart gamal produksjon som hadde urpremiere på kvinnedagen i 2008. Sjølv såg eg framsyninga første gong i Kasematten på Kristiansten Festning i juni same året, og blei mektig begeistra. På den tida hadde eg ikkje nokon blogg, og avisa eg skriv for hadde innført eit merkeleg regime (som nå heldigvis er oppheva) om at ein ikkje skreiv om barneteater. Eg måtte difor brenne inne med begeistringa mi. Då eg etablerte meg som teaterbloggar, bad eg difor ”Teater Fot” om å seie frå om produksjonen skulle kome til ein plass nær meg slik at eg kunne få sett han att og melde han. Etter nesten to og eit halvt år, og på slutten av livet til denne produksjonen, er bønene mine blitt høyrt, og denne veka blir skoa presentert to gongar dagleg i Teaterkafeen på Trøndelag Teater. Eg såg att oppsettinga i dag. Det var eit triveleg gjensyn, og slik det ofte er med interaktivt teater – ganske annleis frå første gongen.

Denne produksjonen er mynta på barn i alderen eitt til to år, altså dei som akkurat har lært seg å gå, og som er nysgjerrige så det held og fysisk heilt ustoppelege. Med andre ord ei særs krevjande målgruppe, men utruleg takknemlege om du treff. Lise Hovik er av dei mest røynde i landet med omsyn til teater for dei yngste, og under hennar kyndige leiing har den vesle teatergruppa utvikla ein produksjon der dei tre aktørane på scena syng, nynnar, dansar og leikar seg fram til eit møte med ei særs skeptisk målgruppe som for ein gongs skuld ikkje skal bli haldne att av foreldre og øvrigheit, men som skal få lov å gjere det dei har- og får lyst til i løpet av framsyninga.

Til lyd- og musikalske kulisser laga og framført av Tor Haugerud startar det heile med forsiktig scat-song, ei slags flørting med publikum. Framføringa eg såg for to år sia fekk etter kvart eit par ungar til å driste seg frampå golvet, men det sat ganske langt inne. Likevel var det tydeleg at konsentrasjonen til ungane var på topp. Dei følgde med, lo og gledde seg med det som skjedde. Men altså med ein trygg distanse der foreldras fang var ein solid base det ikkje var så lett å frigjere seg frå. Ikkje slik i dag. Ungane var raskt på scena, og på det meste talde eg over tjue småtroll som var heilt ukontrollerbare. Med andre ord to totalt ulike framsyningar, kanskje i kvart sitt ytterpunkt av kva Teater Fot hadde planlagt, men likevel båe heilt tydelege på at dette fenga.

Etter oppstarten med lett flørting med publikum i enkel koreografi, gjekk skodespelarane gradvis over til det verkeleg opplevingsrike. For ei målgruppe som akkurat har lært å gå, er fottøyet ein særs sentral reiskap. Og her fekk vi presentert sko i eit utal, og i fasongar du aldri før har sett. Mange av dei hadde andlet, nokre var som høyretelefonar, andre var som akvarium, og atter andre var berre nydelege raude sko. I denne opplevingsrikdomen boltra både dei tre på scena, og alle ”statistane” seg hemningslaust.

Vaskesetelen for denne produksjonen presenterer henne som ei interaktiv framsyning for dei aller minste. Det er berre delvis sant. Dei to oppsettingane eg har sett synte båe at dette raskt blei interaktivt, og at det var dei aller minste som sytte for at det blei slik. Men nettopp interaksjonen, og den spontane og heilt tydeleg gleda alle ”statistane” gav uttrykk for, gjorde at det blei ei ganske unik oppleving også for dei aller eldste. Utan ungane ville framsyninga ha blitt relativt ordinær.

Lise Hovik og Teater Fot har med denne produksjonen synt at det er mogeleg å lage godt teater heilt ned i dei ennå språklauses sfærar. I solid tillit til ungane har dei laga ei oppsetting som tydeleg fenga og fengsla dei små, og som nettopp gjennom det at dette var så synleg, også gjorde det til ei minnerik teateroppleving for oss godt vaksne. I tillegg var det ei sanseleg, poetisk, vakker og særs leiken oppsetting.
Amund Grimstad

One Response to “Skodd for interaksjon”

  1. […] opptatt av teater for dei aller yngste. I 2008 laga ho den grensesprengande framsyninga «De Røde Skoene«. Det var ei sanseleg, poetisk og særs leiken oppsetting der Hovik synte at det går an å […]

Leave a Reply