Tek barn på alvor

TEATER

HAKKING: Dvergspetten Kix (Live Strugstad) blir liten mot flaggspett og svartspett. FOTO: ANDREA HAUGERUD HOVIK

Du skal få høre fuglesang
Av Teater Fot
Idé og regi: Lise Hovik
Koreografi: Line Strøm
Musikk: EnEnEn; Tor Haugerud, Eirik Hegdal og Michael Francis Duch
Scenografi: Ingrid Becker
Med: Andreas Medbøe Thoresen, Janne Brit Rustad og Live Strugstad
Trøndelag Teater, Teaterkjellaren
Blir spela fram til 12. desember.

Teater for barn kan vere både eksperimentelt, interaktivt og særs opplevingsrikt, og det finst knapt noka nedre aldersgrense.

Lise Hovik er dramapedagog og har gjennom gruppa Teater Fot vore spesielt opptatt av teater for dei aller yngste. I 2008 laga ho den grensesprengande framsyninga «De Røde Skoene«. Det var ei sanseleg, poetisk og særs leiken oppsetting der Hovik synte at det går an å lage intelligent og opplevingsrikt teater også for ungar som er berre eitt til to år gamle. Over same lest har ho nå produsert ein teatertrilogi for dei minste med utgangspunkt i ornitologien. Dei tre framsyningane på dryge halvtimen kvar hadde urpremiere på Trøndelag Teater laurdag, og nok ein gong syner Hovik at teater for barn kan vere både eksperimentelt, interaktivt og særs opplevingsrikt, og ho bryt dramatisk med den barneteatertradisjonen vi i desse førjulstider står midt oppe i.

Dei tre framsyningane heiter «Spurv» (0-2 år), «Nattergal» (3-5 år) og «Hakkespett» (6-9 år). Sams for dei er at dei tek utgangspunkt i fuglane dei er oppkalla etter, at dei er særs musikalske og visuelle, og at dei tek målgruppa si på høgste alvor. Men der sluttar òg likskapen. «Spurv» var ei leiken og interaktiv danseframsyning der koreografert rørsle og enkel dans synte oss sporven, den kanskje mest kjende småfuglen vår, frå klekking og den første famlande utforskinga av den store verda, til mating og nyfiken leik. Etter kvart var ungane i publikum like mye med på leiken og utforskinga som skodespelarane, og til tider var det ganske mange framsyningar i sving på ein gong. Det fantastiske var at dei i så stor grad drog i same retning.

«Nattergal» var ei meir poetisk, episk og tekstbasert historie, bygd på eit eventyr av H.C. Andersen der den bortskjemde prinsessa aldri fekk nok, og til slutt ønska seg ein nattergal. Men fuglen slutta sjølvsagt å synge når han kom i fangenskap, og den kanskje vel tydelege moralen var at både prinsessa og nattergalen først blei frie når dei kom vekk frå slott og bur.

I «Hakkespett» tok Hovik oss attende til dansen og det meir ekspressive. Slik som menneska, hakkar også spettane på kvarandre. Gjennom dans, mime og fuglespråk fekk vi oppleve venskap, utestenging, mobbing, – og forsoning. Det var vakkert framført og trass i utfallet og openberr moral, langt frå moralistisk.

Hovik har eit velinstruert ensemble men likevel med stor individuell fridom ettersom så mye av dette er interaktivt og ein aldri heilt veit kva som vil skje. Dansaren Live Strugstad og skodespelarane Andreas Medbøe Thoresen og Janne Brit Rustad utfyller kvarandre, og har tydeleg studert ornitologien for å få fram dei rette fugleartane. Like viktig som dei tre aktørane, er det musikalske bakteppet. Tre uvanleg dyktige jazzmusikarar syner oss at det som kan vere vanskeleg tilgjengeleg musikk for uvande vaksne, er heilt naturlege lydar for ungar. Tor Haugerud på ulike slagverk, Eirik Hegdal på saksofon og Michael Francis Duch på kontrabass lagde musikk og lydkulisser som ein integrert del av framsyningane. Særleg kom dette fram i «Spurv» som var ei sansemessig totaloppleving, ei vakker og poetisk framsyning der alt kan skje.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 26. november 2012.)

Leave a Reply