Hysterisk morosamt

TEATER

SirkusSkatten
Av Forfattarkollegiet
Instruktør: Christina Smeby
Framført av Studentersamfundets Interne Teater (SIT)
UKA 05 Studentersamfundet i Trondhjem

Barneteater som er artig, velspela, sjarmerande og med masse undertekst.

I over tjue år har det vore tradisjon å sette opp barneteater på UKA i tillegg til revyen. For to år sia braut studentane tradisjonen, men det førde til store protestar og nå er barneteatret på plass att med ei oppsetting som berre riv deg med og overende, og som er vel så artig som revyen i Storsalen.

Historia er enkel og klassisk. Ein by blir regjert av ein slem (men akk så sjarmerande) greve. Vår mann er ein ung tjuv som eigentleg er ganske ærleg og på leiting etter ein skatt bestefaren gøymde unna då han gav seg som verdas siste sjørøvar. Til byen kjem ein temmeleg avdanka sirkustrupp. Og så er vi gang. I eit sirkustelt rett utom Studentersamfundet får vi presentert denne relativt tunne historia av eit ensemble som struttar av energi, speleglede og komisk talent. Etter ei litt famlande opning, får vi servert ei stram og særs velregissert oppsetting full av gode detaljar. Det er rølpeteater, ganske interaktivt, litt meta, og hysterisk morosamt. Ungane i salen kosar seg. Det gjer vi andre og, for her formeleg boblar det over av undertekst og humor for den vaksnare del av publikum. Dette er ei oppsetting i beste Knudsen og Ludvigsen-tradisjon. Det er sjølvironi, snert, publikumsfrieri, masse sjarm og you name it. Songane er også gode, og ein blues for dei svake fortener definitivt eit liv etter dette. All ære til SIT for å ta ungane på alvor att, og for å lage så godt teater at både ungar og vaksne får full valuta og vel så det! Om du skal sjå berre ei framsyning under UKA 05, er barneteatret definitivt førstevalet!

Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen onsdag 12. oktober 2005)

Leave a Reply