TEATER

«Husjomfru»
Teatret Vårt, Storyville
Av: Edvard Hoem
Dramatisert av: Kjersti Sandal
Regi: Kristian Lykkeslet Strømskag
Scenografi: Kristian Lykkeslet Strømskag og Jonas P A Fuglseth
Lysdesign: Jonas P A Fuglseth
Lyddesign: Sindre Klykken
Med: Anne Wiig
Julie Hoem, den kanskje mest anonyme i Edvard Hoems slektskrønike, blir i Anne Wiigs finstemte tolking løfta til eit vakkert portrett av eit kvinneliv.
Med romanen «Felemakaren» i 2020 trudde Edvard Hoem han sette punktum for slektskrøniken som starta med «Slåttekar i himmelen» og som følgde slekta hans gjennom utvandring til USA. Deretter fekk Hoems oldemor, jordmora Marta Kristine Nesje og til slutt felemakaren Lars Hoem også sine bøker. Men så kom felemakaranes yngste dotter, Julie Elisabeth Hoem, til han i ein draum og spurde: «Kva med meg, da?» Draumen var så livaktig at Hoem måtte skrive nok ei bok, – denne gongen om ho som i mange år tente som husjomfru i fine bergenske familiar.

Både «Slåttekar i himmelen» og «Jordmor på jorda» er dramatiserte og båe produksjonane tok godt vare på Hoems episke forteljingar. Nå har Teatret Vårt også dramatisert «Husjomfru» frå 2023, men denne gongen som eit tett og intenst forteljarteater der Anne Wiig på overtydande vis både er husjomfrua, forteljaren og alle som Julie Hoem (1836-1911) møtte gjennom eit langt liv.
På midten av 1800-talet var det ikkje mange jobbar å velje mellom for kvinner. Den einaste profesjonsutdanninga var å bli jordmor, noko Edvard Hoem har skrive utførleg om i romanen om tippoldemora. Det vanlegaste var å få seg huspost hjå betre stilte familiar. Og slik blei det for Julie Hoem. Vi møter henne første gong som ein særs fremmeleg trettenåring som gjer halsbrekkande klatring i seglskuterigg på hamna i Christiansund for å vekkje merksemda til klippfiskkongen Nicolay Knudtzon. Det lukkast, og når ho attpåtil svarar han på engelsk etter å ha lese seg opp i King James Bible som faren hadde skaffa seg i engelsk fangenskap under Napoleonskrigane, var jobben hjå Knudtzon i hus.
Så følgjer vi Julie til ulike velståande familiar i Christiansund og Bergen der ho stig i gradane til «husjomfru», den som er å rekne som hushaldets styrar og som fekk sitje ved herskapets bord. Men livet er ikkje rettlina, og også den gongen var det både maktmenneske og klåfingra menn. Julie var ei stolt, og sjølvmedviten kvinne, ikkje utan draumar, så ho skifta post når det syntest rett. Lagnaden førte henne fleire stadar, også nokre år til USA. Men ein kombinasjon av alderen hennar og nye tider gjorde at huspostane etter ein del år ikkje lenger stod i kø. Julie opplevde aldri den lukka ho drøymde om, men mot slutten var ho likevel særs heldig, og fekk sine siste år på aldersheimen «Alders Hvile» der ho sovna inn i 1911.

Der Edvard Hoem i romanen har kunna måle ut med brei pensel, har Kjersti Sandal i si dramatisering vore nøydd til å kutte og fortette. I romanen får vi ikkje berre eit innblikk i Julies liv og tankar, men vel så mykje ei rik og omfattande miljøskildring av livet i Bergen for 150 år sia. Sandal har nærast gjort det motsette. Ho går under huda på Julie der hovudsaka blir å fortelje om eit kvinneliv medan miljøet rundt henne berre blir eit bakteppe. I tillegg har Sandal også greidd å ta vare på Edvard Hoems særeigne forteljarstemme og litt høgstemte språk. Framsyninga er dryge halvannan time utan pause, og sjølv om Anne Wiig stort sett held oss trollbunde, saknar eg litt i dramaturgien. Det blir mykje på det jamne, og nokre av dei dramatiske hendingane som er strokne, som den store bybrannen i Bergen, kunne kanskje ha fungert som eit kjærkome dramaturgisk brot.
Kristian Lykkeslet Strømskags regi er tru mot både dramatiseringa og det episke hjå Hoem. Framsyninga er blitt ein fin kombinasjon av forteljarteater, Julies eiga beretning og skildringa av eit utal folk ho møter. Og her er ingen forstyrrande effektar. Scenografien er enkel, – berre ei seng og projisert hav under ei himmelkvelving.

Når denne smålåtne framsyninga er blitt så varm og vellukka, skuldast det i stor grad at Anne Wiig har ein heilt uvanleg nyanserikdom i registeret sitt. Eg har sett det i fleire tidlegare produksjonar, men her overgår ho det meste. Ho er forteljarstemma på normert bergens-nynorsk, ho er den nordmørske ungjenta som etter kvart blir bergensar, og ho er sunnfjording, stril, austlending, nordlending og meir til. Utan store fakter, innlevande, lågmælt og med variert dialektbruk og ein formidabel nyanserikdom i mimikk og små gestar gir ho liv og truverd til både Julie Hoem og ei mengd andre personar.
(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 28. februar 2026.)