Det er berre ord

TEATER

KVIFOR?: «Den andre» (Ronny Patrick Jacobsen ) slår ut med hendene i fortviling og redsle når «den eine» (Hans Petter Nilsen) vel å hoppe på sjøen. FOTO: VEGARD EGGEN

«Eg er vinden»
Trøndelag Teater, Studioscena
Av: Jon Fosse
Regi: Kjersti Haugen
Scenografi og kostyme: Katrin Bombe
Komponist: Erik Hedin
Videodesign: Stein Jørgen Øien
Lysdesign: Eivind Myren
Med: Hans Petter Nilsen og Ronny Patrick Jacobsen

To skodespelarar som knapt forstår kvarandre, men som likevel leverer eit tett og imponerande synkront samspel.

«Eg ville det ikkje. Eg berre gjorde det», seier «Den eine» i opninga av Jon Fosses «Eg er vinden» frå 2006. Dramaet tek til med denne replikken etter at «Den eine» har teke livet av seg ved «berre å gjere det». I retrospekt og gjennom ein tenkt samtale freistar «den andre» å nøste opp trådane frå den fatale båtturen deira der det heile endar med at «den eine» hoppar på sjøen. Attende står «den andre» med fortviling, redsle og kanskje både raseri og skuldkjensle.

«Eg er vinden» handlar om to personar i ein båt. Teksten seier lite om kva for relasjon det er mellom dei, men det er tydeleg at «den eine» er båtvand, medan «den andre» ikkje er det. I tilvisinga skriv Fosse at «Eg er vinden speler seg ut i ein tenkt og så vidt illudert båt, og handlingane er også tenkte, og skal ikkje utførast, men illuderast.» Det er samtalen mellom dei to, det som til slutt endar med sjølvmordet, som er det viktige. Samstundes blir det stadig ytra at «det er berre ord», og at orda ikkje tyder noko. Men bakom den tenkte dialogen, som er full av daglegdagse trivialitetar, byggjer Fosse likevel opp til det som skal skje.

SAMSPEL: To skodespelarar (Ronny Patrick Jacobsen og Hans Petter Nilsen) som knapt forstår kvarandres språk, leverer eit imponerande synkront samspel. FOTO: VEGARD EGGEN

Trøndelag Teaters oppsetjing av «Eg er vinden» er eit samarbeid med Teater Manu, det norske teiknspråkteateret. I deira oppsetjingar blir det som oftast spela med teiknspråk, og teksta eller lese for høyrande, eller som ein kombinasjon av tale og teiknspråk der talen blir døvetolka. I denne oppsetjinga har dei vald ein heilt ny vri. «Den eine» (Hans Petter Nilsen) snakkar, og «den andre» (Ronny Patrick Jacobsen) nyttar teiknspråk. Og for at alle skal forstå, tek dei opp att i eige språk kva motspelaren seier. Løysinga er ikkje uproblematisk. For oss som ikkje kan teiknspråk, måtte vi stø oss på «den eines» utsegner, og hans attgjeving av den andre. Når alt er særs lågmælt, og utan varierande tonefall eller dialekt, blir det ofte vanskeleg å fatte kven det er som snakkar. Til ein finn ut det kanskje ikkje er så viktig. For alt er jo berre ord, ein endelaus straum av ord om heilt kvardagslege ting.

Kjersti Haugen har i sin regi både brote med Fosses scenetilvising og samstundes vore tru mot han. Katrin Bombes scenografi er eit plan som heng i fire kjettingar og som kan heisast og setjast i rørsle som ei stor disse. Kombinert med videoprojeksjonane til Stein Jørgen Øien, blir det slik skapt illusjonar av gyngande og etter kvart opprørt hav. Og når dei to går i land på ein holme, fyrer dei opp primus og tar til seg ekte føde. Med andre ord langt frå Fosses tilvising om illudering, men samstundes tru mot teksten som har med alle desse kvardagslege detaljane.

Dramaet handlar om sjølvmord, og den skjøre lina som dei fleste av oss held oss frå å krysse, men ikkje alle. Den attendeskodande kvardagspraten mellom dei to indikerer og byggjer opp under det som etter kvart blir «den eines» val. Først berre som små teikn mellom alle orda, men stadig sterkare når han som båtførar set rett til havs jamvel om vêret dreg seg til, og «den andre» blir meir og meir redd. Fosse gir ingen svar på kva som fører til at «den eine» hoppar på sjøen. Sjølvmord er ei djupt egoistisk handling utan tanke på dei som blir att. Og dette blir uvanleg tydeleg i denne versjonen der Kjersti Haugen har gjort endelykta meir realistisk og dramatisk enn det eg har sett tidlegare. Ikkje berre hoppar «den eine på sjøen», men han gjer det framfor augo på «den andre» og set samstundes han også i livsfare som lite båtvand på opprørt hav.

Hans Petter Nilsen og Ronny Patrick Jacobsen står godt til kvarandre og det tette samspelet deira er ein formidabel prestasjon i eit særs teksttungt drama der dei i røynda må spele båe rollene utan å kunne nytte motspelarens replikkar som støtte for sine eigne. Det er ikkje alltid like vellukka. Men det hjelper at typane er så ulike. Hans Petter Nilsens «den eine» er roleg og lågmælt nærast til det kviskrande, medan Ronny Patrick Jacobsen er langt meir fysisk, og hans særs ekspressive spel i finalen er ei overtydande tolking av redsla og fortvilinga han kjenner.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 8. september 2025.)

Leave a Reply