Blues for Thomas F

TEATER

MINIMALISTISK: Trond Lie gir eit varsamt og truverdig portrett av Thomas F der orda får stå i sentrum. FOTO: AMUND GRIMSTAD

«Thomas F’s siste nedtegnelser til almenheten»
Vinterlysfestivalen, Mo i Rana
Av: Kjell Askildsen
Dramatisering, regi og framføring: Trond Lie

Ei varsam, respektfull og minimalistisk tilnærming til Kjell Askildsens noveller.

Forfattaren Kjell Askildsen (1929-2021) var ein særs kresen minimalist der ikkje eitt ord var overflødig. Særleg gjennom novellene sine vann han seg eit ry som «forfattaranes forfattar». Sjølv om han har omsett ein del drama, er det nok ikkje utan grunn at ingen av tekstane hans er blitt dramatisert. Til nå. (Sjå fotnote.) Det er eit litterært stoff ein tek i med ærefrykt. Men nå har regissøren og skodespelaren Trond Lie laga ei særs varsam dramatisering av «Thomas F’s siste nedtegnelser til almenheten», og urpremieren var på Vinterlysfestivalen i Mo i Rana for eit lydhøyrt og svært begeistra publikum.

«Thomas F’s siste nedtegnelser til almenheten» er ei novellesamling frå 1983, og blei av Dagbladet kåra til den beste skjønnlitterære boka dei siste 25 åra. Med denne novellesamlinga vann Askildsen seg ei langt større lesarskare enn tidlegare. Boka består av to noveller der den siste er tittelnovella. Ho består igjen av ti korte tekstar lagt i munnen på den aldrande enkemannen Thomas F. Ikkje så reint lite folkesky har han forskansa seg i leilegheita si, litt sur på det meste, og også noko lei av livet. Men ikkje meir enn at han likevel er nyfiken på kva som skjer og også har kontaktsøkjande og sosiale sider. Med lun humor og ein god porsjon sjølvironi gir Askildsen oss den gamle mannens meiningar om livet, tilværet og mykje anna.

Trond Lie (f. 1949) er utdanna skodespelar, men har dei siste tretti åra hovudsakleg arbeidd som regissør. Dramatiseringa hans av «Thomas F» er ei varsam og særs respektfull tilnærming til Askildsens forteljing. På eit kvadratisk scenegolv markert med raud teip er det ikkje anna enn skodespelaren og fem stolar. Brota mellom dei ti kortnovellene fyller han med å stadig ommøblere stolane, og i siste novella forstår vi at dette ikkje berre er eit fikst regigrep, men direkte knytt til det Thomas F fortel. Når han ein sjeldan gong bryt ut av eksilet og forlét leilegheita, går han ut av kvadratet og lyset blir litt kraftigare. Det er det heile når det gjeld sceniske effektar. For her er det forteljinga og orda som står i sentrum.

Med lun humor, god tid, (slik gamle menneske har) og finstemt mimikk gir Trond Lie oss eit vakkert og innlevande portrett av Thomas F og hans mange betraktningar. Det er blitt ei lun, humoristisk og litt blå framsyning som eg håpar Lie får høve til å ta med seg ut til litteraturhus og småscener og til alle som er glad i god litteratur og framifrå scenekunst. For det skal ikkje meir til enn dette for å lage godt teater.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 17. februar 2025.)

Fotnote: Eg er i ettertid gjort merksam på at både «Thomas F’s siste nedtegnelser til almenheten» og «Carl Lange», båe frå same novellesamlinga, blei dramatiserte for Fjernsynsteateret i høvesvis 1991 og 1987.

Leave a Reply