Uendeleg mange lag

CHEERFULLY PUT TO DEATH: Etter å ha trudd at den norske turisten Anna (Helga Guren) var ein Gud, blir Roger (James Long) skuffa. Då er det enklaste eit skytevåpen. FOTO: BEN SPECK

TEATER

«And We Cheerfully Put the Gods to Death»
Rosendal Teater
Av: Spreafico Eckly
Manus: James Long og Andrea Spreafico
Regi: Andrea Spreafico
Lysdesign: Thomas Bruvik
Med: Helga Guren og James Long

Ei framsyning som både handlar om seg sjølv og på leikent vis om så mykje anna, – veldig mykje anna.

Den Bergens-basert kunstnarduoen Spreafico Eckly er eitt av dei mest innovative og spennande teaterkompania i landet for tida. I løpet av dei siste åra har dei produsert to særs gode minioperaer med utgangspunkt i Dante Alighieri og hans «Skjærselden» frå «Den guddommelege komedie». Men det er framsyninga «Footnote # 12» frå 2019 som verkeleg sette dei på kartet for min del. Der greidde dei å lage ei heilaftans framsyning om ein fotnote i David Foster Wallace sitt ikoniske essay «Federer as Religiuos Experience» om Wimbledonfinalen mellom Roger Federer og Rafael Nadal i 2006. Med canadiske James Long frå Theatre Replacement på scena, blei det ei intelligent og særs underhaldande framsyning.

Nå er dei attende med ein litt tilsvarande produksjon, der James Long er med både som medforfattar og skodespelar. I tillegg har dei fått med Helga Guren som nettopp har opplevd prisdryss for den kinoaktuelle filmen «Elskling». Det er blitt nok ei leiken framsyning med eit utal lag, og som i «Footnote # 12», med ei høgst litterær tilnærming.

Denne gongen er førelegget den argentinske forfattaren Jorge Luis Borges (1899-1986) og hans korte tekst «Ragnarök». Den handlar om gudanes tilbakekomst der menneska blei skuffa og enda opp med skyte dei («And We Cheerfully Put the Gods to Death»). På bakgrunn av denne teksten har James Long og Andrea Spreafico laga ei meta-meta-meta-framsyning der det aldri er heilt enkelt å forstå i kva for lag av historia vi er. Utgangspunktet er karaokebaren Trolls Lounge i Fargo i Nord Dakota. Dit kjem den norske turisten Anna, og møter den lokale Roger (James Long) som er i overkant opptatt av det norske. Eller kanskje er utgangspunktet Helga Gurens og James Longs arbeid med eit filmmanus om hendingane i denne karaokebaren? Kva framsyninga handlar om, spelar i røynda inga rolle, for her er det den leikande vekslinga mellom alle laga som gjer det spennande.

Etter ein forsnakk mellom Guren og Long, moderert av Andrea Spreafico, og der vi eigentleg blir meir nysgjerrige og kanskje forvirra enn opplyste, er vi i gang. Scena er baren Trolls Lounge med bardisk, stolar og bord, og for å gjere dette meir autentisk, møblerer Long og Guren lokalet med folk frå publikum. Anna er ein ung, norsk turist som har forvilla seg inn i denne baren, og der møter ho Roger som har fornorska namnet sitt til Råger, som han uttalar Ruger. Han er gift med Karen, ei norsk, eller i alle fall norskætta, kvinne som driv med rosemaling. Roger nærast fetisjerar det norske i ein etter kvart ganske rasistisk måte som i utsegna «Norwegians make the best Americans». Som mange norskamerikanarar, trur han Norge er rosemåling, lutefisk, og hardingfele. Når Anna ikkje er med på dette, og etter kvart får eit latteranfall som set publikums tolmod på prøve, er tolmodet også over for Roger. På fiktivt vis plaffar han ned Anna, eller den guden han har drøymd i hop.

Handlinga og historia er ikkje det viktige i denne framsyninga, men vekslinga mellom alle dei ulike laga, og, som i «Footnote # 12», leiken med ord og språk, der dei stoppar opp ved einskildord, og ulike tydingar, og vrir og vrenger på dei. Dette er stor underhaldning for den som er glad i språklege nyansar og det litterære. Alle metalaga er også til å kose seg med, som når Roger fortel Anna at ho studerer psykologi. Ho spør korleis han veit det, og svaret hans er «because I made you up». *

Helga Guren og James Long er så avslappa og naturlege i rollene at vi like gjerne kunne tru vi var fluger på veggen i ein verkeleg bar Der går dei to gjennom eit filmmanus som handlar om noko på ein bar som igjen handlar om ein korttekst av Borges som sikkert igjen handlar om, ja Gud veit, – om du forstår kva eg meiner. For det er her den verkelege opplevinga ligg. Framsyninga er kanskje ikkje det eg ville tilrådd for den som aldri har vore på teater før, men for dei som er opptekne av litteratur, scenekunst og teaterets mange konvensjonar, verkemiddel og uttrykksmåtar, er denne framsyninga ei skikkeleg gåvepakke.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 16. november 2024.)

*
I etterkant har eg fått opplyst at det var Anna som kommenterte at ein annan i baren studerte psykologi, og som deretter sa at ho visste det, fordi ho «made you up». Ettersom det viktige ikkje er kven som sa det, men meta-grepet som dei nytter, har eg vald å la det stå.

Leave a Reply