TEATER/OPERA
«Durante and the Bad Loves (Purgatorio X-XXVI)»
Rosendal Teater,
Av: Spreafico Eckly og Matteo Fargion
Tekst og regi: Andrea Spreafico
Musikk: Matteo Fargion
Koreografi: Daniela Cruz
Musikarar: Björn Guo, Stefan Penjin og Live Sunniva Smidt
Med: Robert M Johanson, Martha MacBean, Francesca Fargion og Matteo Fargion.
Kan eit sjuhundre år gamalt verk seie oss noko om moral i vår eiga tid?
Nok ein gong legg den Bergensbaserte kunstnarduoen Spreafico Eckly urpremieren sin til Rosendal Teater. For fire år sia var det med eit teaterstykke som handla om den tolvte av fleire fotnotar i eit avisessay.(!) Og for to år sia sette dei søkeljos på Dantes sju hundre år gamle «Den guddommelege komedie». Det gjorde dei med ein kammeropera som tok for seg dei ni første av songane i «Skjærselden», den midtre delen av Dantes verk. Ein skulle tru at dette var teater berre for spesielt interesserte, men det er heilt feil. Båe produksjonane var overraskande underhaldande, fulle av humor og språkleg leik, og med rom for mykje ettertanke. Nå er Spreafico Eckly attende med ein ny kammeropera som tek for seg fleire andre av songane frå «Skjærselden», og i helga var det urpremiere på Rosendal Teater.
Den florentinske forfattaren Dante Alighieri (1265-1321) skreiv «Den guddommelege komedie» dei siste åra av livet sitt. Verket er bygd opp i tre delar (Helvete, Skjærselden og Paradiset) og hundre songar (canti). Det handlar om då Dante sjølv vitja dei tre dødsrika nokre påskedagar i 1300, og der han hadde med seg den romerske diktaren Vergil som vegvisar. Nå dykkar Spreafico/Eckly vidare ned i materien, og med ein ny opera utforskar dei fleire av dei andre songane i «Skjærselden».
Det heile er bygd opp om Dante (eller Durante som han eigentleg heitte), som i dag fortel kva som skjedde då han for 700 år sia vitja dødsriket, og spesielt mellomstasjonen Skjærselden. Det er dit dei udefinerbare kjem for å få avklaring om endestasjonen blir paradis eller helvete. Robert M. Johanson, kjend frå det amerikanske kompaniet Nature Theater of Oklahoma, er Dante, og fortel pedagogisk om at skjærselden er som ein lærestad med sju klasser, eller eit fjell med sju nivå, eitt for kvar av dødssyndene og på same tid også for ulike kompenserande dygder. Og så tek han oss med på ei reise i sju akter gjennom hovmod, avundsjuke, sinne, latskap, grådigheit, fråtsing og begjær. Og samstundes også gjennom deira guddommelege motsatsar.
Scena er relativt ope og den einaste scenografien er tynne draperi med teikningar som skal illustrere dei ulike nivåa vi skal gjennom. Vi får utlevert librettoen, og lyset er aldri meir dempa enn at vi kan følgje med, – om vi vil. Førre gongen blei Dante spela av komponisten Matteo Fargion medan Robert M. Johanson var Vergil. Nå er Johanson den forteljande Dante medan Fargion er ein slags kommentator som syngande siterer frå originalen. Og mange av dei Dante møter undervegs blir framført av dei to særs dyktige songarane Martha MacBean og Francesca Fargion. Tonefølgjet, som for to år sia var tre strykarar, er nå erstatta av dei same musikarane, men på synth. Det gir eit heilt anna lydbilde. Når dei låner og stel tema frå både Rossini, Vivaldi, Puccini, Wagner og fleire til, og i tillegg også vegeterer litt på meir moderne filmmusikk, så er det både for å dra parallellar til dagens haldning til dygder og dødssynder, og for å skape ikkje så reint lite metateater.
Musikken til Matteo Fargion kan i starten kjennest litt monoton, men blir etter kvart overraskande melodiøs. Med tre, eller eigentleg fire, synthar blir det heile temmeleg insisterande og mektig. Men samstundes blir dette flott kontrastert av songarane. Robert M. Johanson er ein framifrå skodespelar, men også ein særs god bass med eit overraskande stort register. Og Martha MacBean og Francesca Fargion greier med song, og nesten banalt enkel koreografi å få fram både undertekst, og ikkje minst ein god porsjon humor.
I alle produksjonar eg har sett av Spreafico/Eckly har det vore det litterære, nyansane i språket og alle tolkingane som kan finnast i ein tekst som ligg i botn Slik er det også denne gongen, og for dei som set pris på slikt, er her uendeleg mykje å gle seg over.
(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 21. oktober 2023.)