TEATER

«Dette er ikke oss»
Nationaltheatret, Torshovteatret
Av: Monica Isakstuen
Regi: Terje Strømdahl
Med: Anneke von der Lippe, Øystein Røger, Gisken Armand og Eindride Eidsvold
Når teksten er god nok, regissøren veit kva han vil, og skodespelarane er dyktige, kan ei rein ilesesetjing bli ei fullverdig teateroppleving.
Som ein ouverture til torsdagens urpremiere på «Han andre» på Amfiscenen, har Nationaltheatrets satellitt, Torshovteatret, frå 25. november vist ei iscenesett lesing av Monica Isakstuens drama «Dette er ikke oss» frå 2022. Stykket hadde urpremiere på Den Nationale Scene i Bergen i januar 2022, og sceneteksten fekk Ibsenprisen året etter. Då eg las teksten før urpremieren, blei eg imponert over alle laga, alt det usagte og ikkje minst all underteksten, og såg difor fram til framsyninga i Bergen. Men eg blei ganske skuffa. For teksten var blitt det eg vil kalle overregissert, og slik forsvann mykje av underteksten og dei mange opne tolkingane.

Eg var difor særs spent på kva Terje Strømdahl og dei fire skodespelarane på Torshov ville greie å få ut av dette med berre ei ilesesetjing, og det etter ein særs stutt prøveperiode. Eg såg framsyninga på nest siste speledag, halvanna veke etter premiere, og på eit tidspunkt der stoffet hadde festa seg og skodespelarane snart kunne ha frigjort seg frå manus. Og eg må få seie det med ein gong. Dette var noko anna. Her fekk den særs gode teksten verkeleg kome til sin rett.
Det er ein sommarmorgon og frukost i ein tilsynelatande heilt vanleg kjernefamilie. Det er MIN MOR, MIN FAR, MIN SØSTER og MIN BROR. Men her er det openbert ein EG-person som manglar, og om den personen får vi berre få indikasjonar. Finst han? Har han døydd? Og Isakstuen gir seg ikkje der, for i løpet av dramaet opnar ho for at det kanskje ikkje er nokon att av ungane. Eller? Tolkingane er mange, og det er med på å gjere framsyninga både open og spennande, – og tolkingshøva legio.
I denne familiefrukosten tar det til med ein monolog frå MIN MOR (Anneke von der Lippe) som nærast ser seg sjølv utanfrå og erklærer at dette er ikkje eg, mitt hus eller mitt kjøkken. Og allereie her forstår vi at denne familien ber på noko usagt. Så kjem tenåringsdottera MIN SØSTER (Gisken Armand) til frukost, og samtalen blir både like triviell som slike samtalar brukar å vere, men også hatsk og bitande som det kan vere i eit mor/dotter-forhold. Vi anar eit minefelt om noko stort og uforløyst. Og eksplisitt om at det er ein litlebror som ikkje finst lenger, og vi forstår at dette i røynda er ein familie i djup sorg. Etter ei god stund kjem også MIN FAR (Øystein Røger) til bords og ber dottera om ikkje å snakke slik til mora. Før yngsteguten MIN BROR (Eindride Eidsvold) freistar å vere diplomat og ber om latter. Så går dialogen på kryss og tvers om alt og inkje, om ulike kvardagslege ting, men likevel alltid med det dystre bakteppet og det uforløyste og den fiendtlege undertonen. Isakstuens tekst borar i innestengde kjensler og motseiingar, skrive med eit særs observant blikk.
I denne dysfunksjonelle familien er det forholdet mellom mor og dotter som tar mest plass medan faren freistar, nokså fåfengt, å vere forsonande, og sonen er den som vil alle vel, og som, trass alderen, kanskje er den einaste nokolunde rasjonelle.
Det er sommar, og dei fire kjem etter kvart på at dei skal ut og sykle, eller kanskje bade. Kva som så skjer skal eg ikkje røpe, for denne teksten er så god at han heilt sikkert vil bli sett opp att på ei eller anna scene, og halve opplevinga er dei tankane som han set i gang om kva som har råka denne familien. Og kor mange er dei eigentleg?
Når eg skriv at dei ulike personane «kjem til frukost» eller «set seg til bords», så er det ikkje kva som fysisk skjer, men berre kva teksten fortel. I Terje Strømdahls varsame, men likevel tydelege regi, er det ingen scenografi, berre fire stolar og eit par golvteppe. Skodespelarane sit stort sett på kvar sin stol med oppslått manus, men flyttar stundom seg og stolen litt rundt på scena. Det er minimalt med fysisk spel, men det gjer at teksten, saman med presis intonasjon, blir så uendeleg mykje sterkare. Det er fire særs gode skodespelarar som gjennom denne stutte prøve- og speleperioden er blitt fortrulege med teksten. Det som kunne ha blitt berre ein open leseprøve med publikum, er i staden blitt ei nærast fullverdig teaterframsyning. Eg for min del sakna ikkje noko. Tvert om greidde denne lesinga å opne mange av dei romma som Isakstuens tekst inneheld, i staden for å lukke halvparten av dei, slik framsyninga i Bergen gjorde.
