TEATER

«Nerbyen – Et blaff i historien»
Jødisk kulturfestival, Trondheim
Av: Øyvind Brandtzæg og ensemblet
Regi: Øyvind Brandtzæg
Kostyme og scenografi: Jenny Hilmo Teig
Maske, lausskjegg, parykkar: Leo Thörn
Komposisjon: Øyvind Jo Heimdal Eik
Musikarar: Ola Lindseth og Sunniva Hovde
Med: Bendik Sjømæling Nordgaard, Vilde Søyland, Madeleine Brandtzæg Nilsen og Cengiz Magnus Sicakkan Nereid
Ei viktig historieforteljing i ei fullstendig upretensiøs, humoristisk og kreativ innpakking.
I femten år har det vore jødisk kulturfestival i Trondheim i månadsskiftet august/september. I samband med årets jubileum, er det sett opp eit lite historisk vandreteater for å minnast og markere det som i si tid var Norges einaste jødiske kvartal. I Nerbyen, heilt nord i sentrum, mellom Olav Tryggvasons gate og Fjordgata, og mellom Kjøpmannsgata og Søndre gate var det frå 1870-talet og fram til jødedeportasjonane under andre verdskrigen eit blomstrande jødisk liv med eit trettitals butikkar. I forhold til folketalet hadde Trondheim den største jødiske busettinga i Norge i desse åra. Vi veit alt for godt korleis det gjekk, men mindre om kor dei kom frå, og kvifor til Trondheim?
Regissøren Øyvind Brandtzæg har, saman med ensemblet og med god historisk bistand av produsenten Rita Abrahamsen, dykka ned i historia og laga eit fornøyeleg og fullstendig upretensiøst lite vandreteater gjennom kvartalet der alt skjedde for hundre år sia. I dag er det berre eitt synleg minne att frå dette blomstrande livet, ei ringeklokke med namneskiltet «D. Isaksen», til alt overmål dekka av stillas og presenning i desse dagar. Men med den nomadiske bakgrunnen sin der det heile tida har vore flukt frå pogromar og undertrykking, har det jødiske samfunnet alltid vore opptatt av å hegne om historia, kulturen, religionen og tradisjonane sine.
Både Brandtzæg og tre i ensemblet (Vilde Søyland, Madeleine Brandtzæg Nilsen og Cengiz Magnus Sicakkan Nereid) har bakgrunn frå Rabarbrateateret, ei lauseleg samansett gruppe som spelar folkeleg og litt rølpete bakgardsteater. Og som vår guide har dei fått med seg Bendik Sjømæling Nordgaard, primus motor i den norske avdelinga av «The Flying Seagull Project», ei verdsomfemnande gruppe som dreg til flyktningeleirar og får traumatiserte ungar til å le. Ensemblebakgrunnen til dei fire er perfekt for denne framsyninga, og frå første stund har dei publikum i si hole hand.

Vi blir tatt attende til Eidsvoll 1814 og «jødeparagrafen» som, trass i redsle for ei ukontrollert jødisk innvandring, blei oppheva i 1851. Det blei inga migrasjonsbølge, og først på 1870-talet kom dei første jødane. Då pogromane i Russland tok til, auka innvandringa, og for hundre år sia blei den nåverande synagogen på Kalvskinnet innvigd, den nordlegaste i Europa. Då budde det om lag 300 jødar i Trondheim. Men sjølv om innvandringshistoria ligg i botn, er det først og fremst dagleglivet og den blomstrande handelen i Nerbyen som blir skildra i framsyninga, og det med humor, skråblikk, song, dans og ei mengd kreative påfunn. Øyvind Jo Heimdal Eik har skrive musikk og Ola Lindseth på fiolin og Sunniva Hovde på trekkspel gir oss illustrerande tonefølgje i klezmertradisjonen. I Jenny Hilmo Teigs passeleg overdrivne kostyme og med Leo Thörns lausskjegg og parykkar spelar dei fire eit utal roller, dukkar opp som troll av eske, dreg publikum aktivt inn i framsyninga og sjarmerer oss i senk. Dei leikar seg med språket, gir blaffen i konvensjonane og gir oss ei lærerik framsyning til å bli i verkeleg godt humør av.
(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 9. september 2025.)