TEATER

«Kong Eystein av Dovrefjell»
Pilegrimssenter Dovrefjell, Eysteinskyrkja, Hjerkinn
Manus og regi: Endre Skjåk
Scenografi: Barbro Bekken
Musikk: Pål Svindland
Med: Endre Skjåk og Johnny Synslien
Ei lita og upretensiøs framsyning, eit slags varsamt regissert forteljarteater, og i eitt av landets vakraste kyrkjerom.
Før Norge i 1130 gjekk ut i ein hundreårig borgarkrig, blei landet regjert av eit triumvirat av tre halvbrør. Det var Øystein, Sigurd og Olav, alle med «etternamnet» Magnusson ettersom dei hadde Magnus Berrføtt til far. Litlebroren Olav var ti år yngre enn Øystein og Sigurd, døydde alt seksten år gamal, og fekk såleis ikkje plass i kongerekkja. Så det var dei to eldste, som delte landet mellom seg. Sigurd, eit år yngre enn Øystein, blei etter kvar meir kjend som Sigurd Jorsalfare, då han i 1108 som første konge i verda drog på eit treårig korstog til Jerusalem, og det berre atten år gamal. Slik blei Øystein (1088-1123) att som den reelle kongen i landet. Sjølv om Sigurd med si spektakulære og særs påkosta korstogsferd er langt meir kjend enn broren, har Øystein likevel fått eit solid ettermæle for alt han fekk utretta. Ein del meiner han kanskje har fått ufortent mykje skryt. Men mangt står att etter han. Ei rekkje kyrkjer blei reist, og ikkje minst fekk han bygd dei første «sælehusa» på Dovrefjell, statlege fjellstover som skulle sikre at folk ikkje fraus i hel på den viktige ferdselsåra mot Nidaros. Det går også ord om at det blei reist ei kyrkje på Hjerkinn i hans tid, og sjølv om det ikkje finst fysiske restar etter bygget, er det mange namnemerke som kan tyde på at ho låg i nærleiken av dagens Hjerkinn fjellstue. For seksti år sia blei det bygd ei ny lita kyrkje på Hjerkinn, og ho fekk sjølvsagt namnet Eysteinskyrkja. (Eystein er den norrøne skrivemåten for Øystein, difor blir namna nytta litt om kvarandre.)
I samband med at det i 2023 var 900 år sia kong Øystein døydde, fekk Halldis Prestegård, leiar for Pilegrimssenter Dovrefjell, ideen om å markere dette med eit spel. Endre Skjåk, ein etter kvart røynd skodespelar, regissør og dramatikar, tok utfordringa og skreiv eit lite teaterstykke for to skodespelarar og ein musikar. Framsyninga hadde premiere i Eysteinskyrkja i 2023. I år var det tredje gongen ho blei framført, og i løpet av desse tre åra, har framsyninga fått ei rekkje satellittar så det er etter kvart vakse fram ein heil liten kulturfestival, «Kongefestivalen», med konsertar, historisk mat og meir til. Arrangørane har gitt seg sjølve tre år, og vil nå evaluere det heile og vurdere om dei skal gå vidare med prosjektet. Etter å ha sett årets utgåve av dette minispelet, «Kong Eystein av Dovrefjell», er det i alle fall mi eintydige tilråding at dette må dei halde fram med og utvikle vidare.

Eysteinskyrkja, er teikna av Magnus Poulsson i 1953, men reist under leiing av sonen Anton Poulsson i åra 1963 til 1969. Ho er ei av landets vakraste kyrkjer, moderne i sandblåst betong, men med tydeleg inspirasjon frå mellomalderkyrkjene. Ho er ei langkyrkje med svakt vifteforma skip, og det gjer at det vesle rommet som berre hyser rundt 100 menneske, får ei spesiell perspektivverknad. Her benkar vi oss medan Endre Skjåk som kyrkjetenar ruslar rundt, tenner ljos og riggar til for kveldens konsert medan han småpratar både med publikum og med musikken (Pål Svindland) som er plassert på galleriet over våpenhuset. Så kjem Johnny Synslien inn på snarvisitt medan ho han for tida har som kjærast, sit ute i bilen og oppdaterer instagramkontoen sin. Dei to figurane (Endre Skjåk og Johnny Synslien) har ikkje namn, men vi kunne godt ha kalla dei Øystein og Sigurd, for dei er brør, og det kjem etter kvart fram at medan den eine har teke ansvar, er kyrkjetenar og driv farsgarden, har den andre stukke til sjøs, fått seg ei mengd tatoveringar, levd på stor fot, og blitt ein storforbrukar av kvinnfolk, også andre sine. Med andre ord er dei ikkje så ulike dei to historiske brørne.
Medan drøset går, fortel kyrkjetenaren at han har skrive eit innlegg til «Årboka». (For dei som ikkje har røter eller tilknyting til Gudbrandsdalen, må eg få ile til og fortelje at «Årboka» er ein institusjon i denne regionen. Det er «Årbok for Gudbrandsdalen», blant landets eldste historiske årbøker, og med unnatak av tre år under krigen, har ho kome ut kvart år sia 1930) Artikkelen han har skrive, er om kongsbrørne Eystein og Sigurd, og fram frå det som er hans andre bibel, ei stor praktutgåve av Snorres Heimskringla, hentar han manuset og let broren få sjå gjennom utkastet. Og så er vi i gong.
I eit særs munnleg språk, her snakkar vi om uforfalska norddøl, tek vår mann oss attende til rikssamlinga og Harald Hårfagre, til Olav Digre og kristninga av landet og fram til dei tre halvbrørne etter Magnus Berrføtt. Alt med tilknyting til Dovrefjellsregionen og Gudbrandsdalen. Historieformidlinga kan på mange vis minne litt om Are Sende Osens «Kongerekka», anekdotisk og stundom kanskje meir godt loge enn å vere heilt hundre prosent korrekt. Altså heilt i tråd med Snorres forteljingar. Medan Endre Skjåk fortel og lev seg entusiastisk inn i historiene, sit «broren» Johnny Synslien og lyttar og kommenterer. I bakgrunnen rammar Pål Svindland det heile inn med klokkespel, saksofonsoloar og gitarakkompagnement. Og framsyninga blir nokre gongar avbrote av at han til eige akkompagnement syng gamle salmar. Kombinasjonen av det sakrale og mellomalderpreget både i kyrkja og i melodiane, gjer songane og framføringa stundom til ei nesten magisk oppleving i seg sjølv.

Endre Skjåk har eg hatt gleda av å følgje i mange år sia studiedagane hans i Trondheim for 25 år sia. Frå aktiv deltaking i Studentersamfundets Interne Teater, og vidare til Teater Innlandet og så til ei rekkje spel, seinast «Kristinspelet» på Sel der han i år spela Simon Darre med stor tyng og autoritet. I «Kong Eystein av Dovrefjell» får han i stor grad vere seg sjølv, både språkleg, som forteljar, og ikkje minst som særs fortruleg med stoffet han sjølv har skrive. Han er avslappa og nedpå samstundes som han formeleg eig framsyninga og held publikums konsentrasjon i si hole hand. Johnny Synslien kan eg ikkje skryte på meg å ha skrive om tidlegare, men ettersom han er ein særs røynd amatørskodespelar med lang fartstid frå eit utal spel, har eg nok sett han, men utan at han har skild seg ut. At han er scenevand er heilt tydeleg, for sjølv om rolla hans er langt mindre enn Endre Skjåks, gjer han ei solid tolking. Som Skjåk er han trygg, avslappa og spelar utan store geberdar samstundes som han på særs sjarmerande vis byr på seg sjølv. Pål Svindland opplevde eg for fyrste gong i ei gravferd for eit par veker sia der han imponerte som songar og multiinstrumentalist. I denne framsyninga rammar akkompagnementet hans, arrangementa av salmane og ikkje minst songen hans inn historia på eit særs vellukka vis, og saman med kyrkjerommet gir det oss den rette koloritten.
Eysteinskyrkja har eit umåteleg vakkert kyrkjerom, og gitt valet Skjåk har tatt for presentasjonsforma, er skipet med alteret i fonden ein meir eller mindre naturleg scenografi. Men på rommets langveggar heng det seks store og fine måleri av Barbro Bekken med motiv henta frå historiene som blir fortalde, og desse bilda gir også litt ekstra til forteljinga.
«Kong Eystein av Dovrefjell» er eit slags forteljarteater der Endre Skjåk har vald ein særs varsam regi. I staden nyttar han mange fine metagrep, og den glidande overgangen frå kyrkjetenarens førebuingar til kveldens konsert, og fram til vi, utan eigentleg å merke det, er midt i framsyninga, er gjort leikent og med eit lite glimt i auget. Oppsetjinga tek ein dryg time, og dei to på «scena» greier å halde intensiteten oppe heile tida. Dei musikalske brota hjelper nok også på dette. Om eg skulle kome med ei lita innvending, måtte det vere at innleiinga, før vi kom til Øystein og Sigurd, blei litt vel omfattande, og at eg gjerne skulle ha fått noko meir om hovudpersonen. Det vesle minispelet «Kong Eystein av Dovrefjell» er ei upretensiøs og sjarmerande lita framsyning som ikkje gjer krav på å vere meir enn det ho er. Men det synte seg faktisk å vere meir enn tilstrekkeleg. Framsyninga, i tillegg til opplevinga av det uvanlege vakre kyrkjerommet, var vel verd turen til Hjerkinn, og for min del vil eg håpe at arrangørane ser seg råd til å halde fram med Kongefestivalen på Dovrefjell også i åra som kjem.