Kampen om truverdet

TEATER

SKUGGE AV SEG SJØLV: Tessa (Maria Kristine Hildonen) som formeleg eigde verda, blir ein skugge av seg sjølv, elegant vist gjennom Norunn Standals særs gode scenografi og lysdesign. FOTO: BIRGIT SOLHAUG

«Prima Facie»
Riksteatret, turnépremiere Mo i Rana
Samproduksjon med Nationaltheatret
Av: Suzie Miller
Omsett av: Agnes Banach
Regi: Maren E. Bjørseth
Scenografi og lysdesign: Norunn Standal
Kostymedesign: Alva Walderhaug Brosten
Koreografi: Magnus Myhr
Komponist og lyddesign: Sjur Miljeteig
Med: Maria Kristine Hildonen og Elisabeth Mørland Nesset (musikar)

«Prima Facie» er ei tilsynelatande enkel framsyning, men likevel uvanleg mangefasettert, og toppa av ein skodespelarprestasjon av dei helt sjeldne

Det er uråd å ikkje bli sterkt gripen av Riksteatrets framsyning «Prima Facie» som hadde turnépremiere under Vinterlysfestivalen i Mo i Rana laurdag. Dette ei oppsetjing som verkeleg går inn i si tid, tar opp eit brennaktuelt tema og som i uvanleg stor grad gjer noko med publikum.

KONKURRANSE VS. RETTSTRYGGLEIK: For Tessa er jussen ein konkurranse der det handlar om å vinne, og ikkje få rettvise. Til røyndomen innhentar henne. FOTO: BIRGIT SOLHAUG

Tessa (Maria Kristine Hildonen) er forsvarsadvokat, særs vellukka, og ser på jussen meir som ein konkurranse enn som eit spørsmål om rettstryggleik. Det handlar om å vinne og ikkje om saka får eit rettvist utfall. Om Tessa får ein skuldig til å gå fri, er det aktoratet som har gjort ein dårleg jobb. Og Tessa vinn dei fleste av sakene sine. Men ein dag blir rollene brått snudd. Ho blir utsett for eit overgrep, ei valdtekt. Og som i dei fleste slike saker, av ein mann ho kjenner godt og har tillit til. Så opplever ho å slite med å bli trudd. Det er ei sterk forteljing om både eit fall, og om å møte seg sjølv i døra, men først og fremst om truverdet til alle dei som er utsette for slike overgrep, der prova er få, og der påstand står mot påstand. Framsyninga grip rett inn i spørsmålet om ei samtykkelov.

Den australske dramatikaren Suzie Miller er opphaveleg jurist og har tidlegare arbeidd som menneskeretts- og forsvarsadvokat. «Prima Facie» frå 2019 er det store internasjonale gjennombrotet hennar, truleg både fordi det er skrive med detaljkunnskap om jussen, er ein framifrå og særs godt dramaturgisk oppbygd tekst, og fordi dramaet går bakom dei anonyme rettsreferata og rett inn i dei store menneskelege kostnadane slike overgrep medfører. Statistikken fortel at kvar femte kvinne har opplevd noko liknande, og endeleg er det ei som set ord på dette på eit så gripande vis.

FRAMLEIS I WATER: Med Magnus Myhrs diskrete koreografi ser vi korleis Tessa går frå å tole den faglege spagaten ho står i før alt bikkar over ende. FOTO: BIRGIT SOLHAUG

Regissøren Maren E. Bjørseth har saman med eit eksepsjonelt samspela kunstnarleg lag skapt ei særs komplett og samansett framsyning. Prima facie er eit juridisk omgrep som tyder tilsynelatande eller førsteinntrykk. Og tilsynelatande er dette ein produksjon som framstår enkel i uttrykket, men som er eit finmaska og utsøkt samarbeid mellom scenografi, kostyme, lys, lyd, koreografi og spel. Scenografien til Norunn Standal er eit golv som i starten viser ei Tessa fullstendig i water, men som etter kvart som livet hennar går i knas, gradvis skrår og til slutt blir den veggen ho endar opp med å møte. Det er enkelt, illustrerande, men likevel ikkje påtrengande tydeleg. Lysdesignen til Standal er like utsøkt der Tessa i finalen endar opp med å bli sin eigen skugge.

VERDSMEISTER: Tessa (Maria Kristine Hildonen) på topp som både forsvarsadvokat og partyløve. I bakgrunnen Elisabeth Mørland Nesset som med slagverket (og etter kvart andre instrument) driv framsyninga framover. FOTO: LARS OPSTAD

Framsyninga er ein monolog, munnleg og godt omsett av Agnes Banach, der Maria Kristine Hildonen i tillegg til å vere Tessa, også illuderer alle dei andre i forteljinga. Med seg på scena har ho musikaren Elisabeth Mørland Nesset som med slagverk lagar rytme og brot i framsyninga og effektivt driv ho framover. Og som ei særs finstemt lydkulisse ligg Sjur Miljeteigs diskrete og stemningsskapande musikk. Etter valdtekta blir det eit brot der Nessets akkompagnement kjem tettare på, og med handpan og eit par andre instrument nærast tar til å kommentere handlinga. For ytterlegare å visualisere det som skjer, har Magnus Myhr laga ein forsiktig koreografi der Hildonen meir ekspressivt enn gjennom tale kan syne kjensler og sinnsstemning. Alle desse «tilsynelatande» små ingrediensane dreg i same einskaplege retning og gjer oppsetjinga så komplett. Men fremst i det heile er den tekstrike og omfattande monologen til Tessa ein skodespelarprestasjon av aller beste klasse. Framsyninga handlar om truverd, og ikkje ofte opplever vi ei så eksepsjonelt truverdig rolletolking som den Maria Kristine Hildonen gir oss. Finstemt, kjenslevart, mangefasettert og med eit enormt register, frå det lågmælte til det ekspressive, får ho fram Tessa frå klassereisa hennar opp til jussens øvste divisjon, og deretter fornedringa og fallet. Og denne perla av ei framsyning får nå heile landet høve til å sjå.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 10. februar 2025.)

Leave a Reply