TEATER
«Stile inn»
Teater Innlandet, Høyvang Samfunnshus, Ridabu
Av: Kjersti Haugen
Regi: Kjersti Haugen
Scenografi og kostyme: Katrin Bombe
Komponist: Martin Smidt
Lysdesign: Olav Nordhagen
Musikarar: Martin Smidt, Daniel Herskedal, Viktor Wilhelmsen, Live Sunniva Smidt og Tone Sand
Med: Anne Guri Tvedt, Tone Oline Knivsflå og Joachim Joachimsen
Ei vakker og varm framsyning om eit vanleg, men likevel vanskeleg tema.
Det einaste sikre i livet, er at det tar slutt. Likevel er døden tabubelagd, og vi snakkar helst ikkje om han. Men for alle dei av oss som har tatt avskil med ein nær slektning der vi har fått høve til å bu oss godt, prate ut og dele minner, veit vi at døden kan vere både verdig og vakker, samstundes som han også er tung og trist. Alt dette, og mykje meir har regissøren og dramatikaren Kjersti Haugen greidd å setje ord på og formidle gjennom «Stille inn», ei lågmælt og varm framsyning som hadde premiere på Teater Innlandet torsdag.
Scena er eit grendehus, denne gongen Høyvang Samfunnshus på Ridabu utanfor Hamar. For det er i desse små, lokale forsamlingshusa at vi markerer høgdepunkta i livet. Her er det namnedag og dåp, konfirmasjon, bryllaup og gravøl, og når vi på veg inn i salen blir bydde på kaffi og kringle før vi «etter mammas forslag» syng «Din tanke er fri», er stemninga sett. I denne salen som har vore vitne til så mykje, sit vi på to sider av ei slags opphøgd scene med eit lysande tak over. Det kan gi illusjon både av ei seng eller ei kiste, men utan at symbolikken blir påtrengande.
Så tar sjølve framsyninga til der ei dotter (Tone Oline Knivsflå) står utanfor rom 1042, pustar djupt inn, og går inn til mora (Anne Guri Tvedt) som ligg og søv. Mora vaknar når dottera stryk ho vart over armen, og vi blir vitne til ein samtale som er både daglegdags og annleis, men først og fremst til å kjenne att. Ein lege (Joachim Joachimsen) fortel etter kvart at moras kropp nå ikkje toler meir, og at ho ikkje kan få meir næring, men etter dette berre smertestillande.
Det er endeleg. Alt mora nå gjer, er siste gongen ho gjer det. Det er då du vil at tida skal stå stille, og du verdset og hegnar om kvart minutt. Samstundes er det utmattande, og familien kan ikkje sitje der samanhengande dag etter dag. Dei tar seg i å tenke at kan ho ikkje berre få døy. Og midt oppi dette kjem det trivielle og meir praktiske som førebuing av gravferd, kor skal den vere, kva skal ein synge, og kva skal ein servere?
I Kjersti Haugens regi, og Katrin Bombes scenografi og kostymedesign, er det få effektar og ingen ytre staffasje. Mykje av spelet, særleg til mora, er stilisert og berre forsiktig koreografert rørsle. Slik blir det orda og innhaldet i dei mange samtalane som får bere framsyninga. Det er eit særs vellukka val som gjer at dette blir ei intens og vakker framsyning om den siste dryge veka før mora ikkje er meir. Med lågmælt spel greier dei tre på scena å formidle desse dagane der inkje skjer, men som likevel er så fulle av innhald. Levande og rørande er Anne Guri Tvedts tolking av mora, der ho med forsiktige rørsler visualiserer hennar inste tankar, omsorg, kjærleik og meir banale kvardagslege utfordringar. Tone Oline Knivsflå er også til å kjenne att som dotter og næraste pårørande, medan Joachim Joachimsen har fått den vanskelege oppgåva å spele «alle andre», som far, bror, barnebarn, pleiar og lege, og der nokre av rollene er så små at dei ikkje får noko særpreg og slik blir vanskelege å skilje frå kvarandre..
I tillegg til Kjersti Haugens evne til å formidle med slik varme og innleving det dei fleste av oss kjenner oss att i, er det Martin Smidts nyskrivne tonefølgje som verkeleg løfter denne framsyninga. Den melodiøse musikken hans passar framsyninga som hand i hanske og følgjer handlinga intenst og tett som ein særs stemningsskapande skugge. Saman med spelet og tekstgrunnlaget gjorde det at «Stille inn» blei ei umåteleg vakker framsyning om eit vanleg, men likevel så vanskeleg tema.
(Meldinga stod i Klassekampen onsdag den 29. januar 2025.)