Hjarterytme og hjartevarmt

TEATER

RYTMISK: Med ein taktfast grunntone til liks med hjarteslaga, dansar, syng og formidlar desse tre ei vakker, varmande og opplevingsrik lita framsyning for dei aller yngste. FOTO: TALE HENDNES

«Unison Puls»
Unge Viken Teater, Kloden Teater
Av: Ellen Martha Jerstad
Regi og koreografi: Ellen Martha Jerstad
Medkoreograf: Ida Haugen
Scenografi: Kyrre Heldal Karlsen
Komponistar: Vilde Tuv og Sandra Kolstad
Kostyme: Julia Wilde
Med: Ida Haugen, Marlene Bonnesen og Vincent Vernerie

Ei enkel og upretensiøs framsyning som ga meg overraskande store opplevingar, og som gjorde meg verkeleg glad.

Det er Heddadagar i Oslo, og eg er i hovudstaden heile veka for å oppdatere meg på mykje av det som har gått under radaren eller som eg av andre grunnar ikkje har fått sett det siste året. Eg skal kose meg og nyte framsyningane, og eg skal så avgjort ikkje skrive meldingar, for dette er i hovudsak eldre produksjonar som kanskje spelast for siste gong. Men så skjer det som gjer scenekunsten, og for den del all kunst, så magisk. I møte med ei framsyning oppstår det ein kjemi og ei oppleving som gjer at eg berre må fortelje andre om det.

Slik var det på Kloden Teater i dag der eg såg Unge Vikens framsyning «Unison Puls», ei oppsetjing mynta på barn i alderen null til to år. Eg er så avgjort ikkje i målgruppa, eg visste ikkje noko på førehand, hadde ingen forventingar, – og så møtte eg ei framsyning som ikkje berre trefte meg fullstendig, men som også gjorde meg så inderleg glad. Ei lita, heilt upretensiøs oppsetjing som nok ein gong syner oss at devisen less is more ofte kan vere sant, og at stor scenekunst kan skapast med relativt enkle middel, berre det blir gjort så utsøkt som det forfattar, regissør og koreograf Ellen Martha Jerstad har gjort i denne framsyninga.

Det heile tek til i foajeen der ungar og føresette tek av seg på beina og set seg i det som kan sjå ut som små særs fargerike sledar av tøy, og som viser seg å vere nettopp det. På førehand har ungane fått høve til å få på seg litt andletsmåling «to blend in» for å seie det slik. Så kjem dei tre aktørane Ida Haugen, Marlene Bonnesen og Vincent Vernerie, inn, – syngande og i det som kanskje er meir koreografert rørsle enn eigentleg dans. Dei går tett på ungane, ser dei auga og etablerer naudsynt kontakt. Etter kort tid blir vi inviterte med dei inn i eit telt, og når ungane blir dregne inn på desse små stoffsledane, kan assosiasjonane fort gå til ein lavvo.

Framsyninga heiter «Unison Puls», og det er ikkje vanskeleg å forstå at vi nå er i eit hjarte, og at det er dei første hjarteslaga, eller pulsen, vi opplever. Det understrekast også av den særs rytmiske, og tidvis nesten suggererande musikken til Vilde Tuv og Sandra Kolstad, vakker, melodiøs og som smyg seg om og understrekar framsyninga og det vesle som er av handling i henne. I denne settinga kan alt skje, og det gjer det også, for barneteater på dette nivået er, og skal vere, interaktivt. Dei tre aktørane dansar og smyg seg om oss i det vesle, intime teltet, vender seg til oss, gir oss «tøykastanjettar» til å følgje rytmen, og når nokre ungar reiser seg og vil vere med, så er det som det skal vere og blir handtert som ein integrert del av framsyninga.

Ida Haugen og Marlene Bonnesen er båe skolerte dansarar, Haugen med røynsle frå både Carte Blanche og Operaen. Og Vincent Vernerie er utdanna i fysisk teater og er til vanleg med i det dyktige norsk-franske kompaniet The Krumple. Dei tre er alle så avslappa trygge i rollene sine, og det er openbert at dette er røynde skodespelarar som ikkje er ute etter å syne kor flinke og virtuose dei er, men i staden gir oss leikent og uanstrengt teater.

Men i denne framsyninga er det ikkje berre tre aktørar. For meg, som nok var meir ein publikummar enn deltakar, var det ei sann glede å følgje med ungane. I ei tid då alt skal gå så kjapt og det skal skje noko heile tida, var det skjønt å sjå at dei aller fleste av ungane heldt konsentrasjonen i denne rolege oppsetjinga, og følgde oppslukte med i heile den dryge halvtimen framsyninga varte. Særleg blei eg oppteken av ei lita jente på godt under året, som frå farens trygge fang, med spill levande auge, følgde alt som skjedde. Av auga hennar var det heilt openbert at her hadde ho store og vedvarande opplevingar. Slikt rører ein gamal teatermeldar, og det er lenge sia eg har blitt så glad og oppstemt av ei teaterframsyning.

Leave a Reply