Kom og sjå!

TEATER

ENDELEG: Skuleferie er keisame dagar for Bosse og Ida, men endeleg skjer det noko når onkel Kulle trur han er ein rododendron som skal vekse på taket av reiskapsbua. FOTO: FOTOGJENGEN I STUDENTERSAMFUNDET

«Den gangen onkel Kulle ble sprø»
UKA-23, Baccarat, Studentersamfundet i Trondhjem
Skrive og dramatisert av Hanne Fyrand og Helena Bjerke, etter ei biletbok av Kim Fupz Aakeson
Regi: Sunniva Schøyen
Scenografi: Astrid Fiskum
Kostyme: Nora Crawfurd Svensen
Kapellmeister: Nora Elise Hjerpsted
Med: Inga Skogseth, Eilov Gravdal, Isabella Solvang, Ali Waarieh, Helena Bjerke, Martine Ulseth, Konstanse Fjellvang og Linn Tønnesen Kystvåg

Det har vore laga barneteater under UKA i nesten femti år, og mangt har vore bra, men aldri i nærleiken av så godt som dette.

Med unnatak av «Glasur» i 2003 har det vore laga barneteater under UKA heilt sia 1977. Det har vore ei blanding av sjølvskrivne og lånte tekstar, og kvaliteten har vore ganske varierande. I år har forfattarkollegiet (Hanne Fyrand og Helena Bjerke) tatt for seg den vesle biletboka «Den gangen onkel Kulle ble sprø» av den danske forfattaren og illustratøren Kim Fupz Aakeson. Den kom ut i 1990 og blei omsett til norsk seks år etter. Fyrand og Bjerke har ikkje berre dramatisert boka, men også dikta eit godt stykke vidare og saman med komponist og kapellmeister Nora Elise Hjerpsted og instruktør Sunniva Schøyen har dei gjort den unnselege vesle boka om til eit timelangt forrykande, velspela, artig lite musikkteater for ungar i alle aldrar. Eg har sett dei fleste barneframsyningane under UKA, men ikkje nok med at dette er den avgjort beste, – oppsetjinga kan også måle seg med det meste av det som blir presentert av profesjonelt barneteater i kongeriket.

KOMPISAR: Bosse og Ida.
FOTO: FOTOGJENGEN I STUDENTERSAMFUNDET

Vi er i den idylliske hagen til familien Hagen, der far (Eilov Gravdal) er nesten sjukeleg opptatt av plenklipping og hagestell, og det til overberande smil frå kona (Isabella Solvang) og dottera Ida (Inga Skogseth). Det er skuleferie for Ida, lite å gjere, og i denne A4-familien skjer det ikkje så mykje spennande. Mest av alt har ho lyst på ein is. Men så dukkar den noko aparte onkel Kulle (Helena Bjerke) opp. Han har fått det for seg at han er ein rododendron, (for dei som ikkje veit det, er dette ein av dei mest blomsterrike hagebuskane vi har), og klatrar opp på uthustaket for å late seg plante. På butaket er jordsmonnet skrint, men Kulle har støvlar fulle av jord, så alt han treng er litt vatn i ny og ne. Det ordnar sjølvsagt Ida med, for nå skjer det noko her. Kompisen hennar, Bosse, (Ali Waarieh) er hundre prosent med.

SPRØ?: Pappa er kanskje mest sprø, når han tener pengar på onkelen.
FOTO: FOTOGJENGEN I STUDENTERSAMFUNDET

Men det er ikkje faren i familien. For han er denne gale onkelen som ugras i blomsterbedet, og han gjer det han kan for å få Kulle på andre tankar. Men i denne søvnige vesle småbyidyllen er det ikkje mange som har rododendron-onklar på taket, og når postmannen (Linn Tønnesen Kystvåg) set i gang jungeltelegrafen (ja, akkurat) om dette merkelege freakshowet hjå familien Hagen, så er det akkurat freakshow det blir. Naboekteparet (Martine Ulset og Konstanse Fjellvang), og etter kvart mange andre, kjem for å sjå på den merkelege blomsteren. Den blir ein snakkis og lokalavisoppslag, og frå å vere monomant opptatt av graset i hagen, forstår faren raskt at dette kan han tene pengar på. Det blir eit skikkeleg sirkus med inngangsbillettar og god forteneste, og det er ikkje godt å seie om det er onkel Kulle eller pappa som er mest sprø. Ida og Bosse meiner at ein med så god inntening bør ha råd til ein is, men der er ikkje pappa. Hans forretningsidé veks, og han nyttar pengane til å investere i plakatar der folk blir oppmoda til å kome og sjå (så dermed er det dobbel tyding i overskrifta til denne teatermeldinga), han kjøper stolar og bord, og til slutt ein iskremkiosk. Mora syner etter kvart også næringsvit og tar til å selje kaffi og kaker. Medan Ida og Bosse blir ufriviljug publikum til det heile. Og utan iskrem.

NÆRINGSVIT: Også mamma (til venstre) vil tene pengar på kaffi og kaker til dei besøkande.
FOTO: FOTOGJENGEN I STUDENTERSAMFUNDET

Sjølv dei raraste onklar treng meir enn vatn, og etter fire-fem døgn på taket har Kulle fått nok. Korleis det så går, skal eg halde meg frå å røpe, men slike heftige historier som skal rundast av med ei happy ending, endar ofte i klissete lirum larum og velmeint god moral. Også det greidde dei å unngå i denne produksjonen der alt, absolutt alt sat der det skulle.

Scenografien i tilsvarande framsyningar har ofte vore litt heimesnekra og provisoriske. Her hadde scenograf Astrid Fiskum og teamet hennar gjort seg flid og skapt eit truverdig lite hus med uthus, hage, stakittgjerde og postkasse. Og i tillegg nytta produksjonen seg av både publikum og heile salen slik at vi alle var tilskodarar (i dobbel tyding), og betalande for å sjå denne merkelege hagebusken.

STRANGE FLOWER: Freakshowets attraksjon, onkel Kulle, let seg ikkje affisere, men slår han rot?
FOTO: FOTOGJENGEN I STUDENTERSAMFUNDET

Hanne Fyrand og Helena Bjerke som har skrive og dramatisert det heile, har fått til naturlege og munnlege replikkar, god dialog, og så har dei lagt inn både artig undertekst og ein del leik med postmannsmetaforar for oss vaksne som har sett gamle filmar. Eit lite ekteskapsdrama fekk dei også plass til. Men for all del, – dette er ikkje barneteater for vaksne, for responsen frå dei små i salen, var ikkje til å ta feil av. Og for eit barn kan det vere heilt sjølvsagt at ein onkel kan bli ein busk.

Sunniva Schøyen debuterer etter det eg forstår som regissør med denne produksjonen. Det er vanskeleg å fatte, for her var det regi med fingerspisskjensle, tempo, driv, herlege vekslingar, fine synkrone skift, god bruk av to videoskjermar og lys for å illudere ulike tider på døgnet, og ikkje minst ein dramaturgisk oppbygning det står verkeleg respekt av.

Personinstruksjonen er også framifrå. Barneteater av denne typen blir ofte overspela, men her var alt halde på eit nøkternt nivå, med berre akkurat passe overdriving. Dei åtte i ensemblet er truverdige, har god diksjon, og spelar i høgt tempo utan å snuble korkje konkret eller i overført tyding. Og så syng dei også særs godt. Ali Waarieh, som også spela i barneframsyninga for to år sia, er som Bosse ein slik kompis dei fleste skulle ha. Han er verkeleg til å tru på, og greier på overtydande vis å framstille Idas besteven. Men sjølv om denne produksjonen er vellukka i alle ledd, så er det likevel Inga Skogseth i rolla som Ida som imponerer mest. Ho er ein meir enn røynd SIT’ar som eg har sett og meld i alle fall tre gongar før. Ho var med i revyen for to år sia, og i «Rom rives» i 2022 viste ho eit spesielt talent for detaljar, mimikk og nyanserikdom. Det siste fekk vi sjå til fulle i «Den gangen onkel Kulle ble sprø». Utsøkt detaljrikdom i mimikken, kroppsspråk, scenisk nærvær, timing, augebruk og flørting/kontakt med publikum. Alt var på plass, og spelet hennar var gjennomført profesjonelt.

ORKESTER I HAGEN: Under leiing av Nora Elise Hjerpsted og til hennar vakre melodiar ga musikarane framsyninga ein ekstra dimensjon. FOTO: FOTOGJENGEN I STUDENTERSAMFUNDET

Musikken til denne produksjonen er eit kapittel for seg. Eit åtte personars orkester med skikkeleg trøkk, leia av Nora Elise Hjerpsted, som også hadde ansvar for komposisjonane. Musikken hennar var melodiøs, fengande, og ikkje minst variert. Det var både høgt tempo og meir kontemplative viser, og til solid tonefølgje framførte aktørane songane med tydeleg diksjon, gode songstemmer og stor innleving.

Etter å ha lese denne meldinga, vil du kanskje lure på om det ikkje er onkel Kulle, men denne meldaren som er blitt sprø. Men det er han ikkje. Han er berre særs oppglødd på vegner av alle som er glad i godt teater, og som også set pris på at dei yngste blir tatt på alvor. Og etter å ha følgd SIT i rundt femti år, er eg også nesten rørt over at dei denne gongen lukkast så fullstendig. Så for den som trur at det har rabla for meg, seier eg berre, (slik det står på pappa Hagens plakat), – Kom og sjå! Staden er Baccarat i Høgskoleparken ved Studentersamfundet i snaue tre veker framover.

Leave a Reply