TEATER
«Romeo og Juliet»
Rabarbrateateret, Bakklandet, Trondheim
Av: William Shakespeare
Omsett av: Hans-Magnus Ystgaard
Regi: Madeleine Brandtzæg Nilsen og Øyvind Brandtzæg
Komponist: Øyvind Jo Heimdal Eik
Scenografi: Marie Löwendahl
Kostyme: Jenny Hilmo Teig
Maske og parykk: Leo Thörn
Med: Ragnhild Risnes, Kristoffer Hjulstad, Elisabeth Matheson, Jon Vegard Hovdal, Øyvind Brandtzæg, Stian Hovland Pedersen, Kathrine Strugstad mfl.
Ei framsyning som vil litt for mykje utan heilt å bestemme seg.
Sia 2010 har det laust samansette Rabarbrateateret kvart år spela bakgardsteater på Bakklandet i Trondheim. Gjennom åra har dei perfeksjonert seg på fortolking av William Shakespeares komediar. Heilt avgjerande for det vellukka resultatet er språkkunstnaren Hans-Magnus Ystgaards særs gode omsetjing og attdikting til Sparbu-dialekt. Med eit frodig og folkeleg språk fullt av blomar og underfundige metaforar har han gjort Shakespeare forståeleg for nye grupper publikum. Framsyningane i Rabarbraparken er blitt ein snakkis og ein publikumsmagnet. Spenninga var difor stor då Rabarbrateateret i år valde å forlate komediane, og i staden framføre «Romeo og Juliet», verdsdramatikkens mest ikoniske kjærleiksdrama.
Settinga er den same som i tidlegare produksjonar. I botn ligg sjølvsagt Ystgaards dyktige omsetjing. Ensemblet er nok ein gong ei herleg blanding av amatørar og profesjonelle. Den fysiske ramma er bakgardsparkens meir eller mindre naturlege scenografi med kratt, vekstar og omkringliggjande hus, og der Marie Löwendahl berre har lagt til forsiktige scenografiske element. Som før, har Øyvind Jo Heimdal Eik skrive ny musikk som både kler og løftar framsyninga. Og kanskje er ikkje overgangen frå folkekomediar til ein kjærleikstragedie så stor heller. Sjølv om «Romeo og Juliet» i botn er ein djupt eksistensiell tragedie om altoverskyggande ungdommelege kjensler, og om kjærleikens forsonande kraft, har Shakespeare lagt inn ein god porsjon sjangerblanding. Og første delen er i stor grad ein forviklingskomedie. Men også når det dreg seg til og dei unge elskande dør, er det ikkje utan sjølvironi og komikk.
Madeleine Brandtzæg Nilsen og Øyvind Brandtzæg har i sin regi freista å ta vare på denne sjangerblandinga, men har ikkje lukkast heilt. Framsyninga blir litt retningslaus, og midtvegs skjer det eit alt for kraftig brot frå det lausslopne og burleske til teater med stor patos. I tråd med dei tidlegare komedieoppsetjingane blir det lagt inn eit utal påfunn, avstikkarar, vulgaritetar og meir eller mindre artige referansar til dagsaktuelle sakar der ein ellevill Vømmøl-parodi er høgdepunktet. Men når ein samstundes ikkje gjer tilsvarande kutt i teksten, blir framsyninga både omstendeleg og langdryg. Ho vil for mykje, og mistar framdrift.
Kristoffer Hjulstad og Ragnhild Risnes er båe trygge og truverdige i dei tekstrike hovudrollene som Romeo og Juliet. Den ikoniske balkongscena, som denne gongen er i eit leskur, syner kva dette kunne ha blitt om framsyninga i større grad hadde greidd å ri dei ulike sjangrane samstundes. Hjulstad er ein relativt røynd skodespelar, men Ragnhild Risnes er ny for meg. Ho imponerte med diskré men tydeleg mimikk og ein dyktig kombinasjonen av ei truskuldig ungjente som samstundes var myndig og sjølvmedviten. Og så var det ein fest å sjå Elisabeth Matheson i rolla som amma. Hennar tolking blei ei lita framsyning i framsyninga, og synte eit formidabelt komisk talent utan at ho korkje overspela eller stal showet.
Rabarbrateateret har ikkje lukkast heilt med overgangen frå folkekomedie til det meir eksistensielle. «Romeo og Juliet» er i lengste laget, og manglar ei tydeleg retning. Men med Ystgaards frodige omsetjing, alle påfunna og den uhøgtidelege og litt sjølvironiske måten å spele på, er her likevel mangt å gle seg over.
(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 29. juli 2023.)