Ei draumeverd

TEATER

TANKETOM?: Fugleskrømtet (Helle Haugland) manglar hjerne, men så avgjort ikkje sjarm og scenisk nærvær. Her flankert av Toto (Frida Line Rørtveit) og Dorthe (Ingrid Frøseth Andersen). FOTO: MARIANN DYBDAHL

«Trollmannen frå Oz»
Teaterlaget i BUL, Nidaros, lagssalen, Gildevangen
Av: Lyman. Frank Baum
Regi og koreografi: Anett Hjelkrem
Songtekstar, musikk, og musikalsk leiar: Øyvind Jo Heimdal Eik
Scenografi og kostyme: Berit Haltvik With
Med: Ingrid Frøseth Andersen, Frida Line Rørtveit, Helle Haugland, Benjamin Bakkeid, Leander Gilsåmo og mange fleire.

Nyskriven og heilt eksepsjonelt god musikk, flotte kostyme, presis koreografi, og sjarmerande spel.

Den årvisse tradisjonen der Teaterlaget i BUL Nidaros set opp teater på Munkholmen, av og for barn og ungdom, har etter rundt 40 år stranda, eller blitt landfast om du vil. Av ulike byråkratiske årsaker er det ikkje mogeleg å bruke Munkholmen i år, men BUL veit råd, for dei har ein heimebane i lagssalen i Gildevangen. Og sjølv om det ikkje er heilt same sjarmen som å spele i tårnet på Munkholmen, føyer årets framsyning seg godt inn i rekkja av underhaldande og velspela produksjonar.

Årets framsyning er den 123 år gamle amerikanske klassikaren «Trollmannen frå Oz». Og sjølv om det er berre ti år sia sist teaterlaget sette opp dette stykket, er det blitt ei fullstendig ny tapping, tilarbeidd, regissert, og ikkje minst koreografert av Anett Hjelkrem. I denne opplevingsrike eventyrfabelen er det rom for undring og tankesprang, samstundes som vi møter hekser, ein trollmann og mange andre fargerike figurar. Det tar til med Dorothy, som denne gongen heiter Dorthe (Ingrid Frøseth Andersen). Ho bur saman med onkel og tante på ein gard der lite skjer. Godt då at ho har hunden Toto. Dette er i Kansas der tornadoar er vanlegare enn her heime, og i ein slik ein blir Dorthe og hunden drege opp og hamnar i «landet over regnbogen».

I dette eventyrlandet blir hunden Toto (Frida Line Rørtveit) menneskeleg, og frykteleg svolten. Dorthe vil heim, men veit ikkje korleis, og i leitinga møter dei på eit fugleskrømt utan hjerne (Helle Haugland), ein blekkmann utan hjarte (Benjamin Bakkeid), og ei løve som manglar mot (Leander Gilsåmo). Alle har dei eksistensielle ønske, og legg i veg mot Trollmannen frå Oz som dei trur kan hjelpe dei. Undervegs slit dei med heksa frå Vest og undersåttane hennar, men finn til slutt fram til og får audiens hjå trollmannen. Meir skal eg ikkje røpe, utan at det sjølvsagt går godt til slutt.

Tårnet på Munkholmen er ei scenografisk nøtt, men for denne produksjonen trur eg faktisk at lagsalen var endå mindre egna. Det største problemet med framsyninga er at vi som publikum sit på kvar vår side av «den gule vegen» dei fem følgjer, men samstundes blir det vinkelrett på scena der det også blir spela. Scenografien til Berit Haltvik With fungerer i hovudsak bra, men er litt problematisk når det blir spela på scena og vi må vri oss sidelengs. Til gjengjeld blir det særs nært og tett på når spelet går på «den gule vegen». Haltvik With har også ansvaret for kostymedesignen, og her har ho verkeleg tatt på spanderbuksene, for kostyma er ei oppleving i seg sjølv. Farge- og fantasirike, og særs illustrerande.

Øyvind Jo Heimdal Eik har skrive både songtekstar og heilt ny musikk. Når denne historia, etter filmen med Judy Garland i 1939, er kjend for å ha ei av filmhistorias vakraste og mest ikoniske songar («Over the rainbow»), så er det svært dristig å kutte den og skrive nytt i staden. Men han lukkast til fulle og har skapt nokre særs vakre og uvanleg melodiøse songar, der det er lett å nynne med. Når songprestasjonane er gjennomgåande gode, og koringa solid, blir alle songinnslaga ein vesentleg grunn til at denne oppsetjinga blei så vellukka. Og så har Anett Hjelkrem ikkje nøgd seg med berre god personinstruksjon, men også lagt inn solid koreografi der det rundt to dusin store ensemblet greier å presentere velkoreograferte opptrinn på alt for liten plass.

Eg såg framsyninga etter at ensemblet hadde halde på ei veke, og blitt varme i trøya. For her var ingen premierenervar eller nøling, men presise skift og god diksjon. Nokre snakkar kanskje vel høgt og skingrande, særleg ettersom dei nyttar mygg, men i hovudsak fungerte det godt. Og som vanleg kompenserer sjarmen i bøttevis for manglande spel, særleg blant dei yngste statistane.

TRUVERDIG: Dorthe (Ingrid Frøseth Andersen). FOTO: MARIANN DYBDAHL

Ingrid Frøseth Andersen leverte ei solid og truverdig tolking i den krevjande rolla som Dorthe. Og blant dei mange andre må eg få trekkje fram Helle Haugland som fugleskrømtet. Ho hadde eit levande og spesielt scenisk nærvær. Og då det gjekk mot finale, og eg tenkte at den blei litt føreseieleg og flat, så kom Frida Line Rørtveit (hunden Toto) inn med ein fiolinsolo til å gråte av.

Nok ein gong har Teaterlaget i BUL Nidaros greidd å skape ei framsyning som er både rørande og underhaldande. Og ho blir spela heilt fram til 30. juni, så det er framleis mangt eit høve til å få med seg denne hjarteknusaren.

Leave a Reply