TEATER
«Peer Gynt»
Hålogaland Teater, Scene vest
Av Henrik Ibsen
Omsett til nordnorsk av Ragnar Olsen
Regi: Eline Arbo
Scenografi: Katja Ebbel Frederiksen
Kostyme: Christina Lovery
Komponist: Jakop Janssønn
Lysdesign: Øystein Heitmann
Lyddesign: Jim-Oddvar Hansen
Med: Kristine Cornelie Margrethe Hartgen, Guri Johnson, Trude Øines, Jørn Fuller-Gee m.fl.
Ei sprikande og ganske forvirrande framsyning der det er vanskeleg å forstå kva regissøren vil.
Eline Arbo har berre sett opp fire produksjonar i Norge til nå, og faktisk nokre fleire i Nederland der ho er utdanna. Trass i at ho er berre 33 år, har ho vunne prisar og er ein regissør mange teatersjefar har på blokka. No er ho attende i heimbyen Tromsø der ho for halvtanna år sia sette opp Franz Kafkas «Forvandlingen» som barneframsyning, ei ganske annleis og særs god oppsetjing. Denne gongen har ho gått relativt hardt til verks med «Peer Gynt». Det er diverre ikkje blitt like vellukka.
Arbo meinte det var på tide å spele Peer med ei kvinne i hovudrolla, og fleire andre roller blir også framført av «feil» kjønn. Eg venta då at vi skulle få ein Petra eller noko liknande, og at denne kvinna skulle lyge, sjarmere og legge ned unggutane i bygda. Men slik blei det ikkje. Kristine Cornelie Margrethe Hartgen og Guri Johnson spelar den unge og den gamle Peer, dei er kledde som kvinner og ter seg som kvinner, men heiter Peer og blir omtala i hankjønn. Og Peer herjar framleis med Ingrid, Solveig, den grønkledde og Anitra. Kva Arbo ønsker å oppnå med dette, blei for meg ei gåte. Og det var det etter kvart meir som blei.
Vi er eit slags rocka 80-talsmiljø med hockeysveis, glitter og fjas, og scenografien til Katja Ebbel Frederiksen er ein scenerigg med fleire rullestillas. Kva dette skal illustrere blir også vanskeleg å fatte. Til nyskriven musikk av Jakop Janssønn med varsame islett av Edvard Griegs originalmusikk får vi bukkeritt og Hegstad-bryllaup i ei ganske støyande setting der replikkane ofte blir framført skrikande og med så dårleg diksjon at det stundom er vanskeleg å høyre kva som blir sagt. Det er synd, for Ragnar Olsens framifrå omsetjing til nordnorsk tale er verkeleg til å gle seg over.
Scena i Dovregubbens hall er drukna i såpeskum, men trass denne umotiverte gimmicken, tar framsyninga nå likevel til å bli litt meir forståeleg og velspela. Men når vi etter pause kjem til Marokko, er denne scena så karikert og overspela at det blir meir komedie enn drama, og ho blir eit ufriviljug frampeik om dårekista. Der får vi framsyningas mest elegante scene der den gamle Peer på vakkert vis overtek for den unge. Deretter var framsyninga både meir forståeleg og tradisjonell, og det heng nok også saman med at Guri Johnson som den gamle Peer, har meir scenisk autoritet enn Hartgen.
Det er heilt greitt å herje med klassikarane, men då må det vere fordi ein vil få fram andre sider eller tolkingar. Det gjorde ikkje denne framsyninga som for meg i hovudsak blei ein serie med rare påfunn.
(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 16. september 2019.)