Lagnad eller fri vilje

TEATER

STRIPPA: Ei framsyning som blir presentert nesten som ein leseprøve. FOTO: ERIKA HEBBERT

«Kristin Lavransdatter»
Trøndelag Teater, Hovudscena
Av Sigrid Undset
Dramatisert av Kjersti Horn og Kristian Lykkeslet Strømskag
Regi: Kjersti Horn
Scenografi og kostyme: Svend Haraldsson
Lysdesign: Eivind Myren
Komponist og lyddesign: Alf Lund Godbolt
Med: Ingrid Unnur Giæver, Kingsford Siayor, Trond-Ove Skrødal, Janne Kokkin, Isak Holmen Sørensen m. fl.

Ei blanding av forteljarteater og forsiktig dramatisering som korkje reiser spørsmål eller gir svar.

Sigrid Undsets nobelprisvinnande og store episke forteljing om Kristin Lavransdatter, jenta som i høgmellomalderen braut med religiøse og patriarkalske normer og på nittenhundretalsvis følgde kjærleiken, kan framleis fascinere lesarar. Romantrilogien er, med vekslande hell, både filmatisert og dramatisert tidlegare. Nå har Kristian Lykkeslet Strømskag og Kjersti Horn dramatisert første bandet for Trøndelag Teater, og laurdag var det premiere i Kjersti Horns regi.

På ei naken scene kledd med kryssfinerplater på golv, vegg og i tak, og med ein slags sitjebenk langs alle veggar, togar skodespelarane inn. Dei er alle i sivile klede, og det er inkje som minner om mellomalder før ein av dei målar «1306» på veggen. I ei blanding av forteljarteater, høyrespel og særs forsiktig dramatisering blir vi presenterte for Lavrans og familien hans, barnedød og flytting frå Follo til Jørundgard på Sel. Vi møter den unge Kristin, forholdet til vennen Arne, og ikkje minst dei tette banda til faren. Alt presentert nærast som om det blir lese frå boka. Men så syner det seg at det vi trudde skulle vere ein introduksjon, held fram på same vis gjennom tre akter og dryge fire og ein halv time.

I ensemblet på elleve er nesten alle til stades på scena heile tida, sit på benken eller ligg på golvet og følgjer med til det er deira tur. Med unnatak av dei fem hovudrollene, går dei andre seks ut og inn av eit tjuetals roller ganske saumlaust, og sjølv om dei presenterer seg kvar gong det er ein ny person, kan det bli litt forvirrande. Og det er ikkje noko anna enn orda og det særs varsame spelet som gir identitet til dei ulike figurane. Dette kunne ha vore eit godt grep om regien hadde vore strammare, orda gitt meir innhald og aktørane fått tydelegare roller å spele på. I staden er det blitt ei alt for lang, ganske monoton og lågmælt framsyning der det ikkje er skilt mellom likt og ulikt. Det blir ufriviljug melodramatisk, og når monotonien stundom blir brote, er det med høgrøysta skrik. Ingrid Unnur Giæver som Kristin har fått alt for lite å spele på, og blir nærast ein kommentar til seg sjølv. Eg er uviss på om ho er ei sterk jente med fri vilje, eller berre eit offer for eigen lagnad. Einast i den sterke epilogen der Lavrans (Trond-Ove Skrødal) og Ragnfrid (Janne Kokkin) gjer opp med seg sjølve, får vi eit gløtt av kva dette kunne ha blitt.

Sjølv sit eg att med to spørsmål: Kvifor set teateret opp «Kristin Lavransdatter»? Og kva er det Kjersti Horn vil med framsyninga? Eg fekk diverre ikkje svar på nokon av dei.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 30.september 2019.)

Leave a Reply