Eit lite menneskes store kamp

TEATER

RAMPELYS: Ganske ufriviljug hamna Chelsea Manning (Petter Winther) i ei offentlegheit ingen kan fatte konsekvensane av. FOTO: JOHNNY VAET NORDSKOG

«Manning er fri»
Vega scene, Oslo
Av Anders Budde Christensen
Omsett av Henriette Vedel
Regi: Line Heie Hallem
Scenografi, lysdesign: Ingrid Skanke Høsøien
Kostymedesign: Ida Toft
Lyddesign: Bård Kleppen Watn
Koreografi: Anne Katrine Fallmyr
Med: Petter Winther

Intenst, velspela, godt og politisk forteljarteater om ei sak vi ikkje må la gå i gløymeboka.

Det er Heddadagar i Oslo denne veka og i tillegg til at folk i hovudstaden får høve til å sjå eit rikt utval av dramatikken frå heile landet, er det også duka for premierer. I går var det norgespremiere på det danske stykket «Manning er fri» på Vega scene, og det blei ei særs sterk oppsetjing som flest mogeleg bør få med seg.

Dei fleste kjenner historia om den amerikanske soldaten Bradley Manning som for åtte år sia risikerte dødsstraff for å ha varsla verda og ålmenta om grufulle overgrep frå amerikansk side i krigen i Irak. Han blei med dette ein av verdshistorias viktigaste varslarar på line med Carl von Ossietzky, Daniel Ellsberg, Mordechai Vanunu og Edward Snowden. Vi veit også at Bradley Manning i løpet av fengselsopphaldet skifta kjønn og nå heiter Chelsea, og at noko av det siste Barack Obama gjorde før han gjekk av som president, var å avkorte straffa hennar slik at ho blei sett fri i mai 2017. Og så har vi kanskje fått med oss at ho nå er fengsla att for ringeakt for retten etter å ha nekta å vitne for ein storjury i saka mot Julian Assange. Men dette er berre dei overflatiske nyhendemeldingane, og seier lite om kva val som låg bak handlingane hennar, og kva for menneskelege kostnadar slike val medfører for eit lite og einsleg menneske som i tillegg til dei verdspolitiske aspekta ho set i spel, også slit med langt meir personlege og indre konfliktar.

Den danske skodespelaren og dramatikaren Anders Budde Christensen har sjølv møtt Manning. På grunnlag av dette møtet og nitide studiar av historia hennar har han skrive eit teaterstykke som han sjølv for tida framfører i Danmark. Nå har den relativt nyopna Vega scene i Oslo fått omsett manuset til norsk, og i regi av Line Heie Hallem og med Petter Winther som Bradley/Chelsea, var det norgespremiere fredag til fullsett sal og stor begeistring frå publikum.

På ei så godt som nake scene, berre med ein mobil lysrigg og med utsøkt og god lyssetjing, møter vi Bradley Manning (Petter Winther) som etter kvart blir Chelsea Manning. Framsyninga er eit forteljarteater der Winther fortel Mannings historie frå barndom og oppvekst i ein knøttliten by i Oklahoma, flytting med mora til Wales nokre år før ho som syttenåring reiste attende til USA der ho levde eit noko omskifteleg liv før ho som tjueåring verva seg til hæren for å få gratis utdanning. Ho rekna seg rett nok som ein patriot, men hadde for lengst synt at ho var kritisk til invasjonen i Irak. For oss i Norge kan det å verve seg til ein hær ein er kritisk til oppfattast som eit merkeleg og litt sjølvmotseiande val, men i USA der utdanning i hovudsak er eit gode for dei rike, er slikt slett ikkje uvanleg. Ho sleit seg gjennom rekruttskole med mobbing og fysiske utfordringar, før ho etter kvart blei etterretningsanalytikar og stasjonert i Irak. Der fekk ho tilgang til sjokkerande opplysningar som ho meinte ålmenta fortente innsyn i, og freista å få innpass hjå og kontakt med store seriøse aviser som Washington Post og The New York Times. Men dei var tungrodde og problematiske, og ho enda opp, litt motviljug, med å sende fleire tusen graderte dokument til Julian Assange og WikiLeaks. I tillegg til den vidgjetne videoen som syner drapa av to journalistar frå Reuters. Og resten er historie, vil ein så kunne seie. Men det er ikkje sant. For denne framsyninga fortel så mykje meir. Ho tek til med Mannings problem med kjønnsidentitet heilt frå barndomen og til ho i fengselet valde å bli Chelsea. Og ho fortel utførleg om dei heilt uverdige soningsforholda ho fekk etter fengslinga, forhold som kunne ha knekt den mest psykisk sterke. Christensens tekst er veldokumentert, intens og god, og Henriette Vedels omsetjing er til eit naturleg og godt, munnleg norsk.

Framsyninga er som sagt eit forteljarteater der Winther framfører historia både i første og tredje person med heilt saumlause skift slik at han både fortel om Bradley og Chelsea og framstiller dei. I kakifarga klede, som illuderer soldaten, men også den litle og relativt anonyme hovudpersonen, nyttar Winther heile scena, men utan store geberdar. Det einaste scenografiske elementet er ein stor mobil lysrigg som både blir nytta til lyssetjing, stengsel, og til det litle buret som var cella hennar i alt for lang tid. Winther fortel lågmælt og utan mygg, og trass i den store scena, gjer dette at vi kjem nær på personen og dei vala ho tok og kva for kvalar ho hadde. Petter Winther var utdanna for berre fire år sia, og etter det har eg sett og meld han i fem roller på like mange forskjellige teater. Ved sia av å vere skodespelar, er han også illustratør, songar og komponist, og i denne oppsetjinga viste han seg også som ein framifrå dansar. Dette multitalentet kom godt med i ei ekstremt tekstrik oppsetjing på nesten to timar utan pause der det er Winther og berre han det dreier seg om. For å halde oppe dramaturgien og merksemda frå publikum, er det godt å ha mange fasettar å spele på, og det registeret syner Winther. Då Manning sat som mest isolert i cella, som i røynda var eit bur, hadde ho forbod mot det meste, også fysisk trening. Ikkje eingong situps eller pushups var lov. Men advokaten hennar fann eit smotthol i lova, for dans var ikkje forbode. Og som eit kjærkome brot, presenterer Winther ekspressiv dans (som det sikkert ikkje var plass til i buret), og som på illustrerande vis fekk fram alt det innestengde i livet og kroppen hennar.

Line Heie Hallem, for lengst ein velmerittert skodespelar som eg har hatt gleda av å sjå og melde i mange ulike oppsetjingar, debuterer her som regissør. Det gjer ho med stålkontroll. For å presentere eit nærare to timar langt forteljarteater på ei stor og tilnærma nake scene, utan daudpunkt og heile tida med dramaturgisk stigning, er ikkje enkelt.

«Manning er fri» er ei intens og velspela framsyning som i ein særs god tekst fortel ei viktig og både personleg og politisk sterk historie om eit lite menneskes umenneskelege mot, trass i alle dei menneskelege og fysiske kostnadane vala hennar førte med seg.

Leave a Reply