Indianaren i rommet

TEATER

FEST?: Henriette gjer alt for å lage ein fin fest, men kva er det CH har i tankane?. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

FEST?: Henriette gjer alt for å lage ein fin fest, men kva er det CH har i tankane?. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

«Indianeren»
Rogaland Teater, Hovudscena
Av: Tore Renberg
Regi: Tore Renberg
Scenografi: Bjarne Frank Wathne
Kostyme: Ragnhild Anda Tengesdal
Lysdesign: Haakon Espeland
Musikalsk ansvarleg: Nils Henrik Aasheim
Med: Kjærsti Odden Skjeldal, Marko Kanic, Espen Hana, Mareike Wang, Gretelill Tangen og Filip J. H. Kilter/Lui S. Drabløs

Varmt og humoristisk om sakn, skuld og det ein ikkje snakkar om.

Tore Renberg har sia debuten i 1995 skrive eit titals romanar, og om lag like mange barnebøker. For to år sia debuterte han både som dramatikar og regissør på Rogaland Teater med komedien «Femti flotte år med Frode Kommedal». Nå er han attende med eit langt mørkare stykke der han ser til klassikarane både i oppbygging, tematikk, setting og meir til. Og nok ein gong har han sjølv regien. Det er blitt eit velspela og humoristisk drama om elefanten i rommet, eller i denne samanhengen indianaren i rommet; – den alle ser, men ingen snakkar om.

Vi er i den store hagen til familien Brede, eit gamalt og velståande, lite forretningsdynasti, for tida leia av Carl Henrik (Marko Kanic) eller CH som han kallar seg. Storebroren Johs (Espen Hana), er litt for enkel til å kunne drive forretning, slik han sjølv med stor eigeninnsikt seier det. Det er ein varm haustdag og eit piano blir trilla ut på plenen i høve feiringa av niårsdagen til Daniel, sonen i huset. Mora hans, Henriette, (Kjærsti Odden Skjeldal) gjer saman med Mabel (Gretelill Tangen), ei myndig hushalderske av det gamle slaget, dei siste førebuingane til festen, medan faren, CH, er travelt opptatt med litt kryptiske mobilsamtalar. Feirast skal det også at Johs har fått seg kjærast, den minst like enkle Irene (Mareike Wang). Renberg rullar ut ein toaktars cliffhanger der vi heile tida forstår at noko skal skje eller har skjedd, men ikkje kva. Historia tar stadig overraskande vendingar, og ikkje alt er slik vi trur. Eit lite minus er at finalen blir noko uforløyst, men det er absolutt  til å tole.

Tore Renberg er ingen røynd dramatikar eller regissør, men resultatet er likevel overtydande bra. Kanskje ikkje så rart, for han har lang fartstid i Barne- og Ungdomsteateret til  Rogaland Teater, og er meir enn klassisk skolert. Så er det også det klassiske drama han lener seg til denne gongen. I den velfungerande scenografiske løysinga til Bjarne Frank Wathne kan vi fort få assosiasjonar til Anton Tsjekhov. I denne settinga presenterer Renberg eit familiedrama som tematisk kan minne om både Edward Albees «Hvem er redd for Virginia Woolf» og Henrik Ibsens «Lille Eyolf», men utan på noko vis å kopiere. Hagen er eit lukka rom der vi har ein familie som ikkje er i stand til å prate saman, og der få vågar nemne det alle ser. Det er store løyndomar og såre sakn. Det meste er godt observert og attkjenneleg for dei fleste. Spelet er fullt av humor, varme og menneskeleg innsikt.

Varme og innsikt er det derimot ikkje mye av mellom CH og Henriette. Dei kommuniserer ikkje lenger medan dei andre i hovudsak er stillteiande lojale. Renbergs bruk av dei litt «enklare» Johs og Irene er gjort nennsamt og pietetsfullt og får fram ein varm og ikkje minst humoristisk dimensjon, eit lite stykke i stykket, samstundes som dei to lettare kan seie ting som dei er. At Espen Hana og Mareike Wang gjer formidable og velbalanserte rolletolkingar forsterkar dette. Wangs framføring av «The fool on the hill» var for øvrig til å grine av. Multitalentet Renberg er også tidlegare musikar, og her nyttar han med stort hell fleire pianostykke av Harald Sæverud for å setje den rette stemninga. Ensemblespelet, som er Rogaland Teaters særmerke, er som vanleg særs godt, og nyanse- og detaljrikdomen i rollene er stor. Dette gjeld særleg Kjærsti Odden Skjeldal i hovudrolla som Henriette, ei omfattande og tekstrik rolle ho blei kasta inn i berre ei dryg veke før premiere, og som ho tolkar overtydande og sikkert.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 13. mai 2017.)

One Response to “Indianaren i rommet”

  1. Dette fikk jeg fryktelig lyst til å se!! Vil det bli satt opp flere ganger, evt på andre scener? Jeg bor i Oslo, og så gjerne jeg enn skulle tatt turen til Rogaland Teater, er det dessverre flere forhold som begrenser den muligheten for mitt vedkommende dessverre! Mvh Ingvild Tronvik

Leave a Reply