Når dei tamme blir litt ville

BYGDEDYRET: Geita får verkeleg kjenne på det sosiale presset når ho vil ha litt meir action i livet sitt. FOTO:TEATERLAGET I BUL NIDAROS

TEATER  

Rockeulven
Tårnet på Munkholmen
Av Tyra Tønnessen, Ragnar Olsen og Åsmund Flaten (musikk)
Regi og koreografi: Martha Standal
Scenografi: Marie Steen Löwendahl
Kostyme: Jenny Hilmo Teig
Musikalsk ansvarleg: Øyvind Jo Heimdal Eik
Med: Teaterlaget i BUL Nidaros

«Rockeulven» er blitt ei fargerik, velspela, tett og ikkje minst varmande framsyning. I dobbel tyding!


Når det er nesten midt i juni, og veret er slik i Trondheim at ein bør ta på seg ull under, då veit ein at det er tid for å dra til Munkholmen for å få med seg eitt av årstidas høgdepunkt, – sommarteatret til teaterlaget i BUL Nidaros, den årvisse familieframsyninga i tårnet på Munkholmen. Hutrande under fleecepledd benkar vi oss for å sjå glade og entusiastiske amatørar, og kvart år opplever vi at det breier seg ein uforklårleg varme som gjer at vi gløymer den manglande årstida og gler oss over godt teater i staden. Slik er det også i år.

I rundt tretti år har BUL sett opp sommarteater på Munkholmen, og eg har vore så heldig at eg har fått sjå dei fleste. Årets produksjon er basert på musikalen som for fire år sia blei ein braksuksess på Trøndelag Teater. Det er ei stor og særs komplisert oppsetting, og truleg ein av dei mest omfattande produksjonane BUL har gitt seg i kast med. Og tidvis kan det synest temmeleg kaotisk i det vesle scenerommet med store delar av faunaen vår på eitt brett. Men ut av eit tilsynelatande kaos har regissør og koreograf Martha Standal greidd å skape ei i dobbelt tyding tett framsyning presentert i eit høgt tempo med eit utal og særs presise og synkrone sceneskift. Standal var sjølv med i oppsettinga på Trøndelag Teater og kjenner såleis produksjonen godt. Og ho har tidlegare synt at ho har ei god hand om den vanskelege kombinasjonen koreografi og amatørar. Det viser ho også denne gongen i tillegg til fabelaktig personinstruksjon og stram regi.

«Rockeulven» er ein dyrefabel om husdyra som blir litt for tamme for geita. Ho er åleinemor og vil ha litt action. Så gjer ho noko så uhøyrt som å innleie eit forhold til ulven, og det kan vere skummelt, for i dette menasjeriet er det ikkje like klissut som hjå Egner der rovdyra blir vegetarianarar. Rett nok går det sjølvsagt godt til slutt, men det er vel likevel dei færraste som går frå framsyninga og trur dei kan stole på ulven. Historia har mange plan, og BUL/Standal har greidd å ta vare på alle. Sjølvsagt er dette ei familieframsyning der du trygt kan ta med ungane, men her er også ein kraftig erotisk undertekst som faktisk kom vel så godt til syne i denne produksjonen, kanskje nettopp fordi han var så tett.

Framsyninga er ein musikal, og songnumra er mange. Dei musikalske arrangementa er ved Øyvind Jo Heimdal Eik som også leiar det berre tre mann store orkesteret som likevel greier å gi solide akkompagnement til aktørane. Kvaliteten og nivået på song og spel er sjølvsagt svært ulikt, men personleg finn eg det ganske sjarmerande at BUL lyt alle synge med sitt nebb. Samstundes var både spel og det songlege særs godt i dei berande rollene der særleg Sissel Tørring Brattli som Geita, Ole Fredrik Wannebo som Ulven og ikkje minst Eleanor Hellesnes Molden som den eldste killingen Matej, leverte solide rolletolkingar. Scenografien er alltid ei utfordring på Munkholmen, men Marie Steen Löwendahl har greidd å lage ei relativt enkel og minimalistisk løysing der ho nyttar det meste av rommet. Mens minimalistisk definitivt ikkje er stikkordet for Jenny Hilmo Teigs mange flotte kostyme. Her er det verkeleg brukt fantasi. «Rockeulven» er blitt ei fargerik, velspela, tett og ikkje minst varmande framsyning. I dobbel tyding!

 

Leave a Reply