Erkjenning og tvil

TEATER

HEFTIG: I bedehuset, av alle stader, finn Yngve og Magnus rom for lidenskaplege famntak. FOTO: LARS GUNNAR LIESTØL

«Villskudd»
Kilden Teater, Kristiansand
Fritt etter romanen av Gudmund Vindsun
Dramatisering: Oda Radoor
Regi og scenografi: Erlend Samnøen
Kostymedesign: Veronica Vallenes
Komponist/lyddesign: Nils Jakob Langvik
Lysdesign: Ingeborg Staxrud Olerud
Med: Fredrik Høstaker, Eirik Langås Jørgensen, Morten Espeland, Ann Ingrid Fuglestveit, Espen Sigurdsen og åtte frå UngdomsKilden

Dramatiseringa av «Villskudd» på Kilden Teater, er blitt ei framsyning til å bli verkeleg glad, og i godt humør av.

Med Gudmund Vindsuns roman «Villskudd» i 1979 fekk vi ikkje berre eit fyrverkeri av ei lesaroppleving, men også den første verkelege gladboka om homofili. Det som fram til 1972 hadde vore kriminelt, greidde Vindsun å gjere til noko heilt kvardagsleg. Mykje har skjedd sia den gongen, og for dei fleste er ikkje kjærleik mellom menn lenger tabu eller unormalt. Men ein rapport frå Likestillingssenteret kunne i 2018 dokumentere at skeive i Agder i større grad enn skeive i resten av landet hadde freista å ta sitt eige liv. Så då tok Kilden Teater i Kristiansand både samfunnsansvaret og den lokale tilknytinga på alvor. «Villskudd» blei dramatisert av Oda Radoor, og ganske fritt etter første del av romanen er det nå blitt ein varm, inkluderande, underhaldande, velspela og humoristisk historie om å erkjenne og å stå for det og den ein er.

Vi er i eit bedehus ein gong på 60-70-talet. Pastor Revholm (Morten Espeland» held på med konfirmasjonsførebuingar, og denne dagen kjem den nyinnflytta Yngve (Fredrik Høstaker) også inn i gruppa. Han blir raskt kompis med Magnus (Eirik Langås Jørgensen) som har ei sterk gudstru og er pastorens yndling. Yngve, på si side, har inga tru, men blir med på konfirmasjonsførebuingane for å finne venner på den nye staden. Det nærmar seg påske, og pastoren ber om forslag til noko dei kan gjere i den samanhengen. Yngve meiner dei kan lage teater, og får følgje av Magnus som seier dei kan lage eit spel om Jesu liv og død. Og slik blir det.

Gjennom arbeidet med teateroppsetjinga finn Yngve og Magnus kvarandre. Det er skildra vakkert, nært, varmt og naturleg. Men medan Yngve raskt erkjenner at han er homofil, er det verre for Magnus. Han er riven mellom gudstru og kjensla av synd på eine sida, og kjærleiken på den andre. I dette ligg framsyningas tema og problemstilling utan at eg skal røpe meir av kva som skjer.

RELIGIØST BAKTEPPE: Bedehus med stablestolar, orgel, bibelstad, – og Guds lam? FOTO: LARS GUNNAR LIESTØL

Erlend Samnøen er både regissør og scenograf, og har laga ein enkel, men godt illustrerande scenografi der bedehussalen med stablestolar og orgel er til å kjenne att for dei fleste. I overraskande stor grad, men også særs vellukka, har Samnøen nytta konfirmasjonsførebuingane og det religiøse som bakteppe. Ein kunne fort tru at det ville føre til store kontrastar og kanskje sterk kritikk av dei rettruande. Men i staden har han greidd å balansere dette utan peikefingrar eller noka form for fordømming. Og i det religiøse bakteppet, med konfirmasjon, som jo tyder stadfesting, auser han av parallellar og fine metaforar. I regien, som tidvis er nesten naivistisk, har han lagt vekt på å gjere dette til ei varm forteljing som handlar om noko så basalt som kjærleiken. Og jamvel om det sjølvsagt er mykje problematisk, er det likevel den lune humoren ein sit att med. Det skuldast også godt ensemblespel og framifrå samspel mellom dei to ganske ulike kjærastane som blir godt og innsiktsfullt portrettert av Fredrik Høstaker og Eirik Langås Jørgensen. Og i Morten Espelands balanserte tolking blir også pastoren ein person å tru på, og ikkje ein firkanta og uforståande figur. Janne, som på mange vis er ungdomanes syndebukk, blir av Espen Sigurdsen framstilt som ein underfundig og gåtefull djevelens advokat. Ann Ingrid Fuglestveit balanserer fint dei to rollene som Yngves syster og som ei av konfirmantane. Og dei åtte dyktige amatørane frå UngdomsKilden gir ekstra liv til både konfirmasjonsførebuingar og teateroppsetjing.

Det var godt å sjå ei teaterframsyning om skeiv kjærleik som ikkje berre handla om problem eller aids, men som rett og slett var varm, underhaldande og til å bli i godt humør av.

(Meldinga stod i Klassekampen fredag den 12. mai 2023.)

Leave a Reply