Menneska bak

TEATER

INTENST: Trass i krigens fiendskap kan det utvikle seg både skjebnefellesskap og sterke kjensler. FOTO: MAGNUS SKREDE

«Få bomme en»
Teater Innlandet, Hamar
Av: Daria Glenter
Regi: Fredrik Longva
Scenografi og lysdesign: Norunn Standal
Kostyme: Solveig Holthe Bygdnes
Komponist og lyddesign: Amund Ulvestad
Med: Sofie Huijs, Julie Bjørnebye, Anne Guri Tvedt, Stian Isaksen-Gihle og Tom Styve

Eit intenst drama som syner at bak krigens retorikk og helvete, er det heilt vanlege menneske det dreier seg om.

Daria Glenter er ein norsk-russisk dramatikar. Alt som nittenåring fekk ho i 2015 forsøke seg i Trøndelag Teaters «Unge dramatikere» med den vesle einaktaren «Uten», ei mørk og annleis kjærleikshistorie. Fire år etter sette ho opp lesestykket «Ring, ring, ring», og i 2020 fekk ho oppført sitt første heilaftans drama, «Et helt liv av sol». Etter det har ho mellom anna vore husdramatikar på Teater Innlandet. Torsdag hadde det same teateret urpremiere på hennar siste drama «Få bomme en». Som i «Uten» er dette også ei mørk og annleis kjærleikshistorie, men med eit heilt anna bakteppe. Ei veke før premieren hadde Glenter ein kronikk i Aftenposten om korleis det er å vere russar i Norge i desse dagar. Det er noko av det mest innsiktsfulle, balanserte og kloke eg har lese om krigen i Ukraina.

Ksenia og Kaia (Sofie Huijs og Julie Bjørnebye). FOTO: MAGNUS SKREDE

I «Få bomme en» er bakteppet det same. Det er krig. Eit land er invadert, og i eit husvære i okkupert område bur syskenparet Kristina (Anne Guri Tvedt) og Taras (Stian Isaksen-Gihle) saman med Ksenia (Sofie Huijs). Det blir aldri sagt namn på landa, men parallellen er openberr. Syskena bur seg på å rømme, medan Ksenia, som er frå okkupantlandet, vel å bli. I dette husværet, som er framstilt ganske stilisert som ein opphøgd plattform med kvite sandsekkar, får vi først ein samtale mellom dei tre som ei blanding av storpolitikk og kvardagslege trivialitetar, ein fin introduserande ouverture. Men så blir det heftigare. For på nyhenda høyrer dei om nokre som har tatt seg inn i okkupert sone og sett eit ammunisjonslager i brann. Og med eitt kjem den eine av sabotørane, Kaia (Julie Bjørnebye), krypande inn gjennom vindauget, hardt skadd. Ksenia er sjukepleiar, og tar til med førstehjelp. I mellomtida har Taras vore ein siste tur ute for å kjøpe røyk, hamna i klammeri med okkupantpoliti, og kjem hardt forslått heim. Før det same politiet (Tom Styve) like etter står på døra. I det vidare er det både lågmælt dialog og kraftig dramatikk. Meir skal eg ikkje røpe. Men i avslutninga får vi ei gripande historie om korleis dei to «fiendane» Ksenia og Kaia utviklar eit forhold frå sterk og nesten antagonistisk skepsis til eit skjebnefellesskap og etter kvart noko langt meir. Dette tette og intense samspelet mellom Sofie Huijs og Julie Bjørnebye er eit skikkeleg høgdepunkt, og syner overtydande og tydeleg at bak krigens retorikk, fiendskap og helvete er det heilt vanlege menneske med sine like vanlege kjensler det heile dreier seg om.

Eit stilisert rom med sandsekkar.
FOTO: MAGNUS SKREDE

Regissøren Fredrik Longva har, saman med scenograf Norunn Standal, vald ei løysing der scena er ei lita, kvadratisk plattform og der publikum sit på alle fire sider, og tett på. Det skapar ein nærleik som blir både påtrengjande og nesten ubehageleg, men som gjer at det er umogeleg å ha eit distansert forhold til det som skjer. Longva tek seg også lange og understrekande pausar, ofte kombinert med Amund Ulvestads bakgrunnsmusikk og heftige lydeffektar. Dette fungerer i hovudsak bra, men framsyninga blir av og til litt fragmentarisk, og Glenters tekst blir ikkje alltid like forståeleg og godt tatt vare på. Den scenografiske løysinga er ikkje heilt vellukka. At vi kjem så tett på, er eit godt val. Men den høge plattforma gjer at aktørane må klatre opp og ned av scena, og det er forstyrrande. Og så er det heilt uforståeleg at dei siste og mest intime scenene går føre seg på eit løftebord høgt oppe i lufta.

Trass i desse innvendingane er «Få bomme en» blitt ei sterk framsyning, der framifrå og tett ensemblespel frå dei fem aktørane blir toppa av Julie Bjørnebye og Sofie Huijs i den intense finalen.

(Meldinga stod i Klassekampen onsdag den 3. mai 2023.)

Leave a Reply