Bryllaup til besvær

TEATER

PASSIAR: Middagsbordet i bryllaupet medan drøsen gjekk nokolunde normalt. Det skal raskt bli langt heftigare. FOTO: FOTO.SAMFUNDET.NO

«Småborgerbryllup»
Studentersamfundets Interne Teater, Knaus
Av: Bertolt Brecht
Omsett av Inger Hagerup
Regi: Konstanse Fjellvang
Scenografi: Ola Singsdal
Kostymedesign: Ane Norum Kvistad
Med: Jacob Hågensen, Linn Tønnesen Kystvåg, Aasta Valen, Mikkel Angelo Anchissi Joner, Ingrid Marie Lunder, Brede Vangen-Lønne, Dennis Eliassen, Helena Bjerke og Eilov Andresen Gravdal

Ikkje av Bertolt Brechts beste tekstar, men observant og fornøyeleg, og SIT sin versjon er både velspela og underhaldande og gjer nesten meir ut av det enn Brechts tekst.

«Småborgerbryllup» (Die Kleinbürgerhochzeit) frå 1919 var eitt av dei første drama Bertolt Brecht skreiv då han var berre 21 år gamal. Nå har Studentersamfundets Interne Teater (SIT) sett det opp på Knaus, og det mest kritiske ein kan seie om denne produksjonen, er at teksten ikkje er av Brechts beste. Vi er, som tittelen syner, i eit småborgarbryllaup der alt skal vere såååå perfekt, men der ikkje noko går som dei ønskjer. Brecht har laga ein liten einaktars satire over det forfengelege småborgarskapet, sjølvopptekne og pretensiøse wannabees, men som når alt kjem til alt er ganske ynkelege. Brechts tekst er ein situasjonsrapport frå eit bryllaup ingen har vore i, men som alle kjenner seg att i. Det er artig og tatt på kornet, men heller ikkje så mykje meir.

Når SIT har vald å setje opp denne vesle, og litt svarte humoresken frå Brecht, har dei gjort det med mykje god og kreativ tenking. Biscena Knaus i Studentersamfundet er i utgangspunktet ei håplaus scene, men stort sett greier dei å få til ein slags teatersal med ei opphøgd scene. Denne gongen har dei tenkt heilt annleis, og det er blitt særs vellukka. Ettersom dei inviterer til bryllaup, er middagsbordet plassert midt i salen, og publikum sit ved småbord rundt det heile, som om vi var meir perifere bryllaupsgjestar. Scenografen Ola Singsdal har verkeleg fått det til. Og at vi er bryllaupsgjestar og ikkje teaterpublikum, blei ytterlegare understreka alt frå før framsyninga tok til. Medan vi venta utanfor Knaus, kom fleire av dei verkelege bryllaupsgjestene, helsa på, presenterte seg og lurte på kva slags relasjon vi hadde til brudeparet.

Så kjem vi inn, finn våre små bord, og det heile tek til. Som tittelen seier, er dette eit verkeleg småborgarbryllaup, så pretensiøst og i utgangspunktet perfeksjonistisk, men samstundes så totalt mislukka. Maria og Jacob, (Linn Tønnesen Kystvåg og Jacob Hågensen) har invitert til bryllaup heime i stova til Jacob. Han er ein handyman og har brukt fem månader på sjølv å snekre alle møbla (er det nokon i dagens mellomklasse som kjenner seg att?). Mora hans (Aasta Valen) står for den like heimelaga serveringa, og bruras far (Mikkel Angelo Anchissi Joner) er sjølvopptatt til det ekstreme og tek alt for stor plass. I tillegg er det fem gjestar, meir eller mindre udefinerte slektningar og venner. Det tar til med god stemning sjølv om bruras far alt frå første stund ikkje forstår at dette ikkje er hans fest, og at historiene hans er lange, inkjeseiande og utan poeng. Dottera er den første som freistar å stogge han, men etter kvart blir det heile festlydens oppgåve å avbryte han og pense drøset over på noko anna.

Hadde det berre vore med det, kunne dette ha blitt eit greitt gjestebod. Men så syner det seg raskt at her er mange som har ulike markeringsbehov. Det er ekteparet som tar konfliktane sine ut i det opne, det er mange som drikk alt for mykje, og det openberrar seg etter kvart eit vell av rare lagnadar, vondskap, perfide kommentarar og you name it. Til alt overmål syner det seg at brudgommens heimesnekring ikkje er heilt patent, og etter kvart som selskapet fell frå kvarandre, gjer også møblane det same. Alt dette er observant og fornøyeleg skildra frå Brecht si side.

I oppsetjinga til SIT har regissøren Konstanse Fjellvang tillate seg ei forsiktig, og særs heldig modernisering. Og eg må seie at ho i tillegg kjem uventa bra frå det dramaturgiske problemet ei slik oppsetjing byr på. Alle som har vore på nachspiel eller kleine festar, veit at på eitt eller anna tidspunkt fell det heile saman. Det gjer det sjølvsagt også i handlinga i denne forteljinga. Men Fjellvang har greidd å unngå at det skulle bli ein dramaturgisk nedtur. Og det er godt gjort. I staden har ho greidd å veksle fint mellom opp- og nedturar, der dei siste er i fleirtal, og utan at det blir kvileskjer eller at det fell saman dramaturgisk.

Regien hennar er stram og to the point. Eg veit sjølvsagt ikkje om det er personinstruksjon eller ei uvanleg god samling av dyktige skodespelarar, men her var det gjennomgåande gode prestasjonar, og utan snev av det overspelet som ofte blir resultatet hjå amatørar med litt for dårleg røynsle. Til vanleg plar eg framheve eit par av aktørane, men denne gongen måtte eg i så fall framheve alle ni, for her er det godt ensemblespel, presis timing, og ei mengd fine einskildprestasjonar. Om eg skulle peike på eit lite minus, så er det tidvis dårleg diksjon. Og når halvparten av aktørane sit med ryggen til salen, blir dette ekstra tydeleg. Men det er ein bagatell som bør vere enkelt å rette på i ei elles velspela og underhaldande framsyning som bør vere attkjenneleg for dei fleste av oss, sjølv om det sjeldan går så til helvete som denne gongen. Men så syner det seg at det gjer ikkje det likevel, men det er ei anna sak, og fleire spoiler alerts vil eg ikkje gi.

One Response to “Bryllaup til besvær”

  1. Truls sier:

    Takk for god og lynrask anmeldelse

Leave a Reply