Barytonens siste song

Hallbjørn Rønning (30. mai 1950 – 8. april 2023)

Hallbjørn Rønning
(30. mai 1950 – 8. april 2023)
Foto: Terje Visnes

For få dagar sia kom den triste meldinga om at skodespelaren Hallbjørn Rønning er død. Han hadde vore dårleg i mange år, men fysisk sterk som han var, kom han stadig attende. Og då han for berre eit par månader sia sette opp konsertframsyninga «Hello, I’m Johnny Cash» saman med Ivar Gafseth på Trøndelag Teater, var vi mange som trudde at nå hadde han vunne i alle fall ein førebels siger over kreften, og kunne sjå fram til å nyte gode dagar i livets haust saman med sine kjæraste og ikkje minst med skodespelarkollegaen og kona Wenche Strømdahl. Slik blei det ikkje. På slutten av speleperioden blei han dårleg, og påskeaftan sovna han roleg inn, berre 72 år gamal.

Hallbjørn Rønning var Trondheimsgut, og med unnatak av skodespelarutdanninga, som han tok ved Rogaland Teaters elevskule på første halvdel av 1970-talet, eitt år på Nordland Teater (1979-80) og to år på Hålogaland Teater (1986-88), har han vore ved Trøndelag Teater i alle år. Då han takka av med avskilsframsyninga «Vinterreise» hausten 2021, hadde han vore 46 år ved Trøndelag Teater. Ein institusjon var han blitt, og ein særs folkekjær og populær skodespelar.

For meg personleg har Hallbjørn Rønning betydd meir enn nokon annan skodespelar, og sjølv om vi aldri blei nære venner eller dyrka omgang, er det ingen som har vore meir avgjerande for mi teaterinteresse og det at eg tok til å skrive teatermeldingar. Då eg i 1978, som heilt nyutdanna arkitekt, tok eit år som journalist og blei tilsett som Klassekampens lokalkorrespondent i Trondheim, hadde eg kontor i Prinsens gate, nærast vegg i vegg med Trøndelag Teater. Det gjekk ikkje hus forbi for den unge og meir enn gjennomsnittleg politisk interesserte Hallbjørn Rønning som stendig kom innom meg i lunsjen. Gjennom desse møta og samtalane forstod eg raskt at skulle eg dekke alt mellom Stadhavet og Polarsirkelen (som var det ambisiøse programmet mitt), så måtte eg sjølvsagt også skrive om kultur og scenekunst. Ikkje etter påtrykk, – det var aldri Hallbjørn Rønnings metode, men etter overtydande samtalar med han, tok eg så smått til å skrive teatermeldingar, – og resten er historie. Det er eine og åleine Hallbjørn Rønnings forteneste at det blei slik.

«Cohen ganger ti»
Trøndelag Teater 2016

Gjennom den lange karrieren, frå 1970 til 2023, deltok Hallbjørn Rønning i meir enn 140 produksjonar. Han var ein allsidig skodespelar, meistra dei fleste sjangrar, og hadde i tillegg ein klangfull og god baryton. Som gamal popmusikar kunne han også traktere instrument. Uvanleg folkekjær var han også, og akkurat det såg vi tydeleg i 2016 då han sette opp teaterkonserten «Cohen ganger ti», ein hyllest til Leonard Cohens songar. Nesten heilt lik opphavsmannen, og med den same røysta, song han seg inn i publikums hjarte på eit vis som gjorde at framsyninga blei ein snakkis, gjekk for fulle hus og måtte setjast opp att året etter. Den behagelege og litt djupe stemma til Hallbjørn Rønning gjorde at han også blei mykje nytta til å lese inn lydbøker. Han var i tillegg av den gamle skulen der diksjon var heilt avgjerande for ein skodespelar, og dette førte så vidt eg hugsar til at busspassasjerane i Trondheim i mange år kunne gle seg over ein kjend, tydeleg, men umiskjenneleg trøndersk stemme som las opp haldeplassane.

«Takoradi – en sjømanns fortelling» Trøndelag Teater 2006

Men det er først og fremst som ein kompromisslaus og perfeksjonistisk skodespelar eg vil hugse Hallbjørn Rønning. Av dei mange produksjonane han har vore med i, har eg truleg sett meir enn halvparten, og jamvel om han har vore med i mange store oppsetjingar, også med berande roller, så er det likevel monologane der han i større grad fekk by på seg sjølv, som eg hugsar best. I 2006 sette Trøndelag Teater opp «Takoradi – en sjømanns fortelling», basert på monologen «Brenn draumane mine ved Callaos Rei» av Torvald Sund, og i regi av Rita Abrahamsen. Hallbjørn Rønning gløymde aldri røtene sine og kor han kom frå, og eg trur difor at denne framsyninga blei ganske personleg for han, og at det var med på å gjere at den blei så inderleg og autentisk. Det var ei overmåte sterk forteljing om sjømannslivet på godt og vondt, og kanskje mest på vondt. Det er ikkje ofte at produksjonane til Trøndelag Teater blir sende på turné, og i alle fall ikkje utanlands. Men «Takoradi» blei også sett opp i sjømannskyrkjene i Hamburg, Rotterdam og Antwerpen to år etter.

«Vinterreise»
Trøndelag Teater 2021

Den andre monologen som har brent seg fast i minnet mitt, er «Vinterreise», avskilsframsyninga hans frå hausten 2021, og som han skreiv sjølv. Hallbjørn Rønning var særs kunnskapsrik og kjende sine klassikarar. I denne vesle og smålåtne framsyninga ausa han med stor klokskap frå både historia, klassisk musikk, litteratur og filosofi. Samstundes som det var ei historisk reise gjennom bokbål, sensur og redsla for frie ytringar, frå Heinrich Heine til Tom Jones (!), blei det også ei sjølvbiografisk og ikkje minst sjølvironisk forteljing om det triste ved at verdsdramatikken ikkje er skriven for barytonar, og at der førsteelskarane alltid er tenorar, må barytonen ta til takke med skurkerolla. Hallbjørn Rønning gjekk alltid stille i dørene, og det var understatementa og det underfundige som var hans styrke. Slik også i «Vinterreise» som var ei vakker blanding av alvor og lun humor. Med musikalsk følgje av svogeren Jarl Strømdal, og i varsam regi av Jon Lockert Rohde, ga Hallbjørn Rønning oss her det avgjort beste eg har sett frå han, og det seier ikkje så lite. Eg skreiv den gongen:
«Teater kan vere politisk, musikalsk, underhaldande, lærerikt og ikkje minst overraskande. Denne vesle unnselege framsyninga hadde faktisk det meste.»

«Spring awakening»
Trøndelag Teater 2010

Hallbjørn Rønning var perfeksjonist, og ein som aldri let seg av vippe av pinnen. To gongar var han med i Frank Wedekinds «Vårløsning» eller «Spring awakening». Første gongen var i 1983, då han spela ein av ungdomane. Andre gongen var i 2010 då han spela ni vaksne menn, blant dei den autoritære læraren. I Kjersti Haugens regi blei det ein særs god oppsetjing. Faktisk så god at eg ville sjå den att mot slutten av speleperioden. Då fekk eg eit tips frå ein av skodespelarane som sa at om eg kom på siste framsyninga, så skulle dei freiste å setje ut Hallbjørn mot slutten av andre akt. Eg fekk meg billett ytst på første rad så eg såg scena litt frå sida. Mot slutten stod Hallbjørn Rønning med andletet mot publikum og heldt ein formanande tale til alle ungdomane som stod på scenekanten og med ryggen mot salen. Midt under denne talen tok alle elevane på seg lausnaser og bartar, usynleg for publikum, men særs synleg for Hallbjørn Rønning. Kva skjedde? Hallbjørn Rønning hadde som vanleg stålkontroll og let seg ikkje affisere. Ikkje det minste. Sjølv eg som visste kva som skulle skje, kunne ikkje sjå den minste reaksjon hjå han. Men blant dei yngre skodespelarane, dei som skulle setje han ut, var det fleire som sjølve knakk saman i lått. Nei, – det var fåfengd å tukle med Hallbjørn Rønning sjølv om mange forsøkte både før og etter denne episoden.

For eit snautt år sia braut Hallbjørn Rønning og kona Wenche Strømdahl opp frå Trondheim og flytta til Oslo for å være nærare sine kjæraste. Her skulle dei nyte pensjonisttilværet med gode og mindre hektiske dagar. Men slik blei det diverre ikkje. Med Hallbjørn Rønnings alt for tidlege død er ein framifrå og særs dedikert skodespelar, songar og regissør, og eit godt og kunnskapsrikt menneske gått ut av tida. Sjølv står eg i stor gjeld til Hallbjørn Rønning for at han var den som utløyste interessa mi for scenekunsten, men først og fremst for alle dei flotte opplevingane han har gitt meg gjennom så mange år.

Leave a Reply