Det finst hjelp

TEATER

KONTRASTFYLT: Ligg det ein kjærleik mellom mor og dotter i botn, trass alt? FOTO: ØYVIND MALUM

«Dragen»
Turnéteatret i Trøndelag, Verdal
Av: Gro Dahle
Dramatisering og regi: Hilde Brinchmann
Komponist: Eirik Myhr
Scenografi: Signe Gerda Landfald
Kostyme og masker: Helena Andersson
Lysdesign: Simen Høy Aasheim
Med: Nora Andvig, Janne Starup Bønes og Martin Karelius Østensen

Ei varm, mangefasettert og opplevingsrik framsyning om eit vanskeleg tema.

Mange barn veks diverre opp i ein heim der frykta for kva foreldra kan finne på rår. Om dette har Gro Dahle skrive fleire gode barnebøker. For nærare tjue år sia kom boka «Sinna mann», og i 2018 kom oppfølgjaren, «Dragen». Lilli er ei lita jente som bur saman med mor si. Men mora er sjølvopptatt, og med eit særs skiftande temperament. For Lilli framstår ho som ein heilt uføreseieleg eldsprutande drake.

Nå har Hilde Brinchmann dramatisert boka, og i hennar eigen regi og i eit samarbeid mellom Turnéteatret i Trøndelag og Tigerstadsteatret, var det laurdag urpremiere på framsyninga i Verdal. Det er blitt ei lita, men velspela, varm og særs visuell og opplevingsrik framsyning om eit vanskeleg tema.

Som publikum blir vi tekne med til huset til Lilli, og like etter kjem Lilli (Nora Andvig) frå skulen, skvett når ho ser oss og fortel at ho ikkje vågar å ta med nokon heim for ho veit aldri i kva for humør mora er. Men kanskje Lilli kan bli tøffare om vi blir med? Då må vi vere musestille, for mora søv og likar ikkje å bli vekt. Så vaknar ho (Janne Starup Bønes) likevel, og det er inga vanleg mor, men ein verkeleg drake i eit fantasirikt kostyme som kjem ut i stova. At dette ikkje er noko kosedyr forstår vi raskt, for her er det rein psykisk terror der Lilli blir låst inn og hundsa med. Det er enkelt å forstå og identifisere seg med Lilli som etter kvart også syner kreative evner. Ho klistrar opp plakatar for å be om hjelp, og medan mora søv, dukkar ein sjarmerande og litt komisk draketemmar (Martin Karelius Østensen) opp. I eit minst like fantasirikt kostyme, som ein mellomaldersk riddar, fortel han om alle drakane han har temt, ikkje utan kostnad, men han har fått det til. Etter litt info frå Lilli stiller han raskt diagnosen, – vi snakkar om ein 42 år gamal lydsensitiv drake med lang snute og stutt lunte. Og som ein kombinert draketemmar og terapeut går han til verket.

DRAKETEMMAR: Det trengst forsiktig tilnærming, solide terapeutiske evner og mykje øving for å kunne temme ein drake. FOTO: ØYVIND MALUM

Meir skal eg ikkje røpe, men sjølv om det går godt til slutt, er ikkje vegen fram enkel, og det krevst mykje øving og opplæring i sjølvkontroll. Røyndomen er nok neppe like enkel for alle barna som lever i evig frykt, men framsyninga viser at det kan vere ein veg ut.

Tekstgrunnlaget er ei lita bildebok for dei yngste, og historia er nesten banal og kanskje i enklaste laget. Men nokre gongar kan det vere nok. For i det universet Brinchmann har skapt, blir forteljinga så fargerik, mangefasettert og varm at den relativt stutte framsyninga likevel blir ei rik teateroppleving. Premierer på barneframsyningar har ofte så mange vaksne i salen at det er vanskeleg å lodde stemninga blant ungane. Slik var det ikkje her. Det var kontakt og deltaking frå første stund, og ei herleg blanding av hyl, skrekk, latter og kommentarar. Og alvoret låg der likevel heile tida, for draketemmaren hadde næringsvit og delte ut visittkort med naudsynt kontaktinfo etter framsyninga.

SOLID DEBUT: Nora Andvig er både truverdig og overtydande som ungjenta Lilli i det vanskelege spennet mellom redsla for draken og kjærleiken til mora. FOTO: ØYVIND MALUM

For dei som har sett Hilde Brinchmanns prisvinnande oppsetjing av «Mio, min Mio» for nokre år sia, er dette mykje av det same, magiske universet. Signe Gerda Landfalds scenografi er veggar som enkelt kan brettast ut og attende, og publikum sit i scenografien og blir del av han. Med Simen Høy Åsheims utsøkte lyssetjing blir det trass i enkel scenografi, skapt mange og spennande rom og effektar. Musikken til Eirik Myhr er ekstra stemningsskapande, og maskene og kostyma til Helena Andersson er ei teateroppleving i seg sjølv. Det er som sagt ei enkel historie, men ved hjelp av alle desse audiovisuelle elementa, stram dramaturgi og god personinstruksjon har Brinchmann laga noko langt meir av forteljinga. Det skuldast ikkje minst dei tre på scena. Janne Starup Bønes er overtydande som den terroriserande draken som inst inne likevel er glad i dotter si. Martin Karelius Østensen er herleg sjarmerande som den noko anakronistiske draketemmaren. Og Nora Andvig syner i si debutframsyning som profesjonell skodespelar eit rikt register, stort scenisk nærvær og ein imponerande evne til å få publikum i tale.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 7. mars 2023.)

Leave a Reply