Lagnadens ferjeleie

TEATER

GÅTEFULLT: I eit sjellaust venterom på eit ferjeleie er det etter kvart ikkje så godt å seie kva det er menneska ventar på. FOTO: ERIK BIRKELAND/TINGH

«Danse med skjebnen»
Teatret Vårt, Molde
Av: Vidar Kvalshaug
Omsetjing og attdikting av songtekstar: Eli Stålhand
Musikk: Dance With a Stranger
Regi: Hanne Tømta
Scenografi: Nora Furuholmen
Koreografi: Eli Stålhand
Lysdesign: Jonas P A Fuglseth
Musikalsk ansvarleg: Rune Tylden og Simon Revholt
Musikarar: Rune Tylden, Øystein Sandbukt, Sindre Klykken og Jo Inge Nes
Med: Eli Stålhand, Lars Melsæter Rydjord og Svein Solenes

I eit venterom på eit ferjeleie møter vi tre gåtefulle menneske i lengt og på vent, men etter kva?

For to år sia sette Teatret Vårt opp «Virvelvind», basert på musikken til Ane Brun. Det blei både ei hyllest til Moldes bysbarn og ei framsyning som stod fjellstøtt som teater på eigne bein. Nå har dei tatt fatt i det musikalske universet til nordmørsgruppa Dance With a Stranger, og nok ein gong er det blitt solid dramatikk, og ikkje noko publikumsfrieri med populærmusikk. Vidar Kvalshaug har skrive ein gåtefull og fengslande tekst med uendeleg mange lag, Eli Stålhand har omsett og gjendikta songtekstane til nordmørsk, og i Hanne Tømtas stramme regi er det blitt ei humoristisk, litt surrealistisk og ganske mollstemd framsyning om ulike utgåver av mellom anna lagnad, lengt og overfart.

I Nora Furuholmens scenografi er vi i venterommet på eit ferjeleie ein sein kveld. Rommet er akkurat så smaklaust som slike rom plar vere. Fire menn, som etter kvart viser seg å vere musikarane, sit og halvsøv. Ein ferjemann (Lars Melsæter Rydjord) fortel at her er det han som rår, og inga ferje får gå utan hans godkjenning. Så kjem kafévertinna (Eli Stålhand) inn og opnar kaféen før den einaste reisande (Svein Solenes) dukkar opp med eit klårt ønske om å kome seg over til den andre sida fortast mogeleg.

I ei herleg blanding av musikalske innslag, surrealistisk koreografi, og kvardagsfilosofisk smalltalk, byggjer Hanne Tømta opp ei framsyning der overraskingane er mange, og metaforane sit laust. Vi forstår raskt at her er det like fort tale om ei draumeverd som tradisjonell realisme, og første akt gir eit utal frampeik utan eintydige svar. Når tida går og alle ventar, blir det ofte inkjeseiande samtalar der nokre også lettar litt på sine inste tankar, sjølv om det er til tilsynelatande heilt framande.

Slik byggjer Tømta opp ein sinnrik dramaturgi med lett attkjennelege scener. Vi trur vi er på ei ferjekai der siste båt er gått for kvelden. Eller kanskje har dei slutta heilt å gå? Eller? Det er absurd, humoristisk og ikkje minst gåtefullt.

Så kjem andre akt med nye vendingar. Dei tre er likevel ikkje så framande for kvarandre, og brikker til å forstå kjem på plass. Samstundes dukkar det opp eit utal nye. Tolkingane er fullstendig legio, og det er det som gjer denne oppsetjinga så spennande. Eg seier ikkje meir, sjølv om eg har mi klåre forståing. Trur eg. For det gåtefulle ved denne framsyninga er sjølve opplevinga.

Vidar Kvalshaug har skrive eit drama med god og underfundig tekst. Framsyninga er eit sjølvstendig stykke teater der songane berre er ein utfyllande og understrekande ingrediens. Visste ein ikkje betre, kunne ein tru musikken, og spesielt tekstane, var skrivne for denne produksjonen. Det skuldast i stor mon den dyktige omsetjinga og gjendiktinga som Eli Stålhand har gjort. Ho har også koreografert dei ulike surrealistiske danseinnslaga. Saman med Lars Melsæter Rydjord og Svein Solenes gir ho oss eit tett, presist, overraskande og fengslande ensemblespel. Med trygg dialektbruk, overtydande spel og ikkje minst gode songprestasjonar blir det eit kammerspel av høgste klasse. Dei fire musikarane er, som anonyme reisande, nærast del av kulissene. Dei deltek med forsiktig spel, og leverer solid tonefølgje når det trengst. Kapellmeisteren Rune Tylden har saman med Simon Revholt arrangert musikken på eit vis som kler framsyninga og som kanskje er litt blåare og meir mollstemd enn originalen.

Med Vidar Kvalshaugs underfundige tekst og Hanne Tømtas stramme regi og solide dramaturgiske oppbygging, er «Danse med skjebnen» blitt ein skikkeleg konfekt av ei teaterframsyning.

(Meldinga stod i Klassekampen torsdag den 16. mars 2023.)

Leave a Reply